Fly frå Bergen, Oslo, Stavanger og Trondheim til Vágar lufthamn på Færøyane. Frå Vágar blir vi frakta gjennom vakkert landskap til hotellet vårt i Tórshavn. Lunsj er ikkje inkludert på reisa denne dagen, så det er viktig å tenkje på å ete undervegs på reisa eller på Gardemoen før avreise.
På veg til Tórshavn tek bussen ein kort avstikkar til Kirkjubøur der vi får lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóhannes Patursson. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her voks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus-katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg kongsgarden som har høyrt til den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha komme frå Kaupanger i Sogn.
Vi sjekkar inn på hotellet i Tórshavn og møtest til middag på hotellet om kvelden.
(M)
Etter frukost legg vi opp til ei vandring saman med Kirsti Jareg frå hotellet og til Tinganes, det historiske sentrum i Tórshavn. Her har det vorte halde ting heilt sidan vikingtida, og det er her den færøyske regjeringa har sitt sete i dag. Området ligg vakkert til på eit nes mellom to hamner og er prega av smale gater og raudmåla trebygningar. Ein spasertur gjennom Tinganes er som ei reise tilbake i tid.
Elles har Tórshavn fleire små nisjebutikkar i sentrum som sel lokale varar som ullprodukt, kunsthandverk og lokal design. Kanskje vil du ta deg tid til å handle litt?
Nordens Hus er også verdt eit besøk. Dette er eit kulturhus med fokus på nordisk musikk, kunst og litteratur. Sjølve huset er ein attraksjon i seg sjølv, då det er designa med både norsk granitt, finske møblar og svensk treverk, for å nemne noko. Det er også ein koseleg kafé her. I nærleiken ligg også Listasavn Færøya, nasjonalgalleriet, med ei spannande samling færøysk kunst, som skildrar naturen og historia til øya. Lunsj på eiga hand.
Ein kan også bli med Kirsti Jareg til det spennande Nasjonalmuseet.
Middag på eiga hand eller saman med reiseleiar. Tórshavn er kjend for å ha mange ulike kaféar og restaurantar, og spør gjerne reiseleiar eller Kirsti Jareg om tips. Hotellet har også eigen restaurant.
(F)
Vi startar dagen med ein god frukost. Deretter reiser vi på ein ugløymande guida busstur i eit fantastisk landskap. Turen går først over til Esturoy og til den vesle bygda Gjógv, som har ei heilt utrulege flott naturhamn. Her har dei Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. På denne strekninga passerer vi det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er 880 meter høgt. Ute i havet kan vi, om veret tillét det, betrakte dei berømte steinformasjonane Risin og Kellingin.
Etter Gjógv går turen i retning øya Borðoy og Klaksvík som er den nest største byen på Færøyane. På vegen passerer vi stader som Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned. Det blir lunsj i Klaksvik.
Etter lunsj køyrer vi sørover att i retning Tórshavn. I Gøtugjógv med Gøtu Kirkja stoppar vi for å sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.
Middag på eiga hand eller saman med reiseleiar.
(F, L)
Etter frukost vil det bli eit foredrag med Kirsti MacDonald Jareg på hotellet.
Etter foredraget kan ein utforske Torshavn på eiga hand eller bli med på ei halvdagsutflukt til Vestmanna (mogleg val mot tillegg i pris). I båt vil vi utforske dei flotte fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten førar oss tett opp til dei stupbratte klippene og inn i grotter. Dette er ei utruleg oppleving! Sjølve båtturen tek to timar.
Middag på eige hand eller saman med reiseleiar.
(F)

Dette er dagen for heimreisa. Før vi dreg til flyplassen, køyrer vi innom Kvívík. Vi stoppar ved dei arkeologiske utgravingane av to langhus frå vikingtida. Dette er eitt av dei mest interessante historiske funna på Færøyane og gir eit konkret innblikk i korleis dei første busetjarane levde.
Bussen tek oss deretter vidare til flyplassen, og vi vendar heimover.
(F)