Vi reiser frå Oslo via København til Washington D.C. Vel framme blir det felles busstransport til hotellet, som ligg sentralt i byen. Etter innsjekkinga blir det litt fritid for å finne seg til rette etter reisa før vi samlast til felles middag. Her gir vi ei innleiing om turen og dagane som ventar.
(M)
Etter ein god frukost ventar ein dag som gir ei brei innføring om Washington D.C. – både som politisk maktsentrum og som symbolsk hovudstad for den amerikanske republikken.
Vi ruslar ned til United States Capitol, ofte kalla «the Hill» i daglegtale. Det er her USAs lovgjevande makt held til, og bygningen har i over 200 år vore eit fysisk uttrykk for folkestyre, maktbalanse og representasjon.
Storminga av Kongressen den 6. januar 2021 ligg framleis friskt i minnet. Etter at president Donald Trump hevda at valet var «stole», tok hendingane ei dramatisk vending. For mange vart dette sett på som eit alvorleg angrep på demokratiet og dei konstitusjonelle institusjonane. Staden gir difor eit naturleg utgangspunkt for samtalar om tillit, makt, desinformasjon og kva demokrati eigentleg betyr i dagens USA.
Når vi snur oss frå Capitol, opnar National Mall seg framfor oss, ofte omtala som USAs storstove. Midt i aksen reiser den 169 meter høge obelisken Washington Monument seg, reist til minne om USAs første president og landsfader George Washington. Monumentet bind saman dei politiske institusjonane med dei store minnesmerka og viser korleis historie, ideal og makt er vevd tett saman i byrommet.
Vi tek oss god tid til lunsj på eiga hand, anten ein ønskjer å ete ute i byen eller på eitt av dei mange serveringsstadene i dei ulike Smithsonian musea som ligg langs National Mall. Her anbefaler vi særleg ei runde i National Museum of American History, der ein gjennom utstillingar om politikk, kultur og kvardagsliv får eit breiare bilete av korleis den amerikanske identiteten har vorte forma.
Vi møtest igjen og spaserer i retning mot Det kvite huset. På ettermiddagen samlast vi på hotellet til den første “liveinnspelinga” av Det store bildet, med Eirik og Sofie.
(F)
Etter ein god frukost går dagens utflukt til Georgetown, ein av dei eldste og mest særmerkte bydelane i Washington. Med brusteinsgater, gamle hamner og elegante byhus, har området i fleire hundre år vore ein møteplass for politikk, presse og akademia.
Eirik fortel oss om den politiske og journalistiske historia i bydelen, frå tida då Georgetown var ein sjølvstendig hamneby, via framveksten av ein mektig presseelite, til rolla området har hatt som ein meir diskret, men viktig arena for uformelle politiske møte. Her har senatorar, rådgjevarar og journalistar møtt kvarandre utanfor dei formelle rammene i Det kvite huset og Kongressen.
Sofie tek oss vidare inn i historia til Georgetown University, eitt av dei eldste katolske universiteta i USA. Universitetet har hatt ei sentral rolle i amerikansk samfunnsliv, særleg innan jus, diplomati og internasjonal politikk. Mange av dei som har forma USAs utanrikspolitikk, har studert nettopp her.
Under vandringa stoppar vi òg ved Martin’s Tavern, ein klassisk institusjon i bydelen. Det var her John F. Kennedy fridde til Jacqueline Kennedy Onassis i 1953. Restauranten har sidan vore ein fast møteplass for politikarar, journalistar og maktpersonar, eit godt døme på korleis viktige avgjerder ofte blir tekne over eit bord, heller enn i ein formell sal.
Midt på dagen tek vi oss god tid til lunsj og til å utforske Georgetown på eiga hand, anten ein ønskjer å gå i bokhandlar, setje seg på ein kafé eller berre ta inn stemninga i ein bydel der historia ligg tett i veggane.
På ettermiddagen går turen vidare til Arlington National Cemetery. Mellom dei kvite gravsteinane, med Kennedy-gravene som eit sentralt stopp, tek vi for oss tema som krig, offer og amerikansk nasjonal minnekultur.
Bussen tek oss tilbake til hotellet seint på ettermiddagen. Middag på eiga hand denne kvelden.
(F)
På USAs nasjonaldag reiser vi med buss til Philadelphia, sjølve fødestaden til den amerikanske republikken. Det var her dei store ideane om fridom, sjølvstyre og folkesuverenitet tok form, i ei tid då dei fleste statar framleis vart styrte av kongar og imperium.
Vel framme blir det ei historisk vandring i dei sentrale delane av gamlebyen, Old City. Her ligg dei viktigaste stadene i amerikansk politisk historie innanfor nokre få kvartal.
Vi besøkjer Independence Hall, der Uavhengingheitserklæringa i 1776 og Grunnlova i 1787 vart utforma. Her får vi innblikk i dei intense diskusjonane, dei djupe konfliktane og dei avgjerande kompromissa, som låg til grunn for det politiske prosjektet USA. Spørsmål om maktfordeling, representasjon, slaveri og statane si rolle vart ikkje løyste fullt ut, men lagt til side i håp om at framtida ville finne svar.
Like ved stoppar vi ved Liberty Bell, eitt av dei sterkaste symbola på amerikansk fridomsideologi – men òg eit symbol som seinare har blitt brukt av både borgarrettsrørsla og andre som har peikt på gapet mellom ideal og røyndom.
Det blir og tid til å sjå Congress Hall, der den amerikanske kongressen sat i dei første åra, og Declaration House, der Thomas Jefferson skreiv delar av Uavhengigheitserklæringa . Slik får vi eit heilskapleg bilete av korleis ideane vart til, både i offentlege forsamlingar og i private rom.
Vi et ein god lunsj, før programmet held fram på ettermiddagen.
Ramma rundt dagen gjer den særleg godt eigna for den andre “liveinnspelinga” av Det store bildet. Midt i feiringa av uavhengigheita knyter vi saman dei opphavlege ideala frå 1700-talet med historia som følgde med borgarkrig, borgarrettar, supermakt og intern splitting, og får høyre korleis desse ideane verkar, blir utfordra og tolkast i dagens USA.
På kvelden returnerer vi til Washington og har tid til middag på eiga hand.
(F, L)
Vi startar dagen med ein lang frukost, før dagens program tek oss til den vestlege delen av byen.
Første stopp er Lincoln Memorial, minnesmerket over president Abraham Lincoln. Han leia landet gjennom borgarkrigen og innførte forbod mot slaveriet i 1863, i ei tid då nasjonen stod nær oppløysing. Minnesmerket er ikkje berre ei hyllest til ein president, men eit monument over kampen for å halde saman eit splitta land.
Det var her, på trappa framfor Lincoln-monumentet at Martin Luther King Jr. heldt den verdskjende «I Have a Dream»-talen i 1963 – hundre år etter at slaveriet formelt vart avskaffa.
Vidare går vi til Vietnam Veterans Memorial, ofte kalla Vietnam-veggen. Dei svarte granittplatene med over 58 000 namn gir eit sterkt og stillferdig møte med krigens kostnader, og med eit kapittel i amerikansk historie prega av tvil, protestar og tap av tillit til styresmaktene.
Like ved ligg Korean War Veterans Memorial, eit monument som løftar fram ein ofte gløymd krig, men som like fullt var avgjerande for den kalde krigens vidare utvikling. Her blir vi minna om korleis globale ideologiske konfliktar har sett djupe spor, også langt frå amerikansk jord.
Turen held fram til Martin Luther King Jr. Memorial, der bodskapen om ikkje-vald, rettferd og moralsk ansvar står sentralt. Minnesmerket markerer korleis borgarrettsrørsla har fått ein permanent plass i den nasjonale forteljinga.
Vi avsluttar vandringa langs Tidal Basin, den kunstige dammen som bind saman fleire av hovudstadens viktigaste minnesmerke.
Det blir god tid til lunsj og resten av ettermiddagen på eiga hand, med høve til vidare utforsking av byen.
På kvelden samlast vi til ein avslutningsmiddag, der vi oppsummerer reisa i fellesskap.
(F, M)
Føremiddagen er til fri disposisjon. Dette gir høve til ein siste rusletur i byen, eit siste museumsbesøk, ein kaffipause eller berre tid til eigne refleksjonar etter dagane vi har delt saman. Seinare tek bussen oss til flyplassen, og vi reiser samla heim til Noreg via København.
(F)
Vi reiser over natta og er framme i Norge neste dag.