Vi landar i Berlin tidleg ettermiddag og reiser vidare med buss direkte til Dresden.
Undervegs vil Arild Erikstad fortelje om opplevingane som ventar oss dei komande dagane, med særleg fokus på Bachs juleoratorium i Frauenkirche og Puccinis La Bohème i Semperoper (mogleg val med i tilllegg til pris).
Dresden er hovudstaden i delstaten Sachsen. Byen var ein gong rekna som ein av dei vakraste i Nord-Europa og fekk tilnamnet «Elbflorenz». Mot slutten av andre verdskrigen i 1945 vart byen bomba, og store delar av sentrum vart lagde i ruinar. Trass i dei omfattande øydeleggingane har Dresden reist seg att, og i dag står gamlebyen fram som eit imponerande utstillingsvindauge for europeisk arkitektur og kulturarv.
Vi sjekkar inn på hotellet vårt i sentrum, og samlast om kvelden til felles middag.
(M)
Etter frukost møter vi den lokale guiden vår, som tek oss med på ei spennande vandring gjennom Dresdens historiske sentrum. Undervegs får vi høyre om den imponerande gjenreisinga etter krigen, og får sjå fleire av byens mest kjende attraksjonar.
På julemarknaden Striezelmarkt finn vi handverk, lokale delikateser, gløgg og den berømte Dresdner Christstollen.
Vi avsluttar vandringa med felles lunsj på ein god restaurant.
Om kvelden samlast vi for avreise til Frauenkirche, der vi skal høyre Bachs juleoratorium.
Bachs juleoratorium (Weihnachtsoratorium) er eitt av dei viktigaste verka innan vestleg kyrkjemusikk, komponert av Johann Sebastian Bach i 1734. På dette tidspunktet var Bach kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig, der han hadde ansvar for kyrkjemusikken gjennom heile året.
Juleoratoriet vart skrive for julehøgtida 1734–1735, og var opphavleg ikkje meint som éin samanhengande konsert slik vi ofte høyrer det i dag. Verket består av seks separate kantatar, som skulle framførast på ulike heilagdagar mellom første juledag og heilagtrekongarsdag.
Bach gjesta ofte Dresden og heldt store konsertar der. Sidan hans tid har byen vore eit musikalsk sentrum med orkester og opera i verdsklasse, eit nivå vi framleis finn i dag.
(F,L)

Etter frukost kan dagen nytast i eige tempo. Du disponerer dagen fritt til å utforske julemarknader, besøkje kyrkjer og museum, eller berre nyte den stemningsfulle atmosfæren i den historiske gamlebyen.
Dei som har meldt seg på Puccinis La Bohème, møtest om kvelden for felles avgang til operahuset Semperoper.
La Bohème er ein av verdas mest elska operaer og eit hovudverk innan den italienske operatradisjonen. Operaen vart komponert av Giacomo Puccini og hadde urpremiere 1. februar 1896 ved Teatro Regio i Torino. Verket blir framført i verdskjende Semperoper, som er rekna som eitt av Europas vakraste operahus. Her får vi oppleve Puccinis gripande meisterverk om kjærleik, vennskap og kunstnarlivets gleder og sorger. Dei praktfulle omgjevnadene legg til rette for ein uforgløymeleg operakveld i verdsklasse.
(F)
Nyt ein roleg morgon med frukost og tid til ein siste spasertur i byen, og kanskje med dei siste juleinnkjøpa i bagasjen.
(F, L)