Fly frå Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til Frankfurt. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Buss frå Frankfurt til Cochem ved Mosel-elva (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise), der vi får tildelt lugarane våre om bord på elvebåten, MS Monet. Under velkomstcocktailen blir vi litt betre kjende og blir presenterte for kapteinen og mannskapet, og etter middag samlast vi i loungen for velkomstmøte og dei første kåseria frå Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde.
Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta over landskapet som sakte glir forbi. Det er også gratis Wi-Fi om bord.
(M)
Vesle Cochem med berre fem tusen innbyggjarar ligg nydeleg til ved Mosel-elva og blir rekna som ein av dei vakraste landsbyane i Tyskland. Etter frukost har vi god tid til i sentrum som er kjent for sine smale, svingete gater og sjarmerande bindingsverkshus med skifertak. Slottet over byen ligg nydeleg til med vinmarker rundt, og er også vel verd eit besøk.
Etter lunsj får vi dagens kåseri av Sylfest og Rasmus før vi fortset ferda vår på elva Mosel mot Alken. Undervegs passerer vi sjarmerande landsbyar, vinmarker og det som ser ut som eit slott på kvar topp. Vi legg til i Alken tidleg om kvelden, og her kan ein velje om ein vil utforske den vesle landsbyen sjølv eller vere med på ein guida tur arrangert av rederiet (mogeleg val mot tillegg i prisen) opp til det kjende Thurant-slottet med flott utsikt over Mosel-elva. Denne natta forlet vi Mosel og seglar inn på Rhinen ved byen, Koblenz.
(F, L, M)
Etter frukost er vi klare til å utforske Boppard. Byen med sine 15 000 innbyggjarar er ein god del større enn Cochem, så her er det fleire butikka, kafear og restaurantar. Ein av hovudattraksjonane i byen er det romerske fortet som ligg midt i sentrum. Det blir rekna som det beste eksempelet på eit romersk kastell i Tyskland, og ligg utandørs, tilgjengeleg for alle. Etter nokre timar i denne historiske byen mønstrar vi på båten igjen som tek oss sørover Rhinen mot den kjende Lorelei-klippa.
Etter lunsj blir det eit nye kåseri av Rasmus Sunde og Sylfest Lomheim. Resten av ettermiddagen sig vi sakte gjennom den vakre og romantiske Rhindalen. Vi seglar forbi majestetiske slott, historiske landskap, kjende vinmarker og den myteomspunne Lorelei-klippa. Ifølgje ei soge frå mellomalderen sat den vakre Lorelei på klippa og song så vakkert at skipperane på elvebåtane vart dregne mot dei farlege straumane og forliste. I den tyske romantikken tidleg på 1800-talet vart denne soga inspirasjon for både målarar og forfattarar.
Om kvelden kjem vi fram til livlege Rüdesheim. Her finn ein spor etter vindyrking heilt tilbake til folkevandringstida, og vinmaking er saman med turisme den største næringa i byen. Vi anbefaler å ta ein tur saman med reiseleiarane til den sjarmerande gata, Drosselgasse, med sine mange kaféar og barar denne kvelden.
Rett over Rhinen frå Rüdesheim ligg Bingen am Rhein, der Hildegard frå Bingen (1098-1179) kom frå. Ho blir av mange rekna som den viktigaste kvinna i mellomalderen, og ho var både forfattar, lege, filosof og komponist. Musikken hennar er blant verdas mest spelte av det som er komponert i mellomalderen.
Avreise mot Mainz om kvelden. Undervegs passerer vi sjarmerande landsbyar, vinmarker, vakre slott og borger. Vi legg til i Mainz, den største byen i delstaten Rheinland-Pfalz, i løpet av natta.
(F, L, M)
Mainz er ein av dei eldste byane i Tyskland og er på størrelse med Bergen. Her møtest Rhinen og sideelva Main. Byen vart grunnlagd av romarane i år 13 f.Kr., og var hovudstaden i den romerske provinsen Germania Superior.
Den mest kjende borgaren av Mainz var Johannes Gutenberg som fann opp boktrykkarkunsten og trykte den berømte 42-linjers bibelen sin på latin i Mainz i 1455. Eit besøk på det gode Gutenberg-museet er verkeleg å anbefale, og vi kjem sannsynlegvis til å ordne gruppebillettar dit i god tid før avreise. Meir info om dette kjem seinare. Museet er eit av verdas eldste (1900), og ein kan sjå eksempel på dei første trykte biblane, og andre publikasjonar, i tillegg til utstyr som vart brukt i trykkeprosessen.
Napoleon var glad i Mainz, og etter den franske overtakinga av byen tok han den med på lista si over dei 36 viktigaste byane i Frankrike. Paradegata "Grande Rue Napoléon" vart bygd, og den eksisterer framleis, men heiter no "Ludwigsstraße". Elles er spora etter fransketida mindre her enn i grensebyen, Strasbourg.
Mainz er ein triveleg by med mange hyggelege kafear og restaurantar, og vi får god tid til å vandre rundt i gamlebyen, der vi kan anbefale torget ved St. Martin-katerdralen. Spesielt når det er marknadsdagar, er det eit yrande liv her.
Før middag får vi dagens kåseri av Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde før vi fortset ferda vår på Rhinen mot Strasbourg. Denne siste kvelden saman er det galla-kveld om bord, og vi får servert ein flott 4-rettars middag.
(F, L, M)
Etter ein god frukost får vi litt tid i Strasbourg før dei som har bestilt turen utan ekstra dag, tek bussen til flyplassen.
Alsace er ein smeltedigel av fransk og tysk kultur, og området har veksla mellom å ligge under dei to landa. Dei som vel å bli ein ekstra dag i Strasbourg, kan følgje med reiseleiarane inn til bysentrum.. Her er det lett å finne seg eit fortausbord og nyte livet med noko godt i glaset – gjerne med kaka Kugelhopf til, laga av brioche, og ofte med kirsebær eller mandlar. Tradisjonsmaten er i det heile påverka av tyske rettar, som Strasbourg sin eigen versjon av sauerkraut - choucroute garnie.
Vi vil også anbefale å ta turen for å sjå dei imponerande moderne bygningane som husar Europaparlamentet, Europa-rådet og Den europeiske menneskerettsdomstolen, samt fleire andre institusjonar. På mange måtar er Strasbourg Europas hovudstad.
Om kvelden kan dei som vil, bli med reiseleiarane til middag på hotellet eller ein koseleg restaurant i nærleiken.
(F)
Etter frukost på hotellet er vi (dei som har bestilt ein ekstra dag) klare for ein tur til gamlebyen "La Petite France" før bussen tek oss til flyplassen.
Gamlebyen er som henta frå eit eventyr, med kanalar, blomstrande balkongar og bindingsverkshus. Her finn ein også fleire praktbygg frå mellomalderen, som den imponerande gotiske Cathédrale de Notre-Dame (påbegynt i 1015), med fargerike glasmåleri, eit verdskjend astronomisk klokkeverk og eit tårn som når 142 meter over bakken. Her heldt det tidlegare til fiskarar, garvarar og møllarar, omkransa av gamle alsaciske renessansehus, og området er no Unesco-lista. I nærleiken ligg òg Musée d'Art Moderne et Contemporain, med kunst frå 1860-åra og framover.
Buss til flyplassen i Frankfurt og fly heim igjen til Stavanger, Trondheim, Bergen og Oslo. Tilknyting til andre byar på førespurnad.
(F)