
13 . - 17. oktober 2026.
Velkommen med på eit stemningsfullt elvecruise på Mosel og Rhinen – gjennom nokre av dei mest kjende vindistrikta i Europa. Frå idylliske Cochem ved Mosel til historiske Strasbourg i Alsace reiser vi gjennom eit landskap prega av bratte vinmarker, sjarmerande vinlandsbyar, middelalderborger og stolte vintradisjonar.
Med på heile turen er vinkjennar Svein Sandvold, som er utdanna vinkelner med over 40 års erfaring frå hotell- og restaurantbransjen. Gjennom eit langt yrkesliv har han halde vinkurs for bedrifter og private, arrangert vinturar i inn- og utland og arbeidd med kombinasjonen av mat og vin. Han han også utdanna ei rekke servitørar i sine år som lærar på servitørlinje i vidaregåande opplæring. Undervegs på cruiset vil Svein dele av sine kunnskapar om vinproduksjon, druetypar, vinområde og samspelet mellom mat og vin. Det blir foredrag, vinsmakingar og samtalar om bord, i tillegg til utvalde vinopplevingar på land.
På elvecruiset bur vi på MS Monet, ein elvebåt med 78 utvendige lugarar. Alle lugarane har bad med dusj, hårfønar, TV, safe og aircondition. Måltid og drikke om bord er inkludert.
Fotefar har heile båten for seg sjølv, så vi blir fleire grupper, og ein fin gjeng som skaper ei hyggeleg og sosial ramme rundt turen.


 castle on the Moselle river.jpeg)

























