Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 12. november - Velkomen om bord i Lyon

    Flyet går frå Noreg til Lyon eller Geneve (med mellomlanding for begge destinasjonar). Det er også mogleg å kjøpe turen utan fly og møte gruppa ved skipet.

    Når vi har funne oss til rette i lugarane, ønskjer kapteinen og mannskapet oss velkomne. Merete og Finn tek imot oss med ein aperitiff, før vi samlast til den første middagen saman om bord. Skipet seglar gjennom natta.

    (M)

  • Dag 2: Laurdag 13. november - Sørover mot Avignon

    Vi vaknar om bord medan skipet seglar sørover gjennom Rhône-dalen. Landskapet endrar seg undervegs, frå dei bratte vinterrassane i nord til eit meir ope landskap i sør.

    Om føremiddagen samlar Merete og Finn oss til den første innføringa i det kulinariske Rhône. Kva skil dei nordlege syrah-vinane frå dei sørlege blandingsvinane, og kvifor er Rhône eitt av dei mest spennande vinområda i Frankrike akkurat no? Her får vi grunnlaget for alt vi skal smake resten av veka. Og alt dette med eit humoristisk skråblikk frå Finn Tokvam.

    Om ettermiddagen kjem vi fram til Avignon, byen der pavane heldt hoff på 1300-talet. Her kan ein velje mellom to moglege val. Det eine er ei guida omvising i byen og i det mektige pavepalasset (mogleg val mot tillegg i prisen), det andre er ein tur i buss til Pont du Gard (mogleg val mot tillegg i prisen).

    Pont du Gard er eitt av dei best bevarte byggverka i området etter romarane. Akvedukten vart bygd i det første hundreåret etter Kristus og frakta vatn frå kjeldene ved byen Uzès heilt til byen Nîmes. Med tre etasjar og nær 50 meter over elva Gardon er Pont du Gard framleis like imponerande, nesten 2000 år seinare. Pont du Gard har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1985. Her er det også eit museum som viser korleis romarane klarte å byggje noko så stort og så presist utan moderne maskiner, og kva vatnet hadde å seie for livet på den tida. Vi returnerer til båten.

    Om kvelden samlast vi til felles middag, og Merete og Finn deler tankar og inntrykk frå dagen.

    (F, L, M)

  • Dag 3: Søndag 14. november - Châteauneuf-du-Pape og ostar

    Ein kort køyretur frå Avignon ligg Châteauneuf-du-Pape, der vinmarkene er dekte av store, runde elvesteinar som lagrar varmen frå sola. Namnet stammar frå tida då pavane i Avignon hadde sommarbustad her. Merete har plukka ut ein av favorittprodusentane sine, og det vil vere høve til å melde seg på eit besøk (mogleg val mot tillegg i prisen). Medan vi er på utflukt, seglar båten vidare, og gruppa blir plukka opp litt nord for Châteauneuf-du-Pape.

    Vi et lunsj om bord og held fram nordover gjennom Rhône-dalen. Medan båten seglar, legg Merete og Finn opp til ei vinsmaking med ost til, der vi mellom anna får smake på den lokale geitosten picodon. Osten kjem frå områda Ardèche og Drôme og har hatt verna opphavsnemning sidan 1983. Vi får smake og lære kvifor nokre kombinasjonar fungerer betre enn andre.

    Seinare på dagen legg vi til i den vesle bispebyen Viviers. Om kvelden samlast vi til felles middag, og Merete og Finn rundar av dagen med tankar og inntrykk på sitt eige vis. Gjennom natta seglar skipet vidare mot Tournon-sur-Rhône/Tain-l'Hermitage.

    (F, L, M)

  • Dag 4: Måndag 15. november - Sjokolade og Hermitage

    Om morgonen vaknar vi i Tournon-sur-Rhône/Tain-l'Hermitage, med den bratte Hermitage-åsen og vinterrassane rett bak byen. Her har sjokoladeprodusenten Valrhona halde til sidan 1922. Sjokoladen deira er førstevalet til mange av dei beste konditorane og restaurantane i verda. I Cité du Chocolat, på den historiske fabrikktomta midt i byen, får vi sjå, lukte og smake oss gjennom heile sjokoladeverda – frå kakaobønne til ferdig praline.

    Tilbake på båten er det tid for lunsj.

    Tain-l'Hermitage er kanskje endå meir kjend for vin, så her legg vi opp til besøk hos ein av dei utvalde produsentane til Merete (mogleg val mot tillegg i prisen). Her blir gruppa delt i to om det er mange som ønskjer dette.

    Om kvelden samlast vi til felles middag om bord, og Merete og Finn deler inntrykk og refleksjonar frå dagen på sitt eige vis.

    (F, L, M)

  • Dag 5: Tysdag 16. november - Condrieu, Côte-Rôtie og tilbake i Lyon

    Om morgonen legg skipet til i Condrieu, ein liten by ved elva omkransa av bratte, terrasserte vinmarker. Byen kan ein oppleve på eiga hand, eller ein kan bli med Merete for å besøkje ein av dei utvalde produsentane hennar (mogleg val mot tillegg i prisen). Både Condrieu og området Côte-Rôtie, «den steikte skråninga», er kjende for elegante vinar.

    Tilbake på båten et vi lunsj medan båten seglar den siste etappen nordover, forbi den gamle romarbyen Vienne mot Lyon. Om ettermiddagen legg vi til kai i Lyon, som ofte blir kalla mathovudstaden i Frankrike, med ein lang tradisjon for solid, god mat og små, lune restaurantar, såkalla «bouchons». Her legg vi opp til ein tur i den store matmarknaden Les Halles de Lyon Paul Bocuse. Her finn vi mellom anna saint-marcellin, ein liten og kremete kumjølkost frå Dauphiné like aust for Rhône, som har vore ein fast gjest på ostefjøla i Lyon i generasjonar.

    Om kvelden samlast vi til felles middag om bord, og Merete og Finn rundar av dagen med refleksjonar og eit humoristisk skråblikk.

    (F, L, M)

  • Dag 6: Onsdag 17. november - Heimreise

    Etter ein siste frukost om bord går vi i land i Lyon kl. 09.00. Buss til flyplassen og fly heim.

    (F)