
12. - 17. november 2027.
Fotefar held fram med dei smaksrike reisene saman med Merete Bø. Denne gongen får ho følgje av humorist og artist Finn Tokvam, og saman tek dei med seg showet «Ost og vin med Merete og Finn» på elvecruise gjennom Rhône-dalen. I dette showet er han presentert som entusiast og «sidevogn-sjåfør» for Merete Bø. Ho kan det meste om vin, og han stiller spørsmåla vi andre lurer på.
Om bord på MS Camargue tek dei oss med gjennom delar av Rhône-dalen, frå matbyen Lyon og sørover til pavebyen Avignon, og tilbake igjen. Undervegs passerer vi nokre av dei mest kjende vinmarkene i Frankrike: dei bratte terrassane i Condrieu, Côte-Rôtie og Hermitage i nord, og dei steinete markene i Châteauneuf-du-Pape i sør.
Merete er ein av dei mest meritterte vinjournalistane i Noreg, tidlegare sommelier på Bagatelle og både dobbel norgesmeister og nordisk meister i vinkelnar. Mange kjenner henne frå podkasten «Jeg kan ingenting om vin» og frå det nye vinuniverset hennar, Cases. Ho har også skrive boka «Ost og vin», og nettopp ost blir, i tillegg til vin, eit eige stikkord på denne turen.
Finn Tokvam frå Flåm er humorist, kåsør, forfattar og artist, kjend frå mellom anna radioprogrammet «P.I.L.S.» og Radio Røynda på NRK. Med skråblikk, anekdotar, songar og forteljingar vil han saman med Merete vere vertskapet vårt på dette elvecruiset på Rhône.
Rhône-dalen er heimstaden til små og karakterfulle ostar som geitosten picodon og den kremete saint-marcellin, og Merete finn vinane som passar til. I tillegg til ost og vin skal vi sjølvsagt innom Tain-l'Hermitage, der sjokoladeprodusenten Valrhona har halde til sidan 1922.
Dette er ein tur for deg som likar god mat, god vin og godt selskap. Du treng absolutt ikkje vere ekspert, det held å vere nysgjerrig og ha lyst til å smake!







