Elvecruise på Seinen med Herborg Kråkevik og Gunnstein Akselberg

7. - 13. oktober 2026. 
Paris - La Roche Guyon - Caudebec en Caux - Honfleur - Rouen - Paris.  
 

Fotefar Temareiser er  svært glade for å kunne tilby eit heilt nytt cruise på Seinen saman med Herborg Kråkevik og Gunnstein Akselberg. 

Herborg Kråkevik er ein av våre mest folkekjære artistar. Ho har ein karriere som spenner over teater, musikk, film og litteratur og er kjend for sine tolkingar av norske folkeviser og klassiske songar. I tillegg har ho gjort stor suksess med framsyningar med Edith Piaf songar. På elvecruiset vil ho halde minikonsertar og dele historier frå sitt rike kunstnarliv – med både humor, alvor og musikk som rører. 

Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap. Han er nok mest kjend frå NRK i programmet «Eides språksjov» der han med store kunnskapar formidlar språkspørsmål på ein spennandane og lun måte. På elvecruiset vil han halde kåseri om dei mange språklege og kulturelle banda mellom Frankrike og Norge.   

Turen startar og blir avslutta i Paris. Vi opplever idylliske Honfleur, historiske Rouen, pittoreske Giverny med hagen til målaren Monet og dei vakre småbyane La Rouche Guyon og Caudebec en Caux.  I tillegg får vi med oss viktige attraksjonar i Paris. 

På elvecruiset har vi heile båten til gruppa vår og bur godt på MS Seine Princess, ein hyggeleg elvebåt med 67 utvendige lugarar. Dei har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition, og elles er mat og drikke om bord inkludert i turprisen.

Pris frå:
29 750,-
Dagar: 7
Inkludert for alle:
  • 6 netter i dobbellugar
  • All inclusive om bord på elvebåten - Nydeleg mat og drikke inkludert
  • 4 foredrag med Gunnstein Akselberg
  • 3 minikonsertar med Herborg Kråkevik
  • Transport i følgje programmet
  • Erfaren reiseleiar frå Fotefar temareiser


Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo/Bergen/Stavanger/Trondheim– Paris
  • Flyreise Paris – Oslo/Bergen/Stavanger/Trondheim
  • Busstransport flyplass-elvebåt
  • Busstransport elvebåt-flyplass


Ikkje inkludert i prisen:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Lugartillegg
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke utover det som gjeld som standardpakke
  • Tips til besetninga om bord og guidar/sjåførar
  • Inngang til attraksjonar og utflukter merka med mogeleg val i programmet


Fordelsprogram:
  • Ein rabattkode gjeld per tur
  • Pensjonistforbundet: ALLE TURAR - 1000 kroner i rabatt per person som medlem. Rabattkode - pensjonistforbundet.no/medlemsfordeler
  • A-kortet: 1000 kroner i rabatt per person med Aftenpostens fordelsprogram. Rabattkode finner du på aftenposten.no/fordel
  • Stavanger Aftenblad Fordel: 1000 kroner i rabatt per person med Stavanger Aftenblads fordelsprogram. Rabattkode - aftenbladet.no/fordel

Bildegalleri

Viktig informasjon

- Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.  

- I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom nokre andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte. 

- Uventa endringar i vasstanden eller andre uforutsette hendingar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.   

- Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

Om båten

MS Seine Princess

MS Seine Princess er ein hyggeleg elvebåt med 67 utvendige lugarar. Dei har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition, og elles er mat og drikke om bord inkludert i turprisen. 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 7. oktober - Paris

    Utreise frå Gardermoen eller Bergen til Paris. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Frå flyplassen i Paris blir vi henta med buss (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise) inn til elvebåten, MS Seine Princess, som ligg til kai rett ved Eiffeltårnet. Innsjekk på båten om ettermiddagen. 

    Under velkomstcocktailen helsar kapteinen på oss, og mannskapet vert presenterte før vi et middag i restauranten. Etter middag kan vi oppleve «Paris by night» – ei stemningsfull oppleving der vi seglar gjennom byen med sine mange lyssette bruer og monument. Deretter held båten vidare fram mot La Roche-Guyon. 

    Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta til landskapet som sakte glir forbi. Det er gratis Wi-Fi om bord. 
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 8. oktober - La Roche-Guyon

    Vi seglar gjennom dei vakre slyngene av Seinen og nyt landskapet med kalksteinsklipper og pittoreske landsbyar. Denne føremiddagen får vi første foredraget med Gunnstein Akselberg (tema kjem seinare). 

    Om ettermiddagen er det høve til å bli med på ei utflukt til Claude Monet sin hage og hus i Giverny (mogleg val mot tillegg i prisen). Claude Monet sin lidenskap både for hagestell og fargar gjorde at han såg på blomehagen sin som eit ekte kunstverk. Vi skal også inn i heimen hans der han budde saman med kone og barn. Framleis kan ein kjenne atmosfæren som ein gong rådde i meisteren sitt hus, og inne i huset vil kunstnaren sin særlege forkjærleik for fargar møte oss, alt frå intensiteten av det blå han valde for kjøkkenet og den vesle stova, til dei gule veggene og møblane i matstova. Elles kan vi beundre fleire av maleria hans og den private samlinga av japanske trykk. På området er det elles ein innhaldsrik museumsbutikk, der ein kan kjøpe bøker om kunstnaren og reproduksjonar av arbeida hans. 

    Om kvelden seglar vi vidare mot Caudebec-en-Caux, og vi skal nyte ein betre middag i restauranten. Etter middag får vi første mini-konsert med Herborg Kråkevik.   
    (F, L, M)

  • Dag 3: Fredag 9. oktober - Caudebec-en-Caux

    Vi startar dagen med frukost om bord på elvebåten. I dag er det blant anna den vesle byen Caudebec-en-Caux som står på agendaen. Caudebec-en-Caux, som tidlegare var ein eigen kommune, er no rekna som ein liten by med mellom 2000 og 3000 innbyggjarar. Her finn du brusteinsgater, elvepromenadar og praktfull gotisk arkitektur. Caudebec-en-Caux har overlevd både vikingtokt, mellomalderkrigar og bombingar under andre verdskrigen. Den storslåtte Église Notre-Dame er byens stoltheit. Kyrkja frå 1400-talet er eit meisterverk i flambojant gotisk stil, med steindekorasjonar og fargerike glasvindauge. Kong Henri IV skal ha kalla ho «det vakraste kapellet i heile riket». 

    For dei som er interessert i båtbygging, elvar og fiskeri, rår vi til eit besøk på MuséoSeiner, eit museum som tek deg med på ei reise langs Seine-elva frå antikken til vår tid (ikkje inkludert i turpris). Her forklarer dei det facinerande fenomenet tidevassbølgja mascare.  

    Det blir også foredrag med Gunnstein Akselberg denne dagen (tema kjem seinare). Lunsj som vanleg om bord på elvebåten. Og om kvelden blir det felles middag i restauranten.  
    (F, L, M)

  • Dag 4: Laurdag 10. oktober - Caudebec-en-Caux til Honfleur

    Om morgonen seglar vi inn mot Honfleur, som ligg like ved munninga av Seinen, der ho flyt ut i Den engelske kanal. På slutten av 1800-talet oppheldt mange kunstnarar seg her, og byen er rekna som vogga til impresjonismen. Den vesle hamna har halde fast på sitt historiske særpreg, som er med på å gjere Honfleur til ein av dei mest besøkte byane i Frankrike i dag.  

    Lunsj om bord på båten. Denne dagen får vi også andre minikonsert med Herborg Kråkevik.  

    Denne ettermiddagen kan ein melde seg på busstur med engelsktalande guide til Côte Fleurie med besøk til elegante badebyar som Deauville og Trouville og  besøk på Calvados på Château du Breuil (mogleg mal mot tillegg i prisen). Første stopp er Deauville, den mest glamorøse kystbyen og symbol på fransk eleganse og prestisje. Her kan du ta ein fin spasertur langs dei berømte bryggene, som vart bygde i 1923 slik at kvinner kunne nyte sjølve sjøen utan å øydelegge kjolane sine. Bussen køyrer vidare til  Breuil-slottet, som ligg i eit frodig, grønt landskap midt i Pays d'Auge. Dette slottet er eit særleg vakkert eksemplar av den arkitektoniske arven til denne regionen i Frankrike. I dag ligg det eit Calvados-brenneri i Breuil-slottet, og vi får lære om produksjonen av drikken og sjølvsagt smake på dei edle dråpane. Retur til båten i Honfleur med buss.  

    Dei som ikkje er med på utflukta, har god tid til å slappe av om bord og bli kjende med båten, og det er fullt mogeleg å ta ein vandretur for å utforske Honfleur på eiga hand. Tilbake på båten blir det tid til å slappe av på lugarane før vi møtest til felles middag.  
    (F, L, M) 

  • Dag 5: Søndag 11. oktober - Honfleur

    Denne dagen kan du velje mellom å vere med på ei heildagsutflukt til D-dagstrendene (mogleg val mot tillegg i prisen) eller du kan bli i Honfleur og nytte dagen her.  

    Under tida vi ligg til kai i Honfleur kan ein bruke dagen på eiga hand, eller ein kan melde seg på ei guida utflukt (mogleg val mot tillegg i prisen). Her ruslar vi gjennom smale gater og pittoreske smau, og får sjå det historiske hamneområdet med dei høge, smale husa. Vi besøker Sainte-Catherine-kyrkja, ei unik trekyrkje med separat klokketårn – ei arkitektonisk perle i fransk samanheng. Tilbake på båten for lunsj. Ettermiddagen kan ein nytte tida med ei god bok om bord på båten eller utforske meir av Honfleur på eiga hand.  

    For dei som reiser på heildagsutflukt til D-dagstrendene: Dette er ei sterk og historisk oppleving langs kysten av Normandie. Vi besøker sentrale stader frå landgangen 6. juni 1944, som Pointe du Hoc, Omaha Beach, Colleville-sur-Mer med den amerikanske krigskyrkjegarden og Arromanches med 360°-kinoen som viser filmen The 100 Days of the Battle of Normandy. Lunsj undervegs på lokal restaurant.  

    Før middag blir det nytt foredrag med Gunnstein (tema kjem seinare). Seint på kvelden seglar vi mot Rouen. Ved utløpet av Seinen kryssar vi under den imponerande Normandie-brua. Då ho vart opna i 1995, var ho verdas lengste med eit bruspenn på 2147 meter.  
    (F, L, M)

  • Dag 6: Måndag 12. oktober - Rouen

    Vi vaknar i Rouen, ein by med rik historie og vakker mellomalderarkitektur. Få byar kan vise til ei så spennande historie som denne byen. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. 

    Du kan velje mellom to utflukter:  

    Mellomalderens Rouen: Vi ruslar gjennom brusteinslagde gater og besøker Aître Saint-Maclou, eit unikt minne frå pesttida med utskorne galleri og mystisk atmosfære. Turen går vidare gjennom gamlebyen, frå antikvariske kvartal til Rue Saint-Romain, med vakre bindingsverkshus og spor etter byens handelsliv.  

    Jeanne d’Arc Historial: Eit interaktivt museum i erkebispens palass, der du får oppleve rettssaka mot Jeanne d’Arc gjennom scenografi, projeksjonar og autentiske dokument. Ei gripande og lærerik oppleving om ei av Frankrikes mest ikoniske personlegdomar. 

    Det er også mogeleg å utforske Rouen på eiga hand denne dagen. Vi kan spesielt tilrå Musée des Beaux-Arts, som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. 

    Om ettermiddagen seglar vi nedover Seinen mot Paris, gjennom varierte landskap med slott, enger og livlege elvebreidder. Denne dagen blir det ny minikonsert med Herborg Kråkevik i Lounge baren. Om kvelden samlast vi til gallamiddag om bord. 
    (F, L, M)

  • Dag 7: Tysdag 13. oktober - Heimreise

    Etter ein god frukost om bord i båten, er det tid for utsjekking. Bussane våre køyrer oss frå båten til flyplassen i Paris (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise). Flyreise til Oslo og Bergen for dei som bestiller det. Tilknyting til andre byar på førespurnad. 
    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/10BergenMS Seine PrincessMeir enn 833 950,-BestillMer informasjon
7/10OsloMS Seine PrincessMeir enn 832 950,-BestillMer informasjon
7/10StavangerMS Seine PrincessMeir enn 834 950,-BestillMer informasjon
7/10TrondheimMS Seine PrincessMeir enn 834 950,-BestillMer informasjon
7/10MS Seine Princess
Utan flyreise
Meir enn 829 750,-BestillMer informasjon