Avreise med direktefly frå Oslo om morgonen. Ein kan også ordne flyreisa sjølv, og med det få redusert pris.
Vel framme på flyplassen ved Las Palmas om ettermiddagen møter vi guiden vår, Nina. Bussen vår køyrer oss til hotellet vårt, som ligg like ved den store og flotte badestranda Cantaras.
Dei som ordnar reisa på eiga hand, ordnar transport til hotellet sjølve. Etter innsjekkinga møtest gruppa til eit velkomstmøte og informasjon om turopplegget. Det blir også tid til å kjøpe niste og drikke til vandreturen neste dag. Om kvelden blir det felles velkomstmiddag på ein koseleg restaurant i eit eige lokale berre for gruppa vår.
(M)
Etter ein god frukost startar vi dagen med ein kort busstur (ca. 20 min.) frå hotellet vårt til Bandama. Dette er den yngste vulkanen på øya og vart forma for ca. 2000 år sidan. Vi startar vandreturen på vel 1 ½ time i roleg tempo rundt kanten av krateret på ein kupert sti. Her får vi eit utruleg flott utsyn ned i Calderaen (gryta), over Las Palmas og utover det vide jordbruksområde i aust. Dette er ein relativt lett del av turen denne dagen. Stien på 3 km er noko kupert med til saman opp 250 m og ned 250 meter då vi kjem tilbake til utgangspunktet.
Etter ein pause går vi ned i det berømte Bandama krateret (Caldera de Bandama), som var den første turistattraksjonen i Gran Canaria på 1800-talet. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studere dette krateret. Guiden vår Nina fortel om bakgrunnshistoria til naturfenomenet og elles om vegetasjonen i området.
Turen ned og opp att er på vel 3 km og har ein høgdeskilnad på ca. 250 m, ned 250 m og opp att 250 m. Vi går også ei runde nede på det relativ flate, vakre og frodige området av krateret. Vandreturen ned og opp att i krateret er medels tung, og om ein vil, treng ein ikkje gå heilt ned. Enkelte parti på er litt bratte, men det er ein god sti. Det kan vere ein fordel å ha med stavar. Til slutt går vi innom ein kafe og kjøper oss forfriskingar. På veg tilbake til hotellet, stoppar vi i gamlebyen i Las Palmas, og Nina vil guide oss slik at vi vil få med oss dei viktige attraksjonane der. Middag på eiga hand, og vi møtest gjerne på hotellet og går ut på restaurantar i grupper.
(F)
Etter frukost køyrer bussen oss frå hotellet til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Turen er på 8 km, er rimeleg lett og tek 4-5 timar med pausar. Det er stigning på 280 meter og 490 meter ned. Vi startar med til dels litt bratte motbakkar før turen held fram i kupert lende med litt bratte område nedover mot slutten.
Det meste av vandreturen går vi langs ei stor vulkangryte ved dei spesielle monolittklippene Roque Nublo og Roque Bentayga, og vi får eit spektakulært utsyn over det fantastiske landskapet. Det er skildra av den kjende forfattaren Unamuno som «Petrified Storm» eller på norsk “landskap som er stivna etter ein storm”, alt dette på grunn av dei spesielle formene på fjella, kløftene, monolittane og kraterkantane. Vi vandrar på kanten av krateret på ein god sti og tek oss etter kvart ned til den vakre byen Artenara. Her bur mange av innbyggjarane i hole- eller grottehus, og vi kan kikke på grottekapellet og grottemuseet før vi kan kjøpe ei forfrisking på ein kafe før bussen køyrer oss tilbake til hotellet (ca. 1 time). Denne vandreturen får kvart år toppevaluering blant turopplevingane til Fotefar!
Om kvelden kan ein ete middag saman med reiseleiarar og dei som vil av deltakarane.
(F)

Etter frukost køyrer bussen frå hotellet til Llanos de la Pez (ca. 1 time). Vandreturen er på ca. 9 km og vi går ca. 300 meter opp og ca. 600 meter ned, og vi brukar 4-5 timar med pausar. Denne vandringa er relativt lett, men litt krevjande i byrjinga.
Vi startar vandringa ved å går oppover gjennom eit flott landskap så høgt ein kan nå til fots på øya, til over 1900 moh! Etter ein litt tøff stigning, får vi ei stor påskjøning når vi kjem opp på den høgste toppen på Gran Canaria, nemleg Pico de las Nieves. Her ventar ei magisk utsikt over store delar av øya og like bort til Tenerife om veret er klårt. På nedturen vandrar vi først gjennom ein til dels litt bratt sti gjennom furuskog før vi går på ein god sti gjennom eit litt kupert og vakkert jordbrukslandskap. Vi avsluttar turen inne i småbyen med avslapping og forfrisking. Buss tilbake til hotellet tek ca. 50 min.
Middag på eiga hand om kvelden saman med reiseleiarar og deltakarar.
(F)
Dette blir ein avslappande dag der vi nyt sola og varmen med vandring langs stranda og bading. Det er også ein dag der ein kan sjå meir av byen Las Palmas på eiga hand.
Middag på eiga hand om kvelden saman med reiseleiarar og deltakarar.
(F)
Etter frukost køyrer bussen oss i ca. ½ time til Osorio, der vandreturen startar. Dette er ein rimeleg lett tur på 8 km med 180 meter opp og ca. 260 meter ned, og vi bruker vel 4 timar.
Denne dagen skal vi gå gjennom ein vakker og svært spesiell lauvskog som ofte blir kalla jungel. Utruleg nok har denne skogen 18 ulike typar lauvtre.
Vi startar vandreturen ved den historiske storgarden Osoria og tek ein tur inn i ei heilt spesiell og frodig kløft i landskapet med utruleg variert vegetasjon med blomster og mange treslag. Deretter går vi til toppen av åssida på ein god sti som snor seg oppover i landskapet. Undervegs stoppar vi opp, og Nina fortel om det rike voksterlivet her i sterk motsetnad til det nakne landskapet sør på øya, der dei fleste nordmenn har som reisemål til Gran Canaria. Frå toppen vandrar vi ned gjennom eit nydeleg og levande kulturlandskap før vi avsluttar inne i byen Teror med den kjende og vakre basilikaen. Vi gir oss god tid i byen, kikkar oss rundt, slappar av og kosar oss med ei forfrisking. Buss tilbake til hotellet tek ca. 30 min.
Middag på eiga hand om kvelden saman med reiseleiarar og deltakarar.
(F)
Denne dagen kan vi tilby to turalternativ. Bussen vår køyrer oss på motorvegen nordover til byen Agaete og vidare nokre kilometer til landsbyen San Pedro oppe i den frodige dalen der det er kaffiplantasje og appelsindyrking.
Turalternativ I:
Denne toppturen startar i San Pedro med litt småkupert og lett motbakke i byrjinga før det blir jamn stigning opp til saman 500 meter opp blant høge fjell og med utsyn over Agaetedalen. Vi går i roleg tempo med fleire kvilepausar før vi når platået på høgste punktet på turen. Etter kvart får vi dei første glimta av sjøen som ligg nedanfor. Vi opplever det imponerande synet av Roque Faneque, ei av dei høgaste sjøklippa i Europa. Vandreturen held så fram nedover langs gode stiar som kryssar eit vakkert landskap, under lune fureskogar og til slutt slyngjer stien seg nedover ein åskant til Agaete med større vegetasjon. Dette er ein av toppvandreturane blant alle fotturane til Fotefar!
Turen er relativt tung, og vi vandrar ca. 10 km med 500 meter opp i ein nokså bratt sti og 700 i kupert lende og i slakk unnabakke. Heile turen med pausar vil ta om lag 5 timar. Vi går heilt tilbake til hamna byen Agaete der vi ser oss om og stoppar opp for ei god forfrisking.
Turalternativ II.
Etter at bussen vår har sett av turgruppa i San Pedro, køyrer den ned til byen Agaete der dei som vil, kan gå ein lettare og kortare tur på om lag 3 time med 160 m opp og 180 m ned. Denne vandreturen går ved kysten gjennom dalar, høgdedrag og spennanade klipper med skummande bølgjer som slår mot land. På noko avstand ser vi mektige, bratte fjellparti. Gruppa som er med på denne turen, får i etterkant av vandringa god tid i den sjarmerande byen Agaete. Det er også høve til å bade på stranda eller i dei spennande saltbassenga ved sjøen.
Frå Agaete køyrer bussen begge turgruppene tilbake til hotellet i Las Palmas. Dette tek ca. 40 min.
Avslutningsmiddag om kvelden i eit lokale berre for turgruppa.
(F, M)

Etter frukost denne siste dagen, køyrer bussen oss til flyplassen, og så fly til Oslo.
(F)