
06. - 13. februar 2027.
Spektakulære vandreturar på det indre av øya
Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? Bli med Fotefar Temareiser og reiseleiar Rasmus Sunde der du får oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på innlandet av øya. Her er det eit spennande terreng for fotturar i grøne, frodige landskap, men også til toppar med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen med spennande vandreturar med den dugande guiden Nina frå Sverige. Ho kjenner området svært godt etter mange år som turguide på Gran Canaria. På bussturane vil ho fortelje om historia til øya, og undervegs på gåturane vil ho snakke om blomster og vegetasjon. I tillegg vil ho også guide oss inne i den vakre gamlebyen i Las Palmas.
Turane passar for folk som er i normalt god form og er vande med å gå i kupert terreng. Tre av dagane deler vi gruppa slik at dei sprekaste kan få ei meir krevjande rute, medan dei andre kan velje ei relativt lett løype. Det går fint med joggesko med gode solar, og stavar kan vere ei støtte for mange i unnabakkar.
Vi bur på eit koseleg hotell like ved den store stranda Cantaras og den flotte promenaden der i storbyen Las Palmas. På den måten får vi også med oss litt bading og kan oppleve det pulserande bylivet om kveldane og elles på “fridagen” vår på onsdag.
















