Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 2. september - Velkommen til Færøyane

    Vi tek direktefly frå Oslo til Færøyane, der vi er framme på føremiddagen. Når vi kjem fram på Færøyane, gjer vi oss klare for den første vandreturen og dreg rett til Midvagur. Så skal vi gjere oss klare for vandretur derifrå til sjøklippene Trælanípan. Vi tilrår å reise i turklede, slik at vi er klare til den første vandreturen når vi kjem fram til Færøyane.  

    Denne vandreturen er relativt lett og går for det meste i flatt terreng. Det er berre dei siste 200 metrane som går i motebakke. Til saman skal vi gå om lag ei mil denne dagen. Trælanípan er eit område med eventyrleg landskap rundt Færøyanes største innsjø Vatnið, som ligg heilt på kanten av eit stup mot sjøen. Derifrå kan vi kikke 142 meter rett ned i Atlanterhavet. Frå same staden kan vi også sjå den sørlegaste delen av Streymoy med grendene Hestur, Koltur, Sandoy, Skùvoy og Suðuroy. I det fjerne kan vi skimte fugleklippene på Sørvágsbjørg, Mykines og Mykineshólmur. 

    Dette landskapet har forma mange myter, blant anna om «Nykur», altså nykken. Dette er eit skummelt vesen som lever i vatnet, og som eig ein vakker hest. Han lurer folk nær vatnet, tek så tak i dei og dreg dei ut i vatnet og ned til botnen. Det er også mytar om det gløymde folket, som driv med hekseri og trolldom. Til slutt har vi myten om sjølve odden, som blir kalla for Slavefjellet. Dette namnet meiner ein kjem frå vikingtida. Slavane skal ha blitt dytta utfor her, når det ikkje var bruk for dei meir.  

    Vi rår alle til å kjøpe med seg niste denne dagen. 

    Etter vandreturen køyrer bussen vår oss til hotellet vårt i Tórshavn, der vi sjekker inn. 

    Middag på eiga hand. 

  • Dag 2: Torsdag 3. september - Vandring til Kirkjubøur

    Etter frukost køyrer bussen oss til Havnardal, og derifrå skal vi gå til Kirkjubøur. Frå Kirkjubøur får vi god utsikt mot Tórshavn og Nólsoy. På vegen dit ser vi også fleire små innsjøar med sjøfugl. Vi går langs vardar og stoppar ved ein samlingsplass bygd av stein. Her hadde dei før i tida politiske møte, og folk kom blant anna for å høyre på kongsbonden og politikaren Jóannes Patursson. Slike arrangement og tradisjonar blir framleis halde på Færøyane, blant anna under Olavsøka i juli kvart år. 

    Vandreturen denne dagen er middels tung og går i lett terreng, på stiar med gras og stein. Undervegs får vi god utsikt mot Sandoy, Hestur, Koltur og Vágar. 

    Legenda fortel om ein ung mann med namn Magnus. Han var frå Koltur og forelska seg i ei jente frå Hestur. Faren hennar skulle ikkje vite om dette, så dei møttest i løynd. Magnus sumde frå Koltur med tidvatnet sørover, møtte så jenta i Hestur og sumde tilbake med tidvatnet, då det snudde. Ein dag oppdaga faren til jenta dette og stod klar med ei øks på stranda då Magnus nådde fram. Han vart tvinga til å symje tilbake med ein gong. Sidan vart han aldri sett, og legenda fortel at han vart dregen ut i det opne havet med ein havstraum. Dette førte til at folk har hevda at det var såleis malstraumen Grísarnir i Koltursundet oppstod, som ein hemn frå Magnus. Straumen der kan vi få auga på den dag i dag.  

    Når vi nærmar oss Kirkjubøur, ser vi holmen Kirkjubøurhólmur, som før var ein del av fastlandet og bygda. Kirkjubøur har vore det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her voks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå Mururin, ruinen av Magnus-katedralen og elles Olavskirkjan som skriv seg frå 1100-talet. Kyrkja er framleis i bruk, og vi går inn og kikkar (inngang inkludert). Elles er Kirkjubøur ein svært sjarmerande stad med fleire gamle, vakre hus og bygningar. Til slutt hentar bussen oss og køyrer tilbake til hotellet vårt. Vi rår alle til å kjøpe med seg niste frå hotellet denne dagen. 

    Om ein ønskjer å nytte litt tid til å utforske andre stader enn Tórshavn denne ettermiddagen, er det for eksempel mogeleg å ta ferja ut til den vesle øya Nólsoy. Det går ferje dit frå ferjekaia i Tórshavn. 

    Middag på eiga hand. 
    (F) 

  • Dag 3: Fredag 4. september - Slættaratindur, Færøyanes høgste fjell

    Etter frukost pakkar vi sekken for ein tur nordover mot Færøyanes høgste fjell, Slættaratindur. Bussturen dit er ei naturskjønn reise. Vi følgjer vegen langs fjordar, fjell og små landsbyar med tradisjonelle hus. Landskapet skifter mellom opne sletter og djupe dalar, og fargane varierer avhengig av vêret – alt frå intense grøntonar til mystiske gråskyggar når tåka rullar inn. Bussen stoppar nær utgangspunktet for stien vi skal gå, som ligger i ein open dal omgitt av fjell. Allereie her kan vi sjå delar av fjellet vi skal gå opp på. 

    Slættaratindur betyr «flat topp», og er det høgste fjellet på Færøyane med sine 880 meter over havet. På klare dagar får vi spektakulær utsikt frå toppen. Då kan vi sjå store delar av øygruppa med fjell, fjordar og det uendelege Atlanterhavet.  

    Fotturen opp hit er middels krevjande og går på tydeleg merka sti heile vegen. Vi startar på ei høgde, noko som gjer at stigninga totalt er på om lag 400 høgdemeter. Stien slyngjer seg oppover fjellet gjennom varierande terreng, frå graskledde skråningar til steinete parti. Det er viktig å ta omsyn til vêret, som kan skifte raskt på Færøyane. Difor går vi så høgt som vêrforholda tillét det. Vi har med oss ein lokal guide denne dagen. 

    Dei som ikkje vil gå heile vegen til toppen, kan snu undervegs. Dei siste 100 metrane til toppen (om lag 30 høgdemeter) inneber at vi må klyve litt i steinurer. Vi tilrår at ein har med seg stavar for ekstra støtte her. Godt fottøy med solid sole er også viktig. Vi tilrår å kjøpe med seg niste frå hotellet denne dagen. 

    På ettermiddagen køyrer vi mot Tórshavn igjen, og turen går gjennom fleire vakre bygder. Vi passerar Funnigur, der vikingane først kom i land, og stoppar ein liten tur i Gjogv. 

    Middag på eiga hand. 
    (F) 

  • Dag 4: Laurdag 5. september - Fottur frå Bøur-Gásadalur

    Etter ein god frukost blir vi henta av bussen og køyrd til Bøur, som er utgangspunktet for dagens vandretur.  

    Vi skal gå derifrå til Gásadalur, der vi opplever den mektige fossen Múlafossur. Turen byrjar like vest for bygda Bøur og går langs kanten på fjella der. Første del av turen er ganske bratt, men utsikta er ekstraordinær. Vi får sjå Sørvágsfjørður, Tindhólmur, Gáshólmur og Mykines. Denne vandreturen er litt krevjande sidan han har nokre bratte parti, men han går for det meste på gras og til dels med nokre få parti med stein som underlag. 

    Gásadalur ligg heilt ytst i fjorden Mykines og er omgitt av dei høgste fjella på Vágar. Her kan vi sjå Árnafjall i nord med sine 722 m.o.h. og Eysturtindur i aust med sine 715 m.o.h. Gásadalur har vore ei av dei mest isolerte bygdene på Færøyane, heilt til det vart bygd ein tunnel i 2004, som kopla bygda til resten av vegnettet på øya. Vi rår alle til å kjøpe med seg niste frå hotellet denne dagen. 

    Vi går tilbake til Bøur, der bussen hentar oss og køyrer tilbake til hotellet vårt. 

    Felles avslutningsmiddag på hotellet denne kvelden. 
    (F, M) 

  • Dag 5: Søndag 6. september - Heimreise

    Etter frukost denne dagen blir vi henta av bussen og køyrd til flyplassen. Direktefly tilbake til Oslo, der vi er framme på ettermiddagen. 
    (F)