Vi reiser frå Oslo og flyr til Ljubljana, hovudstaden i Slovenia. Vel framme blir det transport til hotellet, der vi sjekkar inn og gjer oss klare for opphaldet i byen. Vi bur sentralt på eit godt fire-stjerners hotell, i gangavstand frå gamlebyen.
Kvelden er fri til middag på eiga hand. Byen har eit godt utval av restaurantar, kafear og barar, særleg i og rundt den gamle bydelen langs elva Ljubljanica.
Vi startar dagen med frukost på hotellet, før vi møter guiden vår og går til fots inn mot Ljubljanas historiske sentrum.
Byvandringa tek til på Prešeren-plassen, eit naturleg samlingspunkt i byen, før vi kryssar dei kjende Tre bruene og går vidare gjennom gamlebyen. Her går vi blant smale gater, marknadsområde og bygningar som vitnar om ei lang og samansett historie, der ulike kulturar og tidsepokar har sett sine spor. Elva Ljubljanica følgjer oss store delar av vegen og er eit viktig element i bylivet.
Vidare tek vi taubane opp til Ljubljana slott, som ruvar over byen frå slottsåsen. Frå slottet har vi vid utsikt over Ljubljana, omgitt av åsar, myrområde og fjell i det fjerne. Slottet har vore eit sentralt maktsymbol gjennom fleire hundreår og har hatt ulike funksjonar opp gjennom tidene.
Etter besøket på slottet tek vi oss ned att til byen og returnerer til hotellet. Resten av dagen står til fri disposisjon. Dette gjev høve til eigne vandringar, eit kafébesøk eller vidare utforsking av Ljubljana i eige tempo.
(F)
Vi startar dagen med ein god frukost på hotellet før vi møter guiden vår og set oss i bussen. Ferda går nordvestover frå Ljubljana, mot Alpane og nokre av dei mest kjende landskapa i Slovenia.
På vegen gjer vi ein stopp i Radovljica, ein liten by med eit godt bevart mellomalderpreg. Den historiske gamlebyen ligg på ei høgd over elva Sava og er kjend for smale gater, torg og tradisjonar knytte til blant anna birøkt og handverk. Her får vi tid til å sjå oss rundt før ferda går vidare.
Neste stopp er vakre Bled, ofte omtalt som eitt av dei mest ikoniske stadene i landet. Vi besøker Bled slott, som ligg dramatisk plassert på ei klippe høgt over innsjøen. Frå slottet har vi vid utsikt over Bledsjøen og det alpine landskapet rundt.
Etter besøket på slottet får vi servert ein god tre-retters lunsj. Deretter går turen ut på Bledsjøen med båt, som tek oss over til øya midt i innsjøen. Øya har vore eit viktig samlingspunkt gjennom hundreåra og er eitt av dei mest kjende motiva i Slovenia.
Vidare køyrer vi til Bohinj, som ligg i hjartet av Triglav nasjonalpark. Området er kjent for sitt rolege og urørte preg, omgitt av fjell, skog og beitemarker. Her besøkjer vi Savica-fossen, som ligg inst i dalen ovanfor Bohinjsjøen.
På ettermiddagen køyrer vi tilbake til Ljubljana. Kvelden er fri til middag på eiga hand.
(F, L)
Etter ein god frukost på hotellet møter vi guiden vår, og vi køyrer sørvestover frå Ljubljana, mot Karst-området og vinlandskapet i Goriška Brda.
Undervegs gjer vi ein stopp i Štanjel, ein av dei eldste busetnadene i Karst-regionen. Landsbyen ligg høgt i terrenget og er kjend for sine steinhus, smale gater og historiske bygningar. Her får vi tid til å rusle gjennom den gamle delen av landsbyen og oppleve den særprega arkitekturen.
Vidare køyrer vi til Goriška Brda, eit bølgjande kulturlandskap prega av vinmarker og frukthagar. Vi stoppar ved utsiktstårnet i Gonjače, der det er høve til å gå opp i tårnet og få panoramautsikt over området og landskapet rundt.
Ferda held fram til Šmartno, ein liten, godt bevart mellomalderlandsby omgjeven av ein bymur. Her går vi ein roleg tur gjennom landsbyen og får eit inntrykk av den historiske strukturen og atmosfæren som framleis pregar staden.
Midt på dagen samlast vi til in god lunsj på ein lokal restaurant. Deretter besøkjer vi ein vinprodusent i området, der vi får høve til vinsmaking i ein av dei mest kjende vinregionane i Slovenia.
Vi er tilbake til hotellet på ettermiddagen og har kvelden fri til eigne opplevingar og middag på eiga hand.
(F, L)
Etter frukost på hotellet er dagen sett av til eigne opplevingar i Ljubljana, for dei som ønskjer det. For dei som har meldt seg på utflukt til Postojna og kystbyen Piran, inkludert lunsj (mogeleg val mot tillegg i prisen), går ferda sørover frå Ljubljana mot kysten.
Undervegs gjer vi ein stopp i Postojna, der vi besøkjer den kjende Postojna-grotta. Grottesystemet er det største kjende i Slovenia og byr på store hallar, dryppsteinsformasjonar og underjordiske vassløp. Etter grottebesøket tek vi oss tid til ein god lunsj på ein lokal restaurant.
Vidare køyrer vi til Predjama slott, som ligg spektakulært plassert inne i ein bratt fjellvegg. Slottet blir sett frå utsida, og vi får eit godt inntrykk av den særprega plasseringa.
Vi held fram til kystbyen Piran, der vi ruslar gjennom gamlebyen med smale gater og hus tett itett På vegen tilbake mot Ljubljana gjer vi ein stopp i Portorož, kjend som den slovenske rivieraen, før vi returnerer til hotellet på ettermiddagen.
For dei som ikkje deltek på utflukta, er dagen fri til eigne opplevingar. Om kvelden samlast vi til ein avslutningsmiddag på ein lokal restaurant.
(F, M)
Etter ein god frukost på hotellet, sjekkar vi ut og blir køyrde til Ljubljana flyplass for heimreise til Oslo. Framme i Oslo om kvelden.
(F)