Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 25. august - Gjennom vakkert landskap til Savalen Fjellhotell og Spa

    Avreise frå Sandane om morgonen. Turen går via Stryn til Stranda, Liabygda i retning Åndalsnes. Vi stoppar for lunsj på Nilsgardstunet i Stordal. Her legg dei i ære i den heimelaga maten, og har fokus på lokale råvarer. Vidare køyrer vi i retning Åndalsnes før vi held fram langs Rauma og vegen til Dombås. Derifrå køyrer vi over Hjerkinn til Savalen.

    Vi brukar tida i bussen til å slappe av, prate med naboen og bli betre kjende med kvarandre. I tillegg til lunsj-stopp blir det lagt inn små pausar for beinstrekk. 

    Framme på Savalen Fjellhotell sjekkar vi inn og vert ønskt velkomne til middag. Utover kvelden hygger vi oss med god prat, og kanskje nokon vil ta seg ein svingom på golvet?
    (L, M)

  • Dag 2: Tysdag 26. august - Bergstaden Røros

    Vi startar dagen med ein god frukost, før vi køyrer Nord-Østerdalen på veg mot Røros. Med oss på bussen har vi ein lokalkjend person som vil guide oss i det historiske landskapet. Ein av stadane vi passerer er tettstaden Tolga, der den norske folkemusikaren og instrumentmakaren Egil Storbekken frå kom ifrå.

    Framme i Røros skal vi rusle i gatene, besøke Bergstadens Ziir, den landskjende kyrkja på Røros, som er ei av Norges største kyrkjer. I tillegg skal vi ete lunsj og besøke Rørosmuseet der blant anna den gamle smeltehytta for kopar endå finst. Gruvedrifta har definitivt vore ein svært viktig del av historia til Røros. På det meste var i 1682 heile 373 tilsette på Røros Koparverk.

    Vi vil få tid til ei lita handlerunde før vi returnerer til Savalen.

    Resten av ettermiddagen før middag kan ein nytte til å slappe av. Kanskje vil nokon ta eit bad i bassenget på hotellet? Elles er det felles middag om kvelden, og det vil vere høve til å svinge seg på dansegolvet denne kvelden også.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Onsdag 27. august - Huset Aukrust (Aukrustsenteret)

    Etter ein god frukost skal vi bruke denne føremiddagen i Kjell Aukrust sitt univers. Dei fleste av oss har sett filmen om Solan, Ludvig og sjeiken Ben Redic Fy Fazan. Vi får med oss ein lokal guide frå Savalen, og køyrer til Alvdal for ein rundtur i Kjell Aukrust si fantasifulle verd. Huset Aukrust (tidlegare kalla Aukrustsenteret) vart i si tid teikna av Sverre Fehn og opna av kong Harald.

    I huset finn vi teikningar, måleri, forteljingar, filmar og oppfinningar. Vi møter det frodige persongalleriet frå Flåklypa, med tidlegare nemnde Solan og Ludvig i spissen. I Flåklypa-salen vil vi også kunne sjå ein eigen film i 3D, der ein får høyre opptak av Kjell sjølv, som les og fortel.

    Tilbake på Savalen får vi servert lunsjbuffeten som hotellet er så kjent for. Om ettermiddagen nyt vi det gode livet og alt hotellet har å by på av friluftsområde, basseng og ettermiddagskaffi.

    Om kvelden er det felles middag, dans og kanskje syng vi ein song eller to.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Torsdag 28. august - Heimreisedag

    Etter frukost sjekkar vi ut og er klare for heimreise. Denne dagen går turen via Strynefjellet til Byrkjelo og Sandane. Vi et lunsj undervegs.
    (F, L)