Iron Maiden London med Torkil Torsvik frå Gammal Maiden

5. - 9. mai 2027.

Bli med på ei reise inn i Iron Maiden sitt London, frå Steve Harris sin oppvekst i East End til pubane, scenene og gatene der historia om eit av verdas største heavy metal-band tok form.

Gjennom fem dagar følgjer vi spora etter Steve Harris og resten av Iron Maiden gjennom London. Vi besøker bydelar, gater, øvingslokale, konsertscener, pubar og stader Maiden-fansen kjenner frå plateomslag, musikkvideoar og historia om bandet.

Med oss har vi Torkil Torsvik, mannen bak podkasten Gammal Maiden. Med solid kunnskap, entusiasme og ein god dose humor tek han oss gjennom historia om bandet, låtane og menneska som har gjort Iron Maiden til meir enn berre eit band. Vi har også med oss Colin, ein lokal London-guide med inngåande kjennskap til Maiden og byen bandet vaks fram i.

To kveldar tek oss til sjølve hjartet av den tidlege Maiden-historia, Cart & Horses. Her møter Torkil tidlegare Iron Maiden-gitarist Dennis Stratton til ein eksklusiv livepodcast framfor Fotefar-gruppa. Kvelden etter vender vi tilbake når Maidenheads, eit av Noregs mest etablerte Iron Maiden-tributeband, tek musikken tilbake til den legendariske kjellaren.

 

 

Pris frå:
19 450,-
Dagar: 5
Inkludert for alle:
  • All busstransport som vist i programmet
  • 4 overnattingar på sentralt hotell
  • 4 frukostar
  • 1 middag
  • Foredrag og live podcast med Torkil Torsvik
  • Guida turar i London
  • Konsertbillett Maidenheads på Cart & Horses
Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo/Bergen - London t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass
Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 4990,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Kollektivtransport (t-bane og tog) i London
  • Drikke
  • Tips
  • Minimum tal deltakarar: 30 personar
  • Maksimalt tal deltakarar: 47 personar
Transporttype: Utan fly

Viktig informasjon

Informasjon om visum/innreiseløyve og helsekrav

Informasjon om ETA (Storbritannia):
Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.

Turen inneber ein del gange og bruk av t-bane og tog. Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1 - Onsdag 5. mai: Velkomen til London

    Vi flyr til London og sjekkar inn på eit sentralt hotell, med kort veg til kollektivtransport, pubar og mykje av byen si rike musikkhistorie.

    Etter litt tid til å kome på plass samlast vi til ei uformell opning av turen. Torkil ønskjer velkomen og tek oss tilbake til London på 1970-talet, ei tid då punk, rock og den gryande New Wave of British Heavy Metal-rørsla var med på å endre britisk musikk for alltid. Det var i dette miljøet Iron Maiden skulle finne sin eigen veg, frå dei første øvingane og små scenene til bandet som etter kvart skulle erobre verda.

    Seinare samlast vi til felles middag på ein klassisk London-pub. Her blir det høve til å bli kjend med dei andre deltakarane, dele forventningar og kanskje få seg ein pint før vi for alvor tek til å følgje i spora etter Maiden.

    (M)

  • Dag 2 - Torsdag 6. mai: East London: Der det heile byrja

    I dag går vi heilt tilbake til starten. East London er utgangspunktet for historia om Iron Maiden. Det var her Steve Harris vaks opp, og her draumen om bandet tok form.

    Vi følgjer spora etter Harris og dei tidlege åra til bandet, frå Walthamstow Assembly Hall og Leyton Sixth Form College til Beaumont Road Estate og Steele Road. Vi legg også turen innom området der West Ham Uniteds legendariske Boleyn Ground ein gong stod. Fotballen har alltid vore ein viktig del av Steve Harris si historie.

    Vidare går turen til East Ham College of Technology, der David Arthur Brown laga den første Eddie-maska, før vi held fram jakta på dei tidlege Maiden-spora. Vi besøker The Scarf, eit av dei første øvingslokala, og St Nicholas Church, der Iron Maiden spelte sin aller første konsert.

    Bruce Dickinson får også sin plass i historia når vi besøker Roffey Street, før vi rundar av rundturen med Bridge House, ei av dei viktigaste metalscenene i East London på slutten av 1970-talet.

    Etter ein pause på hotellet tek vi toget saman til dagens siste stopp, sjølvsagt Cart & Horses. Ingen annan stad er tettare knytt til Iron Maiden sine første år. Her spelte bandet ei rekkje av dei tidlege konsertane sine, og med ein pint i handa kan vi kanskje sjå for oss korleis det heile byrja: eit ungt band, ein liten scene og ein draum som framleis var langt unna dei største arenaene i verda.

    Livepodcast med Dennis Stratton

    I kjellaren på Cart & Horses ventar ein heilt spesiell avslutning på dagen. Torkil Torsvik tek med seg Gammal Maiden til London og møter tidlegare Iron Maiden-gitarist Dennis Stratton til livepodcast framfor Fotefar-gruppa.

    Stratton var med på debutalbumet Iron Maiden og stod på scena med bandet i den avgjerande perioden då Maiden gjekk frå pubar og klubbar til stadig større scener. I samtale med Torkil fortel han om tida i bandet, innspelingane, turnélivet og dei musikalske inspirasjonane som forma han. Mot slutten opnar vi også for spørsmål frå salen.

    Ein heil dag i spora etter dei tidlege åra blir dermed avslutta på sjølve Cart & Horses, med historia fortald av ein som var midt i henne.

    (F)

  • Dag 3 - Fredag 7. mai: Iron Maiden og Londons musikkhistorie

    I dag følgjer vi Maiden vidare frå dei små scenene i East London til eit band som var i ferd med å finne sitt eige uttrykk og sin plass i rockehistoria.

    Vi startar ved Wessex Studios i Islington, der fleire av dei tidlege innspelingane og demoane såg dagens lys. Vidare går turen til Rainbow Theatre og Endymion Road, som inspirerte bakgrunnen på omslaget til det klassiske debutalbumet Iron Maiden.

    Deretter går turen vidare til Camden, ein bydel som i fleire tiår har vore eit viktig samlingspunkt for rock, punk og alternativ musikk. Her finn vi legendariske scener som Roundhouse, Dingwalls, Electric Ballroom, The Underworld og den tidlegare Music Machine.

    I Camden held vi fram til fots. Etter lunsj får vi tid til å kjenne på Camden-stemninga, med stopp på nokre av dei klassiske rockepubane. Utpå ettermiddagen tek vi t-banen tilbake til hotellet, slik at alle får tid til å slappe av, finne seg middag og lade opp til kveldens høgdepunkt.

    Maidenheads live på Cart & Horses

    Om kvelden tek vi toget tilbake til staden der så mykje av historia byrja. I kjellaren på Cart & Horses ventar Maidenheads, eit av Noregs mest etablerte Iron Maiden-tributeband.

    Maidenheads har halde Maiden-fana høgt i rundt 15 år og består av musikarar med bakgrunn frå etablerte norske metalband som Sahg, Taake og Aeternus. Fleire av medlemmene har også spelt med den legendariske Iron Maiden-vokalisten Paul Di'Anno.

    No tek dei musikken med seg tilbake til historisk grunn. På den same staden der Iron Maiden spelte i dei tidlege åra, får vi ein kveld vigd låtane som har følgt oss gjennom reisa.

    (F)

  • Dag 4 - Laurdag 8. mai: Sirkelen sluttar

    Etter tre dagar har vi følgt spora etter Iron Maiden gjennom London. No samlar vi trådane.

    Vi startar dagen i roleg tempo, før vi møtest til ei avsluttande samling med Torkil. Han løftar fram dei store linjene i historia, Steve Harris sitt kompromisslause driv, dei litterære referansane, omslagskunsten, Eddie som kulturelt ikon og den heilt særeigne evna Maiden har hatt til å byggje eit heilt univers rundt musikken sin. Kva er det eigentleg som har gjort at eit band som byrja på små pubscener i East London framleis kan fylle dei største arenaene i verda? Det utforskar vi denne dagen.

    Soho, frå legendariske rockescener til platebutikkar og pubar

    Etter samlinga tek Colin oss med til Soho, ein bydel som i fleire tiår har vore eit pulserande sentrum for Londons musikkliv. Her følgjer vi spora etter Iron Maiden og andre band som var med på å forme den britiske rockehistoria.

    Vi oppsøkjer stader knytte til legendariske konsertscener som Marquee Club, Lyceum Ballroom og Borderline, og vandrar gjennom Denmark Street, den berømte musikkgata der gitarbutikkar, musikarar og platebransje har sett sitt preg på området gjennom generasjonar.

    Undervegs blir det høve til å utforske platebutikkar og gitarbutikkar, og sjølvsagt legg vi inn stopp på nokre av dei klassiske rockepubane. Her får vi kjenne på musikkhistoria i gatene, på stadene der ho faktisk vart skapt.

    Resten av ettermiddagen og kvelden er fri til eigne opplevingar. Kanskje freistar fleire platebutikkar, litt shopping eller ein siste pubrunde i Soho. Eller kanskje det held å finne seg noko godt å ete og la inntrykka frå dei siste dagane synke inn.

    (F)

  • Dag 5 - Søndag 9. mai: Heimreise

    Etter frukost er det tid for heimreise.

    Fem dagar med Iron Maiden, London, pubar, platebutikkar og musikkhistorie er over. Vi reiser heim med nye inntrykk, gode historier og kanskje litt ekstra lyst til å sette på ei Maiden-skive når vi kjem heim.

    Up the Irons!

    (F)

  • Viktig informasjon

    ETA (Storbritannia): Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.

    Turen inneber ein del gange og bruk av t-bane og tog. Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/5BergenLondonMeir enn 822 450,-BestillMer informasjon
5/5OsloLondonMeir enn 821 450,-BestillMer informasjon
5/5Utan flyreiseLondonMeir enn 819 450,-BestillMer informasjon