
5. - 9. mai 2027.
Bli med på ei reise inn i Iron Maiden sitt London, frå Steve Harris sin oppvekst i East End til pubane, scenene og gatene der historia om eit av verdas største heavy metal-band tok form.
Gjennom fem dagar følgjer vi spora etter Steve Harris og resten av Iron Maiden gjennom London. Vi besøker bydelar, gater, øvingslokale, konsertscener, pubar og stader Maiden-fansen kjenner frå plateomslag, musikkvideoar og historia om bandet.
Med oss har vi Torkil Torsvik, mannen bak podkasten Gammal Maiden. Med solid kunnskap, entusiasme og ein god dose humor tek han oss gjennom historia om bandet, låtane og menneska som har gjort Iron Maiden til meir enn berre eit band. Vi har også med oss Colin, ein lokal London-guide med inngåande kjennskap til Maiden og byen bandet vaks fram i.
To kveldar tek oss til sjølve hjartet av den tidlege Maiden-historia, Cart & Horses. Her møter Torkil tidlegare Iron Maiden-gitarist Dennis Stratton til ein eksklusiv livepodcast framfor Fotefar-gruppa. Kvelden etter vender vi tilbake når Maidenheads, eit av Noregs mest etablerte Iron Maiden-tributeband, tek musikken tilbake til den legendariske kjellaren.



