Vi kjem fram til Istanbul og den pulserande storbyen som gjennom tusen år har vore eit sentrum for handel og kultur. Her, i det som ein gong var Konstantinopel, gjekk også Harald Hardråde sine steg. Etter slaget på Stiklestad i 1030 drog han i eksil austover, og rundt 1034 kom han til Miklagard, nordbuane sitt namn på den bysantinske hovudstaden. Her gjekk han i keisarleg teneste som del av væringgarden, elitestyrken av nordiske krigarar, som vakta keisaren og kjempa for Austromarriket. I nær eitt tiår var Harald knytt til byen og riket, og han deltok i felttog på Sicilia, i Middelhavet, på Balkan og i Lilleasia.
Etter sein innsjekking på hotellet set vi av tid til å bli kjende med fasilitetane og finne oss til rette, før vi ladar opp til innhaldsrike og opplevingsrike dagar.
Vi startar dagen med ein god frukost på hotellet, før vi får det første foredraget frå Tore Skeie. Aftenpostens avismeldar skriv dette om boka hans: “Tore Skeies biografi om Harald Hardråde er en solid bauta over Norges siste vikingkonge.” Dagbladet kallar boka ein maktdemonstrasjon.
Etter foredrag og velkomstmøte legg vi ut på ein innhaldsrik dag i hjartet av det historiske Konstantinopel.
Vi startar med den mektige Hagia Sophia, eitt bygg som har prega bybiletet i nær 1500 år. Oppe i galleriet i den enorme kyrkja finst ei innrissing som truleg vart laga av ein nordisk væring på 1000-talet. Det er tre kjende rune-rissingar her, og den mest kjende teksten er berre eitt namn: “Halfdan”. Det er sannsynleg at ein skandinavisk soldat har rissa namnet sitt inn i marmoren medan han tente hjå keisaren i Konstantinopel.
Etterpå besøkjer vi det arkeologiske museet, før vi tek turen til restane av den gamle hippodromen, der folkeliv, sport og politikk ein gong gjekk hand i hand.
Vi følgjer delar av den imponerande bymuren, som framleis står som eit vitnemål om kor mektig byen var, og deretter besøkjer vi området rundt Yenikapı, der viktige funn har kasta nytt lys over historia til Istanbul.
Middag om kvelden på eiga hand på hotellet eller på ein av dei koselege restaurantane i nærleiken.
(F, L)
.jpeg)
Vi held fram utforskinga av det bysantinske Istanbul.
Dagen startar med besøk til restane av Bucoleonpalasset, som ein gong var ein del av keisarens praktfulle residens ved Marmarahavet. Her kan vi ane konturane av maktsenteret Harald Hardråde ferdast i.
Vidare går turen til den fascinerande Basilikasisternen, eit underjordisk anlegg som gir eit heilt spesielt møte med historia. Når vi vandrar mellom dei høge søylene i det dempa lyset, får vi forståing av kor avansert det gamle riket var.
På ettermiddagen samlast vi igjen for eit nytt fordrag frå Tore Skeie, før vi går samla til felles middag i nærleiken av hotellet vårt.
(F, L, M)

Etter frukost går vi til konferanserommet for det siste fordraget frå Tore Skeie. Deretter står dagen delvis open for eigne opplevingar, og gir høve til å oppsøkje eigne favorittar eller berre ta inn stemninga i byen. Dei som vil, kan også bli med reiseleiar på ein av dei mange eksotiske marknadene i byen.
Om kvelden avsluttar vi opphaldet med ein stemningsfull tyrkisk gallamiddag på båt. Frå dekket får vi sjå Istanbul frå sjøsida, eit syn som har møtt reisande i hundrevis av år. Det var med båt mange vikingar nådde Miklagard. Når vi står på dekk, kan vi sjå for oss korleis det kjendest når dei første gong kom til storbyen.
Med lysa frå byen rundt oss, vert dette ei verdig og minneverdig avslutning på reisa.
(F, M)

Etter frukost har vi litt tid til eigen disposisjon før vi set kursen mot flyplassen.
Vi reiser heim med nye perspektiv og ei djupare forståing av historia. I tillegg har vi fått oppleve dagens Istanbul, ein av dei mest spennande storbyane i verda.
(F)
Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.