Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 4. mars - Velkomen til Kraków

    Vi reiser frå Oslo og Bergen til Kraków. På flyplassen blir vi tekne imot av ein norsktalande guide, som gir oss ein første introduksjon til byen på vegen til hotellet.

    Kraków er eit godt utgangspunkt for å forstå banda mellom Polen og Ukraina. Fram til 1918 høyrde byen til det same austerrikske kronlandet som Lviv: Galicia. Etter den russiske fullskalainvasjonen i 2022 har mange ukrainarar funne ein ny kvardag her.

    Vi sjekkar inn på hotellet vårt, som ligg i gåavstand frå gamlebyen. Ettermiddagen er fri til å finne seg til rette og ta ein første tur ut i byen. Like i nærleiken ligg Rynek Główny, det store mellomaldertorget med handelshallen Sukiennice, Mariakyrkja og eit yrande kaféliv.

    Om kvelden samlast vi til det første av fire foredrag med Erika Fatland. Med utgangspunkt i Ukraina. En vinterreise opnar ho for tema som skal følge oss gjennom opphaldet: Ukraina si historie, forholdet til Russland og menneska som lever med krigen.

    Etter foredraget går vi til felles velkomstmiddag.

    (M)

  • Dag 2: Fredag 5. mars - Gamlebyen og Mariakyrkja

    Etter frukost samlast vi til eit nytt foredrag med Erika Fatland. Vi held fram med å utforske Ukraina og får meir å tenkje over og snakke om gjennom dagen.

    Deretter møter vi guiden vår og går ut i gamlebyen. I fleire hundre år var Kraków sete for dei polske kongane, og gatene og bygningane vitnar om byen si rolle som politisk, kulturelt og religiøst sentrum. Her får vi innblikk i historia til Polen, eit naboland som står sentralt i forståinga av Ukraina og situasjonen i Europa i dag.

    Vi går gjennom det grøne parkområdet Planty, som omkransar gamlebyen der bymurane ein gong stod, og ser mellom anna Floriansporten og restane av dei gamle festningsverka. På Rynek Główny ligg den gamle handelshallen Sukiennice og Mariakyrkja. Inne i kyrkja ser vi den praktfulle altertavla i tre, skoren av Veit Stoss på slutten av 1400-talet.

    Etter byvandringa et vi felles lunsj i gamlebyen. Resten av ettermiddagen og kvelden er fri til eigne opplevingar. Kanskje freistar ein tur til borghøgda Wawel ved elva Wisła, eit museumsbesøk eller ein roleg ettermiddag på ein av kaféane rundt torget.

    (F, L)

  • Dag 3: Laurdag 6. mars - Nowa Huta, Kazimierz og det ukrainske Kraków

    Denne dagen skal vi sjå fleire sider av Kraków og knyte historia tettare saman med dei store politiske endringane som har forma denne delen av Europa.

    Vi startar dagen med foredrag på hotellet, før bussen tek oss austover til Nowa Huta. Bydelen vart grunnlagd i 1949 som ein sosialistisk mønsterby for arbeidarane ved det enorme stålverket som seinare fekk namn etter Lenin.

    Her skulle det nye sosialistiske samfunnet byggast frå grunnen av. Breie boulevardar, monumentale bygningar og store plassar vart planlagde som ein tydeleg kontrast til det gamle, borgarlege og katolske Kraków.

    Historia tok likevel ei anna retning enn styresmaktene hadde sett føre seg. Innbyggjarane kjempa lenge for retten til å byggje ei kyrkje, og på 1980-talet vart stålverket og arbeidarane i Nowa Huta ein viktig del av Solidaritet-rørsla og motstanden mot det kommunistiske regimet.

    Etter ei kort vandring i bydelen et vi felles lunsj før vi returnerer til sentrum.

    Seinare på ettermiddagen går turen til Kazimierz, det historiske jødiske kvarteret i Kraków. Her besøkjer vi Galicia Jewish Museum, som gjennom fotografi og dokumentasjon fortel historia om det jødiske livet i det tidlegare Galicia. Framleis finst spora etter eit samfunn som nesten vart utsletta under Holocaust.

    Etter omvisinga samlast vi til eit nytt foredrag med Erika.

    Deretter møter vi representantar for det ukrainske miljøet i Kraków. Gjennom deira eigne historier får vi høyre om korleis krigen har påverka livet til ukrainarar som har funne ein ny kvardag i Polen og om banda mellom dei to nabolanda. Dette blir eit møte med menneske som står midt i historia som Erika har skrive om gjennom reisene sine i Ukraina.

    Omvisinga på museet og møtet med det ukrainske miljøet går føre seg på engelsk.

    Kazimierz er i dag også eitt av dei mest levande områda i Kraków med historiske gater, små restaurantar, kafear og eit rikt kulturliv. Her avsluttar vi dagen med felles middag før vi returnerer til hotellet.

    (F, L, M)

  • Dag 4: Søndag 7. mars - Heimreise

    Etter frukost har vi litt tid på eiga hand før avreise. Kanskje blir det ein siste spasertur gjennom gamlebyen eller ein kaffikopp ved torget.

    Deretter samlast vi på hotellet og tek bussen til flyplassen for heimreise til Noreg. Gjennom fire dagar med Erika Fatland har vi utforska Ukraina si historie, forholdet til Russland og korleis krigen har endra Europa. Møta og samtalane i Kraków har gitt oss personlege historier og nye perspektiv å ta med heim.

    (F)