Kulturvandring i Roma med Tommy Sørbø

26. april - 30. april 2026. 

Bli med på ein innhaldsrik og spennande tur til Roma saman med kunsthistorikaren Tommy Sørbø! På fleire byvandringar får vi innsyn i Romas utvikling frå antikken til i dag. Sørbø, som lenge har budd i Italia, tek oss med langs sjarmerande gater og fascinerande arkitektur i denne vakre byen saman med lokalguiden vår. Vi får sjå storslegne skulpturar og kyrkjer som vitnar om den varierte historia som har prega Roma opp gjennom tidene. Med Sørbøs evne til å formidle kunst og kultur med ei humoristisk vinkling, vil han bruke kunnskapen sin om italiensk og romersk kulturhistorie til å gi oss eit unikt perspektiv på den verdskjente byen. 

Pris frå:
23 950,-
Dagar: 5
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • 4 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 4 frukostar
  • 2 middagar
  • 3 byvandringar med lokalguide
  • 1 inngangsbillett på San Clemente
  • 1 inngangsbilett på Sant Maria della Vittoria
  • 1 inngangsbilett på Pantheon
  • 1 inngangsbillett på Vatikanmuseet
  • Kåseri med Tommy Sørbø
  • Reiseleiar frå Fotefar


Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – Roma t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Flyreise Bergen – Roma t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass


Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 5976,-
  • Aktivitetar merka som «Mogleg val, mot tillegg i prisen»
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips


  • Minimum tal deltakarar: 15 personar

Viktig informasjon

- Vi skal på byvandring kvar dag. Det innebærer mykje gåing. Det er derfor anbefalt å ha med seg gode sko. 

- Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.  

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 26. april - Utreisedag

    Vi reiser med fly frå Oslo eller Bergen (andre tilknytingsbyar mogleg ved førespurnad) til Roma, der vi landar tidleg om kvelden.    

    Bussen hentar oss på flyplassen, og derifrå er det om lag 1 times køyring inn til Roma. På bussen gir Tommy oss ei innføring i det vi kan vente oss på turen. Vel framme på hotellet kan vi anbefale å besøke ein av dei mange hyggelege restaurantane nær hotellet for å ete middag. Reiseleiar kjem med forslag. 

  • Dag 2: Måndag 27. april - San Clemente - Kapitol - Pantheon

    Etter frukost ruslar vi til Romas best bevarte mellomalderkyrkje; San Clemente. Her vil vi byrje byvandringa vår denne dagen. Saman med ein dyktig lokalguide får vi oppleve den fascinerande historia til basilikaen. Kvar etasje i bygget er unik. Vi startar i den nyaste delen av kyrkja før vi bokstavleg tala vandrar tilbake i historia i gangsystemet under kyrkja. Heilt nedst hamnar vi på gateplan i antikkens Roma.  

    Vi held fram turen forbi Colosseum og Forum Romanum, dei ikoniske monumenta som minner oss om den romerske stordomstida.  

    Vandringa held fram til Kapitolhøgda, ein av dei sju høgdene i Roma. Høgda hadde stor betydning for romarane. Mellom anna låg Kapitol slik til at ein kunne kontrollere den strategisk viktige overgangen over elva Tevere (Tiber). Midt på plassen står den imponerande ryttarstatuen av keisar Marcus Aurelius – den einaste fullt bevarte romerske ryttarstatuen. Vi får høyre meir om Kapitol og utviklinga fram til i dag.  

    Vi avsluttar vandringa ved Pantheon, eit av dei mest storslegne byggverka frå keisartida. Vi beundrar arkitekturen, kuppelen og dei mektige søylene frå utsida, før vi går inn. Her finn vi også gravene til Italias kongefamilie og den kjende renessansekunstnaren Rafael.  

    Etter byvandringa nyt vi ettermiddagen på eiga hand. Reiseleiar kjem med forslag til koselege restaurantar der vi kan ete lunsj. På kvelden går vi til ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet for velkomstmiddag.   
    (F, M) 

  • Dag 3: Tysdag 28. april - Santa Maria della Vittoria - San Ignazio - Opera

    Vi nyt ein god, italiensk frukost før vi samlar oss for ein ny dag i Roma. Vi tek på oss gode sko og ruslar til kyrkja Santa Maria della Vittoria. Her møter vi den skandinavisktalande lokalguiden vår denne dagen. Kyrkja rommar Berninis «den heilage Theresas ekstase». Skulpturen, som er bygd i marmor, er eit framifrå eksempel på barokkunst. I løpet av dagen vil Tommy Sørbø også halde eit kåseri med temaet Erotikk og religion. Vi vil få innsikt i korleis erotikk og religion heng saman, og kvifor dei på mange måtar utgjer kjernen i barokken. Vidare går turen til Quirinalhøgda, oppkalla etter krigsguden Quirinus. På vegen går vi forbi det gamle pavepalasset frå 1500-talet som i dag er presidentbustad.  

    Vandringa held fram langs barokkyrkja San Ignazio, som ligg rett ved Pantheon. Kyrkja vart bygd av jesuittordenen, ei rørsle som vart stifta i 1534 med visjon om å reformere den katolske kyrkja innanfrå. Namnet har kyrkja fått etter grunnleggaren av ordenen, Ignatius av Loyala. 

    Tid på eiga hand resten av dagen. Vi kan anbefale lunsj på «Le Cave di San Ignazio da Sabatino» som ligg sentralt og hyggeleg til utanfor San Ignazio. 

    På kvelden får dei som vil, høve til å bli med på operaframsyninga av Shakespeares «Romeo og Julie» på Teatro dell’Opera di Roma (Mogleg val mot tillegg i prisen). På førehand vil Tommy Sørbø gi oss spennande perspektiv på samanhengen mellom Bernini og Shakespeare. Vi ruslar saman til operahuset,  før vi set oss til rette for ei uforgløymeleg oppleving. 
    (F) 

  • Dag 4: Onsdag 29. april - Petersplassen - Vatikanstaten

    Etter frukost går vi samla frå hotellet til Vatikanet og den verdsberømte Peterskyrkja. På vegen møter vi guiden vår, som skal fortelje oss historia til Vatikanstaten, katedralen og kunstverka vi finn der.  

    Denne dagen skal vi inn på Vatikanmuseet som husar ei av dei viktigaste kunstsamlingane i verda. Høgdepunkta her er mange, med berømte klassiske skulpturar og dei viktigaste meisterverka innan renessansen. Desse inkluderer sjølvsagt Det Sixtinske Kapell med dei fantastiske freskoane til Michelangelo og andre kjende kunstnarar, som Botticelli og Perugino. Vi får óg sjå det kjente Stanze dela Segnatura, også kalla «Rafaels rom».  

    Utover dagen held vi fram med å sjå og gå inn i Peterskyrkja. Denne imponerande kyrkja med sine mange utsmykkingar og berømte skulpturar av mellom anna Bernini, vart fullført i 1615 og er eit prakteksempel på arkitektur frå renessansen. Framfor kyrkja finn vi Petersplassen, som har vore ein sentral stad for pilegrimar og pavelege seremoniar i hundrevis av år.  

    Etter byvandringa kan vi nyte tida i Vatikanstaten på eiga hand. Reiseleiar kjem med forslag til lunsjstadar. 

    Om kvelden samlar vi oss for ein felles avslutningsmiddag på ein hyggeleg restaurant. 

    Vi gjer merksam på at det blir ein del vandring til fots denne dagen og anbefaler difor gode sko.  
    (F, M)

  • Dag 5: Torsdag 30. april - Avreisedag

    Etter frukost hentar bussen oss ved hotellet. På vegen til flyplassen samlar Tommy trådane og gir oss ei siste oppsummering av opplevingane på turen. Med mange nye inntrykk, tek vi farvel med Roma og med dei nye venene vi har fått på turen. 
    (F) 

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
26/4BergenRomaMeir enn 823 950,-BestillMer informasjon
26/4OsloRomaMeir enn 823 950,-BestillMer informasjon