
26. april - 30. april 2026.
Bli med på ein innhaldsrik og spennande tur til Roma saman med kunsthistorikaren Tommy Sørbø! På fleire byvandringar får vi innsyn i Romas utvikling frå antikken til i dag. Sørbø, som lenge har budd i Italia, tek oss med langs sjarmerande gater og fascinerande arkitektur i denne vakre byen saman med lokalguiden vår. Vi får sjå storslegne skulpturar og kyrkjer som vitnar om den varierte historia som har prega Roma opp gjennom tidene. Med Sørbøs evne til å formidle kunst og kultur med ei humoristisk vinkling, vil han bruke kunnskapen sin om italiensk og romersk kulturhistorie til å gi oss eit unikt perspektiv på den verdskjente byen.


