Med Edvard Hoem til hans litterære rike i Romsdal

17. - 21. juni 2024.

På denne turen møter vi Edvard Hoem på heimebane. Han er ein av dei aller fremste forfattarane i Norge i dag, og i tillegg er han ein sjeldan god formidlar. Kvar dag vil han halde foredrag om romanane sine som er baserte på verkelege personar og hendingar. Desse familiekrønikene hans frå Romsdal har gjort Hoem til ein særs populær og folkekjær diktar.

Under opphaldet får vi guida turar med Edvard Hoem rundt om i vakre Romsdal. Vi spaserer til Rekneslia der oldefar hans, «slåttekaren i himmelen”, hadde heimen sin. Elles besøkjer vi stader som diktarheimen hans på Hoem, skulen han gjekk på og bedehuset som bestefaren ivra for å få bygt. Vidare skal vi kikke på kyrkjene Vågøy og Veøy, som er sentrale i bøkene hans. Vi får busstur til Kristiansund og Smedvika der felemakaren, Lars Olsen Hoem, hadde heimen sin. På denne rundturen i skiftande landskap køyrer vi tilbake over Atlanterhavsvegen til Hustad og Bud.

Edvard Hoem har skrive ein stor biografi om Bjørnstjerne Bjørnson, og vi legg opp til ein busstur til Nesset prestegard i Eidsvåg der Bjørnson voks opp.

Fotefar er elles glade for å tilby ein flott konsert med Edvard Hoem og dottera Ine Kristine Hoem i Vågøy kyrkje.

Vi bur sentralt på eit godt hotell i “Rosenes by”.

 

 

Pris frå:
17 950,-
Dagar: 5
Inkludert:
  • 4 overnattingar med frukost på 4-stjerners, sentralt hotell i Molde
  • Busstransport og guiding på heile turen
  • 2 lunsjar
  • 1 matpakke
  • 2 middagar
  • Inngangsbillettar og omvising på musea som vist i programmet
  • Båttransport tur-retur Veøy
  • Edvard Hoem er med på heile turen og held daglege foredrag
  • Konsert med Ine Kristine Hoem og Edvard Hoem i Vågøy kyrkje
  • Historikaren Rasmus Sunde er reiseleiar og held eitt foredrag om amerikabrev
  • Lars Nes er også med som reiseleiar frå Fotefar
Ikkje inkludert:
  • Reisa til og frå Molde
  • Utvida hotellopphald
  • Enkeltromstillegg kr 2480, -
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips
  • Minimum tal deltakarar: 25
  • Maksimum tal deltakarar: 50
Transporttype: Ingen transport

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Framme i Molde: Velkommen og første foredrag

    Ein kan komme seg til Molde på mange måtar. Det går tog frå Oslo og Trondheim til Åndalsnes og buss vidare til Molde. Andre alternativ er fly eller privatbil. Ein kan også kombinere opphaldet med ei reiseoppleving med Hurtigruta både frå sør og nord.

    Etter innsjekking på hotellet vårt, møtest vi kl. 16.00 i konferansesalen på hotellet for velkomst og informasjon. Deretter får vi det første foredraget av Edvard Hoem med tittelen: Slåttekar i himmelen. Dette er den første romanen i slektskrønikene hans, og den er skatta av ein stor lesarkrins.

    Etter foredraget blir det fellesmiddag på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Rekneslia, Romsdal Museum, amerikabrev og Molde

    Etter frukost får vi dagens foredrag av Edvard Hoem med tittelen: Bror din på prærien. Her fortel han om slekta si som drog over havet og slo seg ned i Midtvesten i USA og i Canada. I foredraget byggjer Hoem framstillinga si på dei tre romanane som handlar om livssogene til slektningane: Bror din på Prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd.

    Etter foredraget vandrar vi frå hotellet til Rekneslia som var heimen til Knut Hansen Nesje (slåttekaren) og slekta hans. Her kikkar vi på løa som slåttekaren bygde.

    Frå Rekneslia går vi den korte vegen til Romsdalsmuseet og nyttar ein del av dagen der. Vi møtest i Auditoriet og får først sjå ein kort introduksjonsfilm om Romsdal og museet. Det er Edvard Hoem sjølv som er opplesar i filmen. Deretter får vi ei orientering om museet før det blir lunsj på Kafé Mali på museet. Etter lunsj får vi guiding rundt om på det flotte museet.

    Etter noko tid på eiga hand møtest vi utpå ettermiddagen på hotellet der historikaren Rasmus Sunde vil halde foredrag om boka si: Amerikabrev 1880-1950. Livssoga til to brør frå Romsdal.  Vi kosar oss i Molde resten av kvelden.
    (F, L)

  • Dag 3: Kristiansund, heimstaden til felemakaren, konsert i Vågøy kyrkje, diktarheimen til Edvard Hoem

    Vi startar dagen med frukost, og får deretter med oss foredrag av Edvard Hoem med tittel: Felemakaren. Dette foredraget tek utgangspunkt i den siste boka i familiekrønikene hans. Romanen handlar om Lars Olsen Hoem som var fødd i 1782. Han vart innkalla til teneste i marinen, og tidene var urolege under Napoleonskrigane. Lars vart teken til fange, og på fangeskipet lærer han kunsten å byggje feler av ein franskmann. Då han endeleg kom tilbake til Norge, slo han seg ned i Kristiansund, gifte seg og fekk sju døtrer. Han blir rekna som ein av dei fremste felemakaren i Norge.

    Denne dagen blir det ei stor utflukt. Først køyrer bussen oss til Kristiansund og til Smedvika der Felemakaraen hadde heimen sin. Vi får også noko guiding i Kristiansund før vi køyrer Atlanterhavsvegen til Hustad og vidare til Bud der vi stoppar for ein stor lunsj på restauranten Bryggjen i Bud. Turen går vidare langs Frænafjorden og Malmfjorden til Hoem. Her kikkar vi på skulehuset, der Edvard gjekk i sju år og på bedehuset, som bestefaren hans var ein forkjempar for. På Hoem opnar Edvard heimen sin for gruppa. Her blir det servert kaffi ute på tunet, og der får vi også ein samtale mellom Edvard Hoem og Rasmus Sunde om livet og diktinga til forfattaren.

    Etter opphaldet på Hoem køyrer bussen til Vågøy kyrkje og får konsert med Ine Kristine Hoem, dotter til Edvard. Ho er ein mykje etterspurd artist, og på denne konserten for Fotefar-gruppa vil ho syngje fleire av tekstane til faren. Mange kjenner til songane hennar Alt vi har kjært og Vi trenger ikke hage vi. Edvard er også med i konserten saman med dottera.

    Bussen vår køyrer oss så tilbake til Molde og hotellet. Middag på eiga hand.
    (F, L)

  • Dag 4: Veøy kyrkje, Jordmor på jorda og Bjørnstjerne Bjørnson

    Etter frukost held Edvard Hoem foredrag med tittelen: Jordmor på jorda. Han byggjer foredraget på romanen med same namn som handlar om tippoldemora hans, husmannsdottera Marta Kristine Nesje, som gjekk den lange vegen til Kristiania for å bli jordmor. Romanen skildrar både eit sterkt livsdrama og eit mektig kvinneportrett, som Hoem maktar å setje inn i eit historisk perspektiv.

    Denne dagen blir det utflukt med buss og båt. Bussen køyrer dei gamle vegane og stoppar først på Nesjestranda, i området der jordmora hadde heimen sin. Her blir det båttransport over til den idylliske Veøya, som var eit viktig knytepunkt i mellomalderen. På øya får vi orientering av ein dugande guide frå Romsdal museum om øya generelt, om den vakre Veøy gamle kyrkje frå ca. år 1200 og den imponerande prestegarden der. Elles medverkar Edvard Hoem inne i kyrkja og les noko frå boka Jordmor på jorda. Under opphaldet på Veøya er det også tid for lunsj med matpakken vår.

    Etter besøket på Veøya blir det båt tilbake til Nesjestranda, og bussen køyrer oss vidare innover til Nesset prestegard i Eidsvåg der far til Bjørnstjerne Bjørnson var prest, og der diktaren voks opp. På denne bussturen vil Hoem snakke om oppveksten til Bjørnson her inne ved fjorden i Romsdal.

    Vel framme på prestegarden vil  Edvard Hoem halde foredraget Europearen  Bjørnstjerne Bjørnson. I tillegg vil tilsette ved museet fortelje og vise oss rundt i dei gamle, flotte bygningane, og det blir høve til å kjøpe kaffi og noko lite å ete.  Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet.
    (F, matpakke, M)

  • Dag 5: Fredag 21. Juni – Avslutning og heimreise

    Etter frukosten denne siste dagen kan vi sjå fram til foredraget til Hoem med tittelen: Mors og fars historie.

    Dette foredraget baserer seg på soga til foreldra til diktaren, og fortel om faren som gifte seg med ei ung kvinne som hadde fått barn med ein tysk soldat mot slutten av krigen. Dette vart ein svært kritikarrost roman.

    Etter foredraget kan ein kjøpe fleire av bøkene til Hoem direkte frå diktaren som også signerer. Hugs elles å ta med ei eller fleire av bøkene hans og få med signatur.

    Både til Oslo og Trondheim kan ein reise med buss/tog om ettermiddagen og vere framme om kvelden. Elles kan ein nytte buss, båt, fly eller private bilar.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
17/6Molde317 950,-BestillMer informasjon