Image: Evy Kavli, Åndalsnes Avis.9. - 13. august 2027.
På denne turen møter vi Edvard Hoem på heimebane. Han er ein av dei aller fremste forfattarane i Norge i dag, og i tillegg er han ein sjeldan god formidlar. Kvar dag vil han halde foredrag om romanane sine som er baserte på verkelege personar og hendingar. Desse familiekrønikene hans frå Romsdal har gjort Hoem til ein særs populær og folkekjær diktar.
Under opphaldet får vi guida turar rundt om i vakre Romsdal. Vi spaserer eller blir køyrde til Rekneslia der oldefar til Edvard, «slåttekaren i himmelen», hadde heimen sin. Elles besøkjer vi stader som diktarheimen hans på Hoem, skulen han gjekk på, kikkar på bedehuset som bestefaren ivra for å få bygt og på vakre Vågøy kyrkje. Vi skal også på utflukt til idylliske Veøya der vi får høyre historia om øya med den vesle, gamle kyrkja og den store og spesielle prestegardsbygningen.
Eitt høgdepunkt elles blir busstur til Kristiansund og Smedvika der felemakaren, Lars Olsen Hoem, hadde heimen sin. På denne rundturen i skiftande landskap køyrer vi tilbake over Atlanterhavsvegen til Hustad, Bud, Vågøy kyrkje og til Hoem der Edvard opnar diktarheimen og les frå bøkene sine medan deltakarane får servert kaffi.
Edvard Hoem har skrive ein stor biografi om Bjørnstjerne Bjørnson, og vi legg opp til ein busstur til Nesset prestegard i Eidsvåg der Bjørnson voks opp. Her vil Edvard halde foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson.
Vi bur sentralt og godt på Scandic Alexandra i Molde.












