
9. - 13. april 2026.
Marie Olsson Nylander er ein av Skandinavias mest anerkjende interiørprofilar, kjend for si unike evne til å kombinere skandinavisk minimalisme med varme, fargar og personlegdom. Ho har i ei årrekke inspirert eit stort publikum, blant anna gjennom prosjekta sine på TV, som Husdraumar på Sicilia på NRK og Den italienske husdraumen på HBO og TVNorge.
På denne reisa får du oppleve Sicilia slik Marie sjølv opplever øya – nært, autentisk og estetisk. Marie deler av sine erfaringar og kjærleiken til det ekte og handlaga, og ho tek oss med heim til Palazzo Cirillo og det siste prosjektet hennar: 1-euro-huset i Sambuca. I tillegg blir ho med oss til den beste vintagemarknaden i Palermo.
Sicilia betyr mykje for Marie, og øya rommar alt ho elskar: lag på lag med historie, fargar, arkitektur, menneskeleg varme og små detaljar som ber spor av liv og tradisjon. Der andre ser gamle, fråflytta bygningar og ruinar, ser ho moglegheiter og skjønnheit. Dette blir ei inspirerande reise der interiør, kultur og Marie sitt engasjement og glød skaper minne for livet.
































