Nord-vest i Tyskland finn vi vindistriktet Mosel, eitt av verdas nordlegaste vinområde. Vinmarkene ligg langs den 250 km lange elva Mosel, og sideelvane Saar og Ruwer. Elva er eitt av dei sentrale elementa når det gjeld mogninga av druene i dette området, sidan solstrålane blir reflektert av elva. Skifergrunnen held godt på varme, og i det bratte terrenget får vinstokkane ekstra eksponering mot sola. Den skiferholdige jorda gjev også ei svært god drenering. Skiferen held på varmen frå sola, noko som kjem godt med på kjølige netter. Det ulendte terrenget gjer at så godt som all innhausting blir gjort for hand.
Tidleg om morgonen tek vi flyet frå Oslo til Frankfurt. Det er også mogleg å kjøpe turen utan fly, og då møter ein gruppa på flyplassen i Frankfurt denne morgonen. Bussen hentar oss på flyplassen og tek oss med innover i vakkert vinlandskap, før vi endar opp hjå den første vinprodusenten for lunsj og vinsmaking.
Etter lunsj legg vi, i ekte Merete Bø-stil, opp til endå ein vinprodusent før vi endar dagen på hotellet vårt i Zeltingen-Rachtig, som ligg midt blant vinraker langs Mosel. Vi avsluttar dagen med meir godt i glaset og felles middag.
(L, M)
Etter ein god frukost er det tid for dagens første vinbesøk. Merete har som vanleg plukka ut favorittprodusentane sine og legg opp til besøk på vingardar både før og etter lunsj.
Vindyrking i Mosel-regionen har svært gamle røter tilbake i tid. Det var romarane som introduserte kunnskapen då dei erobra området rundt år 16 e.Kr. Etter at Romerriket fall, førte klostera tradisjonen vidare, og mange av dagens kjente produsentar har historie tilbake til klosterdrifta på 1500-talet. Alt dette får vi høyre meir om på turen.
Denne kvelden vil det vere høve til å ete middag på eiga hand, eller ein kan bli med Merete og reiseleiar ut på ein lokal restaurant (ikkje inkludert i turprisen) der ho vil fortelje om kva type vin som passar til dei ulike matrettane.
(F, L)
Etter ein god frukost sjekkar vi ut frå hotellet vårt og reiser på vingardsbesøk. Det blir felles lunsj denne dagen også.
Mosel er verkeleg eitt av verdas mest særprega vinområder. Klimaet er kjølig, noko som gjev ein lang vekstsesong. Når druene modnast sakte, blir smaksbilete komplekst, og vinane blir både innbydande og delikate. Riesling er den mest brukte drua, og er kanskje ei av dei mest matvenlege druene som finnast. Som alle andre stader, handlar dette også mykje om produsenten. Alle som har høyrt podkasten «Eg kan ingenting om vin» vil kjenne att fokuset på produsentar når Merete fortel. Sjølv om Riesling er den mest brukte drua i Mosel (og Tyskland), vert det også dyrka andre druer som Weißburgunder (Pinot Blanc), Spätburgunder (Pinot Noir), Grauburgunder (Pinot Gris), Müller-Thurgau og Elbinger for å nemne dei mest vanlege.
Delar av ettermiddagen planlegg vi å bruke i den livlege småbyen Rüdesheim, der det vil vere høve til å rusle rundt i dei trivelege gatene, ta seg ein kaffi eller eit glas vin på ein av dei mange kafeane eller kanskje handle litt ekstra om du endå har plass i kofferten. Det vil også vere høve til å ete eit godt måltid (ikkje inkludert i turprisen), før vi dreg til flyplassen.
Flyet tilbake til Norge går frå Frankfurt om kvelden, og landar på Gardermoen rundt midnatt.
(F, L)
Vi skal vitje minimum 5 vinprodusentar. Meir informasjon vil bli lagt ut her.