
20.-22. mai 2026.
Fotefar er glade over å halde fram med dei opplevingsrike vinturane saman med vinjournalist og sommeliar Merete Bø. Denne gongen går reisa til eit område mange har ønskt seg, nemleg til Mosel i Tyskland. Merete er ein av Norges fremste vinekspertar og er den eine programleiarar i podkasten «Jeg kan ingenting om vin». Ho har også gitt ut ei rekke bøker om vin, anna drikke og mat.
På denne turen skal vi smake oss gjennom vinane til nokre av Merete Bø sine utvalde produsentar, der nokon har både store og kjende namn, medan andre er meir ukjende, men har like fullt smakfulle vinar. Undervegs får vi høyre og lære mykje om ulike sider av vindyrking og vinproduksjon. Vi skal også møte menneska bak vinane ved å få omvising på vinmarkene og komme inn i vinkjellarane. Elles får vi smake forskjellige typar vin som passar til matrettane vi et. Dette er ein tur for deg som er interessert i vin, men du treng absolutt ikkje vere spesialist.
Langs dei svingande elvebreiddene i Mosel ligg vinmarkene som har forma tysk vintradisjon i hundrevis av år. Her klamrar rankene seg fast i bratte bakkar, og vi vil oppleve elegante og friske vinar, særskilt laga av Riesling.









