Mosel med Merete Bø

20.-22. mai 2026. 

Fotefar er glade over å halde fram med dei opplevingsrike vinturane saman med vinjournalist og sommeliar Merete Bø. Denne gongen går reisa til eit område mange har ønskt seg, nemleg til Mosel i Tyskland. Merete er ein av Norges fremste vinekspertar og er den eine programleiarar i podkasten «Jeg kan ingenting om vin». Ho har også gitt ut ei rekke bøker om vin, anna drikke og mat.   

På denne turen skal vi smake oss gjennom vinane til nokre av Merete Bø sine utvalde produsentar, der nokon har både store og kjende namn, medan andre er meir ukjende, men har like fullt smakfulle vinar. Undervegs får vi høyre og lære mykje om ulike sider av vindyrking og vinproduksjon. Vi skal også møte menneska bak vinane ved å få omvising på vinmarkene og komme inn i vinkjellarane. Elles får vi  smake forskjellige typar vin som passar til matrettane vi et. Dette er ein tur for deg som er interessert i vin, men du treng absolutt ikkje vere spesialist. 

Langs dei svingande elvebreiddene i Mosel ligg vinmarkene som har forma tysk vintradisjon i hundrevis av år. Her klamrar rankene seg fast i bratte bakkar, og vi vil oppleve elegante og friske vinar, særskilt laga av Riesling. 

 

 

Pris frå:
26 755,-
Dagar: 3
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • 2 overnattingar hotell
  • 2 frukostar
  • 1 middagar
  • 3 lunsjar
  • Vinsmakingar som skissert i program
  • Merete Bø med på turen
  • Reiseleiar frå Fotefar
Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – Frankfurt t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad
Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 1290,-
  • Oppgradert hotellrom
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips
  • Minimum tal deltakarar: 14 personar

Bildegalleri

Viktig informasjon

 

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med Fotefar om denne turen er egna for deg. 
  • Omvising og vinsmakingar på minimum fire vinprodusentar. Informasjon om desse vil bli publisert når dette er klart. Kjenner vi Merete rett, dukkar det alltid opp ei overrasking på turen. 
  • Når vi er samla til måltida, vil Merete informere oss om vinane og plukke ut spennande vinar til maten. Dette gjeld dei måltida vi har inkludert i turprisen, men også når vi går ut og et saman utanom programmet. 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 20. mai – Tysklands mest romantiske vinlandskap

    Nord-vest i Tyskland finn vi vindistriktet Mosel, eitt av verdas nordlegaste vinområde. Vinmarkene ligg langs den 250 km lange elva Mosel, og sideelvane Saar og Ruwer. Elva er eitt av dei sentrale elementa når det gjeld mogninga av druene i dette området, sidan solstrålane blir reflektert av elva. Skifergrunnen held godt på varme, og i det bratte terrenget får vinstokkane ekstra eksponering mot sola. Den skiferholdige jorda gjev også ei svært god drenering. Skiferen held på varmen frå sola, noko som kjem godt med på kjølige netter. Det ulendte terrenget gjer at så godt som all innhausting blir gjort for hand.  

    Tidleg om morgonen tek vi flyet frå Oslo til Frankfurt. Det er også mogleg å kjøpe turen utan fly, og då møter ein gruppa på flyplassen i Frankfurt denne morgonen. Bussen hentar oss på flyplassen og tek oss med innover i vakkert vinlandskap, før vi endar opp hjå den første vinprodusenten for lunsj og vinsmaking.  

    Etter lunsj legg vi, i ekte Merete Bø-stil, opp til endå ein vinprodusent før vi endar dagen på hotellet vårt i Zeltingen-Rachtig, som ligg midt blant vinraker langs Mosel. Vi avsluttar dagen med meir godt i glaset og felles middag.  
    (L, M) 

  • Dag 2: Torsdag 21. mai – Når kvar dråpe fortel ei historie

    Etter ein god frukost er det tid for dagens første vinbesøk. Merete har som vanleg plukka ut favorittprodusentane sine og legg opp til besøk på vingardar både før og etter lunsj.    

    Vindyrking i Mosel-regionen har svært gamle røter tilbake i tid. Det var romarane som introduserte kunnskapen då dei erobra området rundt år 16 e.Kr. Etter at Romerriket fall, førte klostera tradisjonen vidare, og mange av dagens kjente produsentar har historie tilbake til klosterdrifta på 1500-talet. Alt dette får vi høyre meir om på turen.  

    Denne kvelden vil det vere høve til å ete middag på eiga hand, eller ein kan bli med Merete og reiseleiar ut på ein lokal restaurant (ikkje inkludert i turprisen) der ho  vil fortelje om kva type vin som passar til dei ulike matrettane. 
    (F, L) 

  • Dag 3: Fredag 22. mai – Tysk Riesling med stor vekt på friskleik, nerve og kompleksitet

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut frå hotellet vårt og reiser på vingardsbesøk. Det blir felles lunsj denne dagen også.  

    Mosel er verkeleg eitt av verdas mest særprega vinområder. Klimaet er kjølig, noko som gjev ein lang vekstsesong. Når druene modnast sakte, blir smaksbilete komplekst, og vinane blir både innbydande og delikate. Riesling er den mest brukte drua, og er kanskje ei av dei mest matvenlege druene som finnast. Som alle andre stader, handlar dette også mykje om produsenten. Alle som har høyrt podkasten «Eg kan ingenting om vin» vil kjenne att fokuset på produsentar når Merete fortel. Sjølv om Riesling er den mest brukte drua i Mosel (og Tyskland), vert det også dyrka andre druer som Weißburgunder (Pinot Blanc), Spätburgunder (Pinot Noir), Grauburgunder (Pinot Gris), Müller-Thurgau og Elbinger for å nemne dei mest vanlege.  

    Delar av ettermiddagen planlegg vi å bruke i den livlege småbyen Rüdesheim, der det vil vere høve til å rusle rundt  i dei trivelege gatene, ta seg ein kaffi eller eit glas vin på ein av dei mange kafeane eller kanskje handle litt ekstra om du endå har plass i kofferten. Det vil også vere høve til å ete eit godt måltid (ikkje inkludert i turprisen), før vi dreg til flyplassen.  

    Flyet tilbake til Norge går frå Frankfurt om kvelden, og landar på Gardermoen rundt midnatt.  
    (F, L) 

  • Vinprodusentar

    Vi skal vitje minimum 5 vinprodusentar. Meir informasjon vil bli lagt ut her. 

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
20/5OsloMoselMeir enn 831 555,-BestillMer informasjon
20/5FrankfurtMosel
Utan flyreise
Meir enn 826 755,-BestillMer informasjon