
16. – 19. oktober 2025
Bli med på feiringa av 200-årsjubileet til Johann Strauss i hans heimby Wien!
Ei uforgløymeleg reise til Wien, byen der Mozart, Beethoven og Strauss levde og skapte musikkhistoria. I løpet av fire innhaldsrike dagar får vi oppleve nokre av dei mest ikoniske musikalske arenaene i byen, guida av ingen ringare enn Arild Erikstad – kjend frå NRK og ein av Noregs fremste formidlarar av klassisk musikk.
I 2025 feirar Wien 200-årsjubileum for Johann Strauss jr., og eit av høgdepunkta under denne feiringa er nyoppsetjinga av hans mest kjende operette, Flaggermusen. Dette skjer på Theater an der Wien, operahuset der operetten blei framført første gong i 1874. Regien står husets operasjef, den norske Stefan Herheim, for. Herheim blir i dag rekna som ein av verdas fremste operaregisørar – kjent for originale, kreative og til tider provoserande oppsetjingar. Når Herheim set opp Flaggermusen, kan vi vente oss ei oppleving full av humor, overraskingar og ikkje minst ein underhaldande framsyning spekka med kjende melodiar og ariar.
Fagleg guide på denne turen er Arild Erikstad. Han har gjennom mange år kommentert både Nyttårskonserten frå Wien og Sommarkonserten frå Schönbrunn for NRK, og kjenner musikklivet i Wien betre enn dei fleste. Wien er utan tvil hans favorittby, og i tillegg til foredrag om byens rike musikkliv og ei introduksjon til Flaggermusen, vil han guide oss gjennom den utruleg vakre indre kjernen av byen.
Wien er òg kjent for sine trivelege restaurantar, eit mangfald av tradisjonelle matrettar og ikkje minst dei legendariske kafeane, som Café Central og Café Landtmann – møtestader for kunstnarar, forfattarar og musikarar gjennom fleire hundreår.