Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 9. november - Cardiff

    Fly frå Oslo og Bergen til London, buss til Cardiff, og innsjekking på hotellet vårt der. Cardiff er hovudstaden og den største byen i Wales, og har også mykje musikkhistorie. Vi får tid til å utforske byen, og om kvelden anbefaler reiseleiarane gode, tradisjonelle walisiske uteplassar. På pubar som Y Mochyn Du og The Owain Glyndŵr er der også ofte live folkemusikk, så viss vi er heldige, får vi med oss ei musikkoppleving.

  • Dag 2: Tysdag 10. november - Cardiff og Pontypridd

    Denne dagen set vi opp ei utflukt (mot tillegg i pris) til Tom Jones sin barndomslandsby, Pontypridd. Ein kan også oppleve Cardiff på eiga hand, og då anbefaler vi å besøke området Tiger Bay, der Shirley Bassey vaks opp eller ta turen innom Spillers Records – verdas eldste platebutikk frå 1894. Cardiff har norsk sjømannskyrkje sidan det har vore mange norske sjømenn her opp gjennom åra, og den er også verdt eit besøk.

    Om kvelden møtest vi til det første Utepils-showet med Bård og Finn. Vi kan garantere gode historier, og mykje spennande musikkstoff, alt servert med Bård og Finn sin lune humor.

    (F)

     

    Tysdag 10. november - Cardiff og Pontypridd
  • Dag 3: Onsdag 11. november - Bristol og cruisebåten vår

    Vi forlèt Cardiff om morgonen, og bussen vår tek oss tilbake til England, og til hamnebyen, Bristol som ligg fint til ved elva Avon. Byen er eit kulturelt sentrum i Vest-England og har ein blomstrande kunst- og musikkscene.

    Om ettermiddagen er vi klare til å gå om bord på cruiseskipet vårt for dei neste dagane. Ambition, vart nyoppussa i 2022 og er for cruiseskip å rekne ganske lite, med 713 lugarar totalt. Dei fleste av dei andre gjestene her er engelske turistar, og det er ei uformell og avslappa atmosfære om bord.

    Vi sjekkar inn i lugarane og gjer oss klare for «Back to the 80’s Sailing». Om kvelden blir det velkomstarrangement om bord og god stemning frå første stund.

    (F, M)

  • Dag 4: Torsdag 12. november - Back to the 80’s-cruise

    Om natta cruisar vi ut Bristol-kanalen, og når vi vaknar denne morgonen har vi passert Scilly-øyane og runda Cornwall på sørvest-tuppen av England.

    Om ettermiddagen går vi rett inn i 80’s nostalgien! Vi får konsertar med:

    • Carol Decker frå T’Pau (Heart & Soul, China In Your Hand)
    • Samantha Fox (Touch Me)
    • Wild Boys – The Ultimate 80’s Band med låtar frå Duran Duran, Phil Collins, Queen, Depeche Mode og Prince.

    I tillegg blir det mykje anna program, så, viss ein vil, kan ein bli med på quiz, dans, kostymekveld og 80-talls retrofest! Og sjølvsagt: dagens Utepils-show med Bård og Finn.

    (F, L, M)

    Torsdag 12. november - Back to the 80’s-cruise
  • Dag 5: Fredag 13. november - Til London

    Vi går i land etter frukost og bussen vår tek oss inn frå hamna Tilbury til London. Når vi kjem fram til hotellet vårt får vi eit nytt Utepils-show med Bård og Finn. Etter innslaget set vi opp ei utflukt med musikkvandring i Soho med Rolling Stones-fokus (mot tillegg i pris), elles står ettermiddagen fri til eigne opplevingar. Reiseleiarane anbefalar plassar ein bør få med seg, som legendariske The Troubadour, ein av dei siste attlevande sentrale musikk-kaféane i det som vart kalla The British Folk Revival. Her spelte Bob Dylan, Paul Simon, Joni Mitchell, Jimmy Page, Robert Plant og ein haug andre av dei store. Det som er utruleg med denne konsertstaden, er at mykje av interiøret er uforandra, så her kan ein verkeleg drøyme seg tilbake til Swinging London på 60- og 70-talet.

    (F)

  • Dag 6: Laurdag 14. november - Rocking London

    Denne laurdagen i London står rockehistoria i sentrum. Bård og Finn set tonen for dagen med eit nytt Utepils-show for oss på morgonen, før vi tek fatt på resten av dagen. Det blir utflukt (mot tillegg i pris) til Abbey Road Studios og The Clissold Arms, stampuben til The Kinks. Elles anbefaler vi middag på den originale Hard Rock Café for dei som ønskjer – med privat omvising i The Vault og rockehistorie du berre finn her. Reiseleiarane anbefaler også andre musikkattraksjonar, eller ein kan slappe av i sentrum med noko godt i glaset på kafe eller pub, eller reise på shopping i Oxford Street. Kvelden står fri til eigen disposisjon. Dei som er unge til sinns, kan forsette laurdagskvelden på byen i London. Reiseleiarane sjekkar om det er god livemusikk på The Trubadour eller andre stader.

    (F)

    Laurdag 14. november - Rocking London
  • Dag 7: Søndag 15. november - Heimreise

    Etter ein god frukost på hotellet får vi litt tid til å nyte det siste London har å syne oss. Deretter ventar bussen vår på oss for å ta oss til flyplassen og heimreise til Noreg.

    (F)