Musikktur til England og Wales med Bård Ose og Finn Tokvam

9. - 15. november 2026. 

Cardiff – Bristol - London

Velkommen med på ein fantastisk musikktur til dei britiske øyane. Våren 2025 gjekk radioprogrammet Populærmusikk ispedd litt sladder for siste gong på NRK P1. Det populære laurdagsprogrammet med Bård Ose og Finn Tokvam var over etter 22 år, men no kan du oppleve dei live på ei fantastisk reise til England og Wales, der dei på sin særeigne måte tek oss tilbake til musikken i Storbritannia frå 60-, 70- og 80-talet.

Vi startar med fly til London og buss til Cardiff i Wales der det blir utflukter til Cheltenham, fødebyen til Brian Jones frå The Rolling Stones, og Pontypridd, der Tom Jones voks opp. Ein kan også få med seg Tiger Bay i Cardiff, der Shirley Bassey budde i unge år. Deretter går turen til Bristol der vi går ombord i cruisekipet Ambition og er klare for to netters segling til London. Cruiset har «Back to the 80’s»-tema og Samantha Fox og vokalisten frå T’Pau, Carol Decker, skal opptre undervegs. Til slutt kan vi glede oss til to netter i  London med Kinks-, Beatles- og Rolling Stones-tema!

Det blir spennande musikkbyar, morosame musikalske anekdotar (ispedd litt sladder) frå Bård og Finn, livemusikk, guida turar og mykje anna å oppleve. Det er berre å glede seg!

Pris frå:
25 450,-
Dagar: 7
  • Inkludert for alle:
  • 6 overnattingar (4 hotell / 2 netter cruise)
  • Transport i følgje programmet (Cardiff – Cruise – London)
  • Cruise med Ambition
  • 6 frukostar
  • 2 middagar
  • 1 lunsj
  • Konsertar og anna program om bord på skipet
  • 3 Live UtePILS-show med Bård Ose og Finn Tokvam
  • Norsk reiseleiar frå Fotefar Temareiser

    Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise t/r frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Stavanger – London eller omkringliggande byar t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell første dag
  • Busstransport hamn-flyplass siste dag

    Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips, 7 pund per natt på cruiset (tilrådd)
  • Valfrie utflukter (mogelege val)
  • Utflukter arrangerte av cruiseselskapet
  • Aldersgrense for denne reisa er 18 år
  • Minimum tal deltakarar: 40 personar
  • Maks antal lugarar ombord: 680 lugarar

    Fordelsprogram:
  • A-kortet: 1000 kroner i rabatt per person med Aftenpostens fordelsprogram. Rabattkode - aftenposten.no/fordel

Om skipet:

Ambition

Vi seglar med skipet Ambition. Det har 680 gjestelugarar med senger til 1200 passasjerar. Det vart bygd i 1999 med siste oppussing i 2023, og har 10 gjestedekk og 6 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

Ein god del av passasjerane reiser med Fotefar. Vi blir mange som reiser for å sjå denne fantastiske reiseruta og høyre foredraga saman.

Viktig Informasjon:

  • Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.
  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.
  • På havcruise er vi usett for vêr og andre uforutsette hendingar. Skulle noko oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1 : Måndag 9. november - Cardiff

    Fly frå Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til London, buss til Cardiff, og innsjekking på hotellet vårt der. Cardiff er hovudstaden og den største byen i Wales, og har også mykje musikkhistorie. Vi får tid til å utforske byen, og om kvelden anbefaler reiseleiarane gode, tradisjonelle walisiske uteplassar. På pubar som Y Mochyn Du og The Owain Glyndŵr er der også ofte live folkemusikk, så viss vi er heldige, får vi med oss ei musikkoppleving.

  • Dag 2 : Tysdag 10. november - Cardiff og utflukter

    Denne dagen set vi opp utflukter (mot tillegg i pris) til Cheltenham, fødestaden til Brian Jones i Rolling Stones og Tom Jones sin barndomslandsby, Pontypridd. Ein kan også oppleve Cardiff på eiga hand, og då anbefaler vi å besøke området Tiger Bay, der Shirley Bassey vaks opp. Cardiff har norsk sjømannskyrkje sidan det har vore mange norske sjømenn her opp gjennom åra, og den er også verdt eit besøk.

    Om kvelden møtest vi til det første Utepils-showet med Bård og Finn. Vi kan garantere gode historier, og mykje spennande musikkstoff, alt servert med Bård og Finn sin lune humor.

    (F)

  • Dag 3 : Onsdag 11. november - Bristol og cruisebåten vår

    Vi forlèt Cardiff om morgonen, og bussen vår tek oss tilbake til England, og til hamnebyen, Bristol som ligg fint til ved elva Avon. Byen er eit kulturelt sentrum i Vest-England og har ein blomstrande kunst- og musikkscene.

    Om ettermiddagen er vi klare til å gå om bord på cruiseskipet vårt for dei neste dagane. Ambition, vart nyoppussa i 2022 og er for cruiseskip å rekne ganske lite, med 713 lugarar totalt. Dei fleste av dei andre gjestene her er engelske turistar, og det er ei uformell og avslappa atmosfære om bord.

    Vi sjekkar inn i lugarane og gjer oss klare for «Back to the 80’s Sailing». Om kvelden blir det velkomstarrangement om bord og god stemning frå første stund.

    (F, M)

  • Dag 4: Torsdag 12. november - Back to the 80’s-cruise

    Om natta cruisar vi ut Bristol-kanalen, og når vi vaknar denne morgonen har vi passert Scilly-øyane og runda Cornwall på sørvest-tuppen av England.

    Om ettermiddagen går vi rett inn i 80’s nostalgien! Vi får konsertar med:

    • Carol Decker frå T’Pau (Heart & Soul, China In Your Hand)
    • Samantha Fox (Touch Me)
    • Wild Boys – The Ultimate 80’s Band med låtar frå Duran Duran, Phil Collins, Queen, Depeche Mode og Prince.

    I tillegg blir det mykje anna program, så, viss ein vil, kan ein bli med på quiz, dans, kostymekveld og 80-talls retrofest! Og sjølvsagt: dagens Utepils-show med Bård og Finn.

    (F, L, M)

  • Dag 5: Fredag 13. november - Til London

    Vi går i land etter frukost og bussen vår tek oss inn frå hamna Tilbury til London. Innsjekking på hotell i sentrum. Resten av dagen fri til eigne opplevingar, pubar, musikalar, småklubbar. Reiseleiarane anbefalar plassar ein bør få med seg, som legendariske  The Troubadour, ein av dei siste attlevande sentrale musikk-kaféane i det som vart kalla The British Folk Revival. Her spelte Bob Dylan, Paul Simon, Joni Mitchell, Jimmy Page, Robert Plant og ein haug andre av dei store. Det som er utruleg med denne konsertstaden, er at mykje av interiøret er uforandra, så her kan ein verkeleg drøyme seg tilbake til Swinging London på 60- og 70-talet.

    (F)

  • Dag 6: Laurdag 14. november - Rocking London

    Denne laurdagen i London står rockehistoria i sentrum. Det blir utflukt (mogeleg val) til Abbey Road Studios og The Clissold Arms, stampuben til The Kinks. Elles anbefaler vi middag på den originale Hard Rock Café for dei som ønskjer – med privat omvising i The Vault og rockehistorie du berre finn her. Reiseleiarane anbefaler også andre musikkattraksjonar, eller ein kan slappe av i sentrum med noko godt i glaset på kafe eller pub, eller reise på shopping i Oxford Street.
    Om ettermiddagen samlast vi til det tredje og siste Utepils-showet – på hotellet i London. Vi gler oss til dei gode historiene, og til musikken som har følgt oss gjennom heile livet. Dei som er unge til sinns, kan forsette laurdagskvelden på byen i London. Reiseleiarane sjekkar om det er god livemusikk på The Trubadour eller andre stader.

    (F)

  • Dag 7: Søndag 15. november - Soho og heimreise

    Vi rekk ein tur til Soho, der vi har litt tid før avreise. Som valfri aktivitet (mot tillegg) kan du vere med på musikkvandring i Soho med Rolling Stones-fokus. Deretter ventar bussen vår på oss for å ta oss til flyplassen og heimreise til Noreg.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
9/11BergenCardiff - Ambition - LondonMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
9/11OsloCardiff - Ambition - LondonMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
9/11StavangerCardiff - Ambition - LondonMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
9/11TrondheimCardiff - Ambition - LondonMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
9/11Cardiff - Ambition - London
Utan flyreise
Meir enn 825 450,-BestillMer informasjon