Avreise frå Oslo og Bergen. Tilknyting frå andre byar ved førespurnad.
Vi landar i Nashville, og bussen vår køyrer oss til hotellet som ligg sentralt i byen, som har nær 700 000 innbyggarar og er hovudstaden i Tennessee (busstransport for dei som har bestilt turen inkludert flyreise). I tillegg til å vere senteret for countrymusikken, er Nashville kjend som byen der den økonomiske og kulturelle eliten i Tennessee har budd opp gjennom historia.
Etter frukost samlast gruppa, og reiseleiarane gir ei orientering om turopplegget og dagens program.
Allereie denne føremiddagen får vi oppleve den første minikonserten med Claudia Scott – ei nær musikalsk stund som gir ein smak av alt vi har i vente. Kanskje får vi høyre ein av hennar mange kjende låtar?
Deretter ruslar vi nedover Broadway og endar opp ved The Country Music Hall of Fame. Dette storslegne museet presenterer historia til countrymusikken på ein eineståande måte og er eit funn for alle musikkinteresserte. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser opptak av verdskjende artistar.
Dei som vil, et lunsj saman med reiseleiar på museet før dei blir med på shopping. Nashville har fleire store plateforretningar, så her kan ein gjere mange gode kupp. Fleire vil nok også ta turen innom Johnny Cash-museet.
Om kvelden er dei som har meldt seg på, klare for kveldens store oppleving, konserten på The Grand Ole Opry. Opphavleg var dette eit amerikansk radioprogram med fokus på country, bluegrass og gospel. I 1943 flytte dei innspelinga av programmet til Ryman Auditorium i sentrum av Nashville, før dei endra det igjen i 1974 til Opry House, som ligg utanfor byen. Vi får gode billettar til konserten, og på bussen dit fortel reiseleiaren om historia til den historiske konsertstaden. (Denne aktiviteten må bestillast før turen).
Etter at konserten er ferdig, kan dei som vil høyre meir musikk, ta ein tur på dei mange barane der banda spelar både swing, 60-talsrock, country og bluegrass. Her er det berre å hive seg med i dansen. Det er også mogeleg å få seg ein matbit, dersom nokon ønsker det.
(F)
I dag kan du sjølv velje om du vil vere med på ein aktivitet eller oppdage byen på eiga hand. Mange vel nok ein guida busstur i byen, der vi rundar av med eit besøk på legendariske RCA Studio B. Bussturen tek oss til mange kjende stader i Nashville si musikkhistorie. Her får vi blant anna sjå Riverfront Park, Ryman Auditorium, Schermerhorn Symphony Center, Tennessee State Capitol og Music Row. Vi har lokal guide og rundturen tek ca. to timar. Vi fortset med omvising på RCA Studio B. Dette var staden mange musikklegender spelte inn sine største hittar. Vi kan berre sjå for oss Elvis sitte i eit bekmørkt studio for å komme i rett sinnsstemning til å spele inn «Are You Lonesome Tonight». Han hadde over 200 innspelingar her. Albumet «From Elvis in Nashville» vart spelt inn i juni 1970 på berre fem, seks dagar. (Denne aktiviteten må bestillast før turen).
Om ettermiddagen kan vi gå innom ein av dei mange såkalla honky tonk-klubbane som er kjende for den beste live countrymusikken i verda. Nokre stader startar live-musikken opp alt i 11-tida på føremiddagen. Dei mest kjende klubbane er nok Tootsie’s og Robert’s Western World. Vi går og høyrer musikken og ser på folkelivet på Broadway.
(F)
Avreise frå Nashville. Bussen tek oss vestover i Tennessee til Memphis. Reiseleiarane fortel om musikken i området vi køyrer gjennom, og Claudia underheld oss litt med anekdotar og historier frå tidlegare besøk i området.
På vegen til Memphis stoppar vi på Brook Shaw Old Country Store for ein god buffélunsj i eit rom for oss sjølve. Etter måltidet får vi eit nytt musikalsk innslag av Claudia. Det blir god stemning, og mange vil nok synge med.
Framme i Memphis sjekkar vi inn på hotellet vårt og tek gjerne ein liten strekk etter bussreisa. Etterpå kan dei som vil, bli med på ei byvandring med reiseleiar. Her vil reiseleiaren peike ut fleire legendariske barar og bluesrestaurantar. Det blir også gode tips til kvar en finn god mat, drikke og livemusikk. På menyen står ekte Memphis Ribs eller Catfish; eit “must" når ein er i denne byen. Her blir det mykje spennande å oppdage.
(F, L)
I dag kan du velje om du vil ha tid på eiga hand i byen, eller vere med på ein full dag med fokus på rockehistoria frå 50- og 60-talet. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg før turen). Dei som melder seg på, startar dagen med ein guida busstur om Memphis si musikkhistorie med ein lokal guide. Vi stoppar på fleire viktige stader for rockehistoria. På Sun Studio der legender som Elvis, Jonny Cash og Jerry Lee Lewis spelte inn plater, blir det ein lengre stopp. Gruppa vår får omvising, og vi kan lytte til fleire av innspelingane.
Turen går så til berømte Graceland, Elvis sin heim gjennom mange år. Her får vi omvising (audioguide) i huset til Elvis, slik det var då han budde der. Staden der Elvis og hans næraste er gravlagde, er også spesiell.
Etter omvisinga går vi rundt om i dei mange bygningane på eigedomen og ser på filmar, konsertopptak og Elvis-effektar. Det er også tid til å sjå bilane, motorsyklane og flya til Elvis og elles vandre rundt i dei mange suvenirbutikkane på området før bussen køyrer oss tilbake til hotellet vårt.
Kvelden brukar vi på Beale Street og høyrer på fantastisk bluesmusikk. I denne gata ligg bluesklubbane tett i tett, og dei som vil, kan få ei stor musikkoppleving til måltidet.
(F)
Avreise frå hotellet etter frukost. Vi forlèt Tennessee og køyrer sørover gjennom det store Mississippi-deltaet der bluesen oppstod. Reiseleiarane fortel om Mississippi-musikken og om dei talrike musikarane derifrå som forma rocken og bluesen. Området er i dag eit av dei fattigaste strøka i USA, og etter mekaniseringa av jordbruket flytta mange herifrå til storbyar som Memphis og Chicago. I byen Jackson i Mississippi stoppar vi for buffélunsj, før vi reiser direkte til jazzens fødeby, New Orleans.
Hotellet vårt ligg godt plassert i byen, berre eit steinkast unna barar og gater med live musikk. New Orleans er ein by utan sidestykke. Her finn du ei fargerik blanding av europeisk og karibisk kultur, der jazzen blir spelt kvar kveld og byr på levande musikalske opplevingar. Du kan sjå den romantiske arkitekturen i det franske kvarteret eller la deg fortrylle av voodoo, kostymar og fest. Rett utanfor byen finst sumpar med alligatorar og store bomullsplantasjar.
Denne kvelden vil reiseleiarane gå til det som etter vår meining er den beste musikkgata i New Orleans, nemleg Frenchman street. Her svingar jazzen godt både i og utanfor barane.
(F, L)
Vi et ein god frukost på hotellet før vi startar på dagens opplevingar. Denne dagen kan du melde deg på ein guida busstur på 2 ½ time i og rundt New Orleans. (Denne aktiviteten må bestillast før turen.) Hovudtema er musikk og musikkhistorie, og i tillegg får vi også høyre om New Orleans si spennande historie, og kva som gjer byen så spesiell. Her møtest Sørstatane og impulsar frå Kariben, og Mississippi-elva bind byen saman med Midtvesten. I tillegg er dei spanske og franske røtene enno tydelege. Det vert framleis snakka fransk i delar av Louisiana.
Om kvelden kan dei som har meldt seg på, vere med til jazzklubben Preservation Hall. Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen. Der får vi verkeleg oppleve den autentiske New Orleans-musikken. (Mogleg val mot tillegg i pris).
Etter konserten som varer i ein knapp time, vil reiseleiarane vise kor vi kan sette oss ned for å lytte til endå meir jazzmusikk og nyte atmosfæren i fødebyen til Louis Armstrong. Ein rusletur på berømte Bourbon Street høyrer sjølvsagt med.
(F)
Vi startar dagen med ein rusletur saman med turleiarane til Jackson Square og dei mange koselege kaféane i dette området. Her kan ein høyre live jazzmusikk heile døgnet. Om ein vil handle, finst det mange små artige butikkar. Vi vil elles foreslå eit to-timars båtcruise på Mississippi-elva med ein ekte hjuldampar. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen).
Elles kan du bli med på ein busstur ut av byen. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen). Vi reiser til ein av dei historiske plantasjane. Her får vi innblikk i drifta, i tillegg til det harde livet til dei svarte som arbeidde på markane. Etter omvising får vi sightseeing i sumpen frå båten. Her segler vi gjennom dei smale kanalane i mangroveskogen som utgjer dette mystiske våtområdet. Mellom dei mosekledde trea finst det alligatorar i tusenvis. Etter båt turen blir det ein god lunsj på Oak Alley.
Etter ein vel overstått tur møtest vi siste kvelden til avsluttingsmiddag. Her nyt vi ein klassisk kreolsk middag med dessert. Claudia vil halde ein minikonsert, og vi feirar ei triveleg reise saman.
(F, M)
Vi har siste morgon saman på turen, og bussen kjem til hotellet for å køyre oss til flyplassen for avreisa (for dei som har bestilt turen med flyreise).
(F)
Flyreisa går over natta, og vi er framme i Norge neste dag.