Fly frå Oslo til Málaga. Bussen vår tek oss frå flyplassen i Malaga til Nerja, der vi skal bu dei neste seks nettene.
Etter innsjekking på hotellet samlast vi til velkomstmiddag på ein lokal restaurant. Her blir vi betre kjende med kvarandre og får ei kort orientering om programmet for dagane som ligg framfor oss. Lise Jacobsen gir ei første orientering om arbeidet vi skal gjere saman, og om kva som ventar oss i dagane som kjem.
(M)
Etter frukost på hotellet møtest vi og startar dagen samla. Lise innleier med refleksjonar kring det å vere til stades i augneblinken og korleis vi kan bruke fotografiet som eit verktøy for å sjå meir medvite.
Saman med ein engelsktalande lokal guide går vi ut på byvandring i Nerja. Guiden gir oss innblikk i byen si historie, kvardagsliv og arkitektur, medan vi arbeider praktisk med fotografering undervegs. Vi øver blikket for detaljar i smale smau, i spel mellom lys og skugge og livet som spelar seg ut i gatene.
Vi samlast til lunsj på ein lokal restaurant. Her ser vi på nokre av bileta som er tekne og samtalar om komposisjon, bruk av lys og korleis vi kan skape ro og retning i eit motiv. Elles snakkar vi om matfoto og borddekking og ser på korleis ein kan formidle stemning gjennom små detaljar.
Ettermiddagen og kvelden er fri til eigne opplevingar. Ein kan utforske meir på eiga hand, prøve ut det ein har lært, eller berre nyte stemninga i byen.
(F, L)
Etter frukost dreg vi frå Nerja og opp i fjella til den kvite landsbyen Frigiliana. Den ligg vakkert til med utsyn mot havet og er kjend for sine bratte, kvitkalka gater, blomstrande fasadar og handverkstradisjonar. Saman med ein lokal guide får vi innføring i historia til staden og korleis livet har vore her gjennom generasjonar.tradisjonar. Saman med lokal guide får vi innføring i historia til staden og korleis livet har vore her gjennom generasjonar.
Under vandringa arbeider vi med fotografering i eit nytt landskap. Her handlar det om linjer, nivå og djupn i bratte smau, kontrastar mellom lys og skugge, og om å fange stemninga i ein landsby som både er levande og tidlaus. På vegen snakkar vi om korleis ein kan fotografere klassiske postkortmotiv på ein personleg måte, og om korleis ein kan arbeide med portrett i naturleg lys.
Utpå ettermiddagen reiser vi tilbake til Nerja. Resten av kvelden er på eiga hand, og ein kan nytte tida til eigne opplevingar eller vidare utforsking av motiv i nærområdet.
(F)
Etter frukost dreg vi ut i landskapet til den vesle fjellandsbyen El Acebuchal, ofte kalla «den gløymde landsbyen». Saman med den lokale guiden får vi høyre historia om staden som vart fråflytta og seinare bygd opp att, og vi får innblikk i livet her før og no.
Vi går ein roleg tur i området og arbeider med naturfotografering undervegs. Her er det andre motiv enn i byane: opne landskap, strukturar i terrenget, fargar i vegetasjonen og linjer i fjellsidene. Lise gir rettleiing i korleis vi kan bruke naturleg lys, skape djupn i landskapsbilete og fange stemningar som formidlar ro og nærvær. På bussen snakkar vi om korleis ein kan arbeide med lys gjennom dagen og vere merksam på dei små skiftingane som skjer frå morgon til kveld.
Vi returnerer til Nerja tidleg på ettermiddagen. Lunsj er på eiga hand.
Seinare på dagen går vi samla gjennom byen mot utsiktspunktet ved Balcón de Europa. Her ventar vi på kveldslyset og arbeider med fotografering av solnedgang. Vi snakkar om eksponering, kontrastar og korleis ein kan balansere landskap og himmel.
Middag er på eiga hand i Nerja denne kvelden.
(F)
Etter frukost tek vi turen ned til stranda ved Playa Carabeillo. Dagens tema er portrettfotografering i naturleg lys, med havet og landskapet som bakgrunn. Vi ser på korleis vi kan bruke lysretning, avstand og bakgrunn for å skape ro i biletet, og korleis små justeringar i posisjon kan gi store utslag i uttrykket.
Vi snakkar om fokuspunkt, samspel mellom blender og lukkar, og korleis vi kan få fram personlegdom og nærvær i portrett. Undervegs ser vi på bilete som blir tekne, og Lise gir konkrete tilbakemeldingar og råd.
Resten av føre- og ettermiddagen er fri til strandliv, eigne motiv og vidare utforsking.
Om kvelden samlast vi til felles middag på ein lokal restaurant i Nerja. Dette blir ei sosial og uformell avslutning på dagen, med rom for samtalar om erfaringane så langt i veka.
(F, M)
Etter frukost er det høve til å bli med på ei utflukt (mogeleg val, mot tillegg i prisen), til Cuevas de Nerja. Desse imponerande grottene er blant dei mest kjende i Spania, med enorme salar, dramatiske formasjonar og eit heilt særmerkt lys.
Bussen tek oss til grottene. Saman med ein lokal guide får vi innføring i historia til området og korleis grottene vart oppdaga. Her blir det naturfotografering i eit annleis miljø enn tidlegare i veka.
Vi ser på korleis ein kan handtere svakt lys, kontrastar og store rom, og korleis ein kan formidle kjensla av rom og storleik i bileta. Lise snakkar om korleis vi kan bruke fotografiet til nærmast å kopiere ei oppleving, slik at den som ser biletet, får ei kjensle av å vere til stades.
For dei som ikkje ønsker å delta på utflukta, er dagen fri til eigne opplevingar i Nerja. Ein kan utforske byen vidare eller nyte rolege timar ved havet.
Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på ein lokal restaurant. Her ser vi tilbake på dagane vi har delt og samlar trådane før heimreise dagen etter.
(F, M)
Etter frukost er det tid for utsjekking og avreise frå hotellet. Felles transport til flyplassen i Málaga (for dei som har kjøpt turen med fly).
Flyavreise frå Málaga om kvelden, og vi er fram i Oslo seint på kvelden.
(F)