Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 24. februar - Reise og ankomst til Egypt

    Fly frå Gardermoen til Kairo (med mellomlanding). Bussen køyrer oss til hotellet ved flyplassen. Då reisene vil vere litt ulike for folk, er det ikkje lagt opp til noko program denne dagen.
    (mat/snack på fly)

  • Dag 2: Torsdag 25. februar - Kairo til Luxor

    Etter ein tidleg frukost/matpakke, tek bussen oss bort til terminalen igjen før avreise med fly til Luxor. Framme i Luxor hentar bussen oss på flyplassen og tek oss til Karnak, eit monumentalt og 4000 år gamalt tempel-kompleks. Dette området vart rekna som det mest heilage i Egypt i oldtida, og er utruleg å få oppleve med sine gigantiske søyler og store utstrekning. Etter dette sjekkar vi inn på cruisebåten MS Jaz Jubilee, som blir heimen vår dei neste dagane. Båten er utstyrt med restaurant, bar og eit stort soldekk med symjebasseng og høve til å trene, så her kan vi verkeleg ha fine dagar. Vi nyt vår første lunsj om bord før det første forelesninga til Terje Tvedt om rolla og historia til verdas mest kjende elv, «Nilen i myter og religioner».  

    Denne ettermiddagen er det tid for ein stemningsfull tur for å utforske Luxor-tempelet. Dette vert opplyst når mørket fell på og er ei stor oppleving å få med seg. Vi kan også anbefale ein rusletur på strandpromenaden, den såkalla «cornichen», som også er ein fin måte å sjå byen og folkelivet.

    Kvelden avsluttar vi med felles middag om bord på båten.
    (F, L, M)

    Torsdag 25. februar - Kairo til Luxor
  • Dag 3: Fredag 26. februar - Luxor

    Denne dagen byr på eit mangfald av opplevingar. Allereie tidleg om morgonen er det enkelte som skal opp før soloppgang for å delta på ein valfri luftballongtur over Luxor med spektakulær utsikt over det majestetiske landskapet (mogeleg val, mot tillegg i prisen). Desse får med seg frukost-boks frå båten. Etter denne luftige og minnerike opplevinga held turen fram til Kongenes Dal, Hatshepshut-tempelet og ein stopp ved Memnon-statuane. 

    Dei som ikkje har vore på utflukt med luftballong, startar dagen om bord med frukost, før turen til til Kongenes Dal, Hatshepshut-tempel og ein stopp ved Memnon-statuane. 

    Tilbake på båten samlar vi oss for lunsj. Denne ettermiddagen seglar vi mot Esna og slusene der. Før middag blir det ny forelesning med Terje Tvedt: “Nilen som verdens geografiske gåte nummer én.”
    (F, L, M)

    Fredag 26. februar -  Luxor
  • Dag 4: Laurdag 27. februar - Edfu og Kom Ombo

    Om du har lyst å nyte ein dag på soldekket, ved bassengkanten eller med ei god bok i skuggen av parasollane, er dette dagen for det. Om du heller vil oppleve meir av det historiske Egypt, kan du vere med på eit besøk på det storslagne Horus-tempelet i Edfu. Dette er eitt av dei best bevarte templa i heile Egypt og for mange ein viktig stopp. Hest og kjerre er framleis eit mykje brukt framkomstmiddel i denne delen av verda, og denne dagen vil vi nytte dette på turen gjennom byen til Horus-tempelet. Dette tempelet, dedikert til falkeguden Horus, imponerer med sine detaljerte skulpturar og komplekse design (mogeleg val, mot tillegg i prisen). 

    Tilbake på båten er det tid for lunsjen vår medan vi seglar vi mot Kom Ombo. Etter lunsjen kan vi framleis nyte sola på dekk, og har god tid til å ta inn det særeigne landskapet langs Nilen. Utsynet har endra seg lite gjennom tidene, og landbruket blir framleis drive etter tradisjonelle metodar.  

    På ettermiddagen stoppar vi ved Kom Ombo-tempelet (inkludert i turprisen), eit særeige dobbelttempel dedikert til gudane Sobek og Horus. Tempelet ligg ved krokodilleguden Sobek sitt sakrale kompleks og museet for krokodillemumiane.  

    Før middag er det tid for eit nytt foredrag med Terje Tvedt: “Fra faraoenes tid til det britiske Nil-imperiet". Felles middag om kvelden.
    (F, L, M) 

    Laurdag 27. februar - Edfu og Kom Ombo
  • Dag 5: Søndag 28. februar - Fritid i Aswan eller utflukt til Abu Simbel

    I dag ventar nye eventyr, og for nokre av oss startar dagen litt ekstra tidleg for å utforske dei majestetiske Abu Simbel-templa (mogeleg val, mot tillegg i prisen). Det er avreise tidleg (!) morgon, og vi køyrer gjennom ørkenen til Abu Simbel. Utflukta varer i om lag 9-10 timar. 

    Dei som ikkje er med på denne utflukta, kan nytte dagen på eiga hand i Aswan. Kanskje vil nokon handle bomull eller krydder på det lokale marknaden? Eller kanskje har ein drøymt om å sjå det historiske Old Cataract Hotel, der både Winston Churchill og Agatha Christie har budd? Reiseleiarar vil vere tilgjengeleg på båten for å svare på spørsmål og hjelpe til med tilrettelegging denne dagen.  

    Vi et lunsj om bord på båten midt på dagen før ettermiddagen byr på ein avslappande felucca-segltur (mogleg val, mot tillegg i prisen) som alternativ til aktivitet her.

    Denne dagen stiller reiseleiarane i Galabaia-antrekk til middagen, og det er kjekt om fleire har lyst å gjere dette (ingen tvang). Vi avsluttar kvelden med noko godt i glaset, gjerne på dekk! 
    (F, L, M)

    Søndag 28. februar - Fritid i Aswan eller utflukt til Abu Simbel
  • Dag 6: Måndag 1. mars - Aswan til Kairo

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut frå elvebåten. Før flyet vår går til Kairo, ventar nye opplevingar i Aswan. Vi besøker først den storslegne Aswandammen, ein imponerande ingeniørprestasjon som har forma landskapet og liva til menneska her på godt og vondt. Deretter tek vi turen innom det store steinbrotet, der vi kan lære meir om den intrikate kunsten å forme og skape monumentale obeliskar. Her ligg framleis verdas største obelisk, nesten ferdig utforma. Vi et lunsj i Aswan før vi om ettermiddag dreg til flyplassen for fly tilbake til Kairo. Vi sjekkar inn på hotellet vårt i Kairo. Denne dagen er det middag på eiga hand.
    (F, L)
     

  • Dag 7: Tysdag 2. mars - Kairo og pyramidane

    Dagen startar med ein god frukost på hotellet før vi skal få oppleve Kairo og pyramidane. Først går turen til Giza, 25 kilometer utanfor Kairo, for å besøke det nye egyptiske museet, Grand Egytptian Museum. Her får vi tid til å fordjupe oss i tusenvis av år med egyptisk historie gjennom ei imponerande mengd gjenstandar frå faraoane si tid. Dette er verdas største samling av oldsaker og mumiar frå det gamle Egypt, der Tutankhamon si gylne maske av 12 kilo gull er ein av dei mest kjende attraksjonane.

    Vidare får vi oppleve dei storslagne pyramidane og den kjende Sfinxen i Giza. Felles lunsj denne dagen. Buss tilbake til hotellet seint på ettermiddagen.

    Før middag blir det eit nytt foredrag med Terje Tvedt: “Menneskets årtusen lange kamp for å gjere seg til Nilens behersker.” Kvifor er «Egypt, pyramidanes land» blitt kalla «ei gåve frå Nilen» og kva er det spesielle ved den mest kjende elva på kloden?

    Middag om kvelden på eiga hand. Spør gjerne reiseleiarane om tips. Hotellet har fleire alternative plassar å ete.
    (F, L)

    Tysdag 2. mars - Kairo og pyramidane
  • Dag 8: Onsdag 3. mars - Tid i Kairo eller valfri dagstur til Alexandria

    Denne dagen kan du velje å bruke tida på eiga hand i Kairo sentrum eller på hotellet, eller du kan bli med på dagstur til den historiske byen Alexandria (mogeleg val, mot tillegg i prisen). I Alexandria skal vi besøke katakombene ved Kom El Shoqafa. Dette er eit underjordisk gravanlegg hogge ut i fjellet ein gong i dei første hundreåra etter Kristus. Når ein stig ned dei spiralforma trappene, kjem ein til labyrintane der gravkammera ligg, pynta med relieff og dekorasjonar. Her finn ein sarkofagar, gravnisjar og utsmykkingar som fortel historia om dei gamle rituala, dei daude si reise til livet etter døden. Dette skildrar Alexandria si rolle som eit kulturelt og religiøst knutepunkt i antikken. Eit besøk i katakombene ved Kom El Shoqafa er ei reise tilbake i tid og eit sterkt møte med dei skjulte skattane frå ein historisk epoke – ei oppleving som gjer djupt inntrykk og set varige spor.

    Etterpå besøker vi Bibliotheca Alexandrina, ein moderne rekonstruksjon av det legendariske Alexandriabiblioteket som vart øydelagt i år 391 e.Kr., teikna av norske Snøhetta. Denne dagen er det felles lunsj på ein lokal restaurant I Alexandria for dei som er med på dagsutflukta. Turen til Alexandria varer om lag 10 timar.

    Tilbake i Kairo får vi eit siste foredrag med Terje Tvedt, «Oppsummering av inntrykk og elven som et lands livline og selvsagt sentrum». Vi avsluttar kvelden med felles middag.
    (F, M)

  • Dag 9: Tysdag 9. mars – Heimreise

    Etter ein tidleg frukost er det tid for heimreise. Fly frå Kairo til Norge.
    (F, mat på fly)