
24. februar - 4. mars 2027.
Bli med på tur til Egypt og båtreise på Nilen saman med ein av verdas fremste ekspertar på elvas historie, Terje Tvedt. Den siste boka hans, Nilen – historiens elv, fekk strålande kritikkar. Ho vart ein bestseljar og er omsett til mange språk, mellom anna til arabisk. Mange har sikkert sett dokumentarfilmen hans på NRK, Kampen om Nilen. Gjennom foredraga sine vil han ta oss med på ei fascinerande reise i fortid og notid på den mest sagnomsuste av alle store sivilisasjonsskapande elvar.
Vi skal først til Luxor, der vi går om bord i elvebåten og gjer oss klar for turen opp Nilen. Her ventar fleire storslagne tempel, dei imponerande gravene i Kongenes dal og dei majestetiske Memnonstatuane. Deretter avsluttar vi vår eventyrlege reise i Kairo, der vi får oppleve fleire av Egypt sine kulturskattar. Her skal vi besøke det nyopna Grand Egyptian Museum, der dei presenterer ei stor samling av gjenstandar og forteljingar frå oldtida. Vi skal besøke dei imponerande pyramidane i Giza. I tillegg til dette kan dei som ønsker det, få høve til å bli med på ei spanande dagsutflukt til Alexandria, hamnebyen ved Middelhavet. Her får ein oppleve ei blanding av gammalt og nytt, og for mange er biblioteket teikna av Snøhetta hovudattraksjonen.
På denne reisa har Fotefar heile elvebåten for oss sjølve, og undervegs får vi gleda av å lytte til lærerike og engasjerande forelesingar frå professor Terje Tvedt om Nilen si historie og kulturelle betydning. Terje Tvedt har forska på Nilen i over 30 år. Elva er livsviktig for millionar av menneske der den renn gjennom 11 land. Men elva er også ei kjelde til krig, konflikt og kamp om ressursane. I rekka av forelesingane til Terje Tvedt blir vi med på ei fantastisk reise i den mektige elva si historie og i notid. Nilen har alltid vore i sentrum for storpolitikken. Her har både Tutankhamon, Cæsar, Churchill, Nasser og Bin Laden skapt verdshistorie, og i framtida kjem kampen om vatnet til å bli enno meir intensiv.
















































