Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 19. november - Frå istid til vikingtid

    Vi kjem fram til Thorbjørnrud Hotell på ettermiddagen. Alle tek seg dit på eiga hand. Etter innsjekking samlast vi til velkomst og informasjon om programmet for helga.

    Deretter held Terje Tvedt det første foredraget sitt: Geografi, periferi og flaks – frå fangstfolk til vikinger. Med utgangspunkt i dei naturgjevne føresetnadene for liv i nord skildrar han korleis geografi og klima forma skapte heilt bestemde føresetningar for samfunnsliv i Noreg.  

    Etter foredraget samlast vi til felles middag i restauranten på hotellet. På Thorbjørnrud Hotell står lokale råvarer i fokus. Med eigne kjøkenhagar, eigen vingard og tett samarbeid med lokale produsentar skaper hotellet matopplevingar med tydeleg forankring i tradisjonane i nærområdet. Kvelden gir høve til hyggelege samtalar og refleksjonar over dagens tema.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 20. november - Tenkjemåtar som forma landet

    Dagen startar med frukost før vi samlast til helgas andre foredrag.
    Tema for dette: Tenkemåters makt. Her utforskar Terje Tvedt korleis religion, idear, kultur og verdsbilete har påverka utviklinga av det norske samfunnet gjennom fleire hundreår.

    Etter foredraget kan dei som vil, bli med ei tur bort på Hadeland Glassverk, eitt av landets eldste industriføretak, der vi får innblikk i tradisjonar og handverk som har prega regionen i generasjonar. Ein kan utforske Hadeland på eiga hand, eller ein kan bli med på ei omvising som inkluderer ein lunsj (mogleg val mot tillegg i pris).

    Utover foredraga brukar ein dagen som ein vil, hotellet, området rundt, og Hadeland Glassverk har ulikt å by på av opplevingar.

    Hadeland Glassverk er næraste nabo til hotellet, og her er det mykje ein kan oppleve i «fritida» som tradisjonshandverk, spennande butikkar og inspirerande utstillingar i historiske omgjevnader. Ein kan til dømes blåse sitt eige glas, handle, holde på med kreative aktivitetar som måling og farging av lys, eller ein kan nytte seg av dei ulike serveringsstadane på området. Kanskje du kan få handla unna litt julegåver? Vi sender ut eit eige informasjonsbrev om aktivitetar etter kvart som dette er klart.  

    Jul på Hadeland
    Hadeland Glassverk er også kjent for at dei i heile november og fram til jul er pynta med tusenvis av lys, juledekorasjonar og ein stemningsfull julemarknad. Meir informasjon om dette vil stå i informasjonsbrevet om aktivitetar.

    Før middag møtest vi igjen til dagens andre foredrag, der Tvedt tek for seg følgjande emne: Norge og stormaktene. Gjennom fleire hundre år har landet vore prega av forholdet til sterke naboar og skiftande internasjonale maktstrukturar. Korleis har dette påverka utviklinga av den norske staten? Dette spørsmålet vil Terje Tvedt gje oss ein spennande analyse av og svar på.

    Om kvelden samlast vi til felles middag.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 21. november – Kultur, samfunn og det moderne Noreg

    Vi startar dagen med ein god frukost, før fleire opplevingar ventar.

    Etter frukost samlast vi til Terje Tvedt sitt fjerde og avsluttande foredrag: Tvang, undertrykking, ufriheit og verdas beste land? Gjennom ei kritisk og tankevekkjande gransking av norsk historie diskuterer Tvedt korleis Noreg kunne utvikla seg til eit land omverda igjen og igjen kårar til verdas mest demokratiske og velståande land.

    Etter ein liten beinstrekk, fortsett vi kvelden med ein aperitiff saman med ein introduksjon av Thorbjørnrud Vingard. Klimaendringar og aukande uvisse kring vinproduksjon i Sør-Europa inspirerte hotellet til å starte sin eigen vingard - Thorbjørnrud Vingard. Plasseringa ved Randsfjorden, med solrik eksponering og næringsrik jord, gjev gode vilkår for økologisk druedyrking. I juni 2022 planta Thorbjørnrud dei første vinrankene sine, med mål om å produsere fleire ulike vintypar som kvitvin, rosévin og ulike musserande vinar. Den første store innhaustinga skal finne stad hausten 2026.

    Vi avsluttar kvelden med sosialt samvær.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 22. november – Kunst, industri og heimreise

    Vi nyt ein god frukost før utsjekking frå hotellet. Det offisielle programmet for helga er over, men kanskje vil nokon bruke endå litt meir tid i området før heimreisa? Om nokon ikkje kjenner seg ferdig med Hadeland Glassverk er dette også ope på søndagar. Kistefos Museum er ope kun på sommaren, men skulpturparken til Kistefos er tilgjengelig heile året.

    Om skulpturparken
    Kistefos har meir enn 50 skulpturar i parken, laga av ulike samtidskunstnarar. Her er skulpturar av blant anna Yayoi Kusama, Olafur Eliasson, Anish Kapoor og Fernando Botero. Der førstnemnde er kjent det ikoniske prikkemønsteret sitt. Skulpturane er plassert for å vere i eit tett samspel med området. Noko er nærast dystert, andre er monumentale, medan nokre er meir leikne.

    Vi tek farvel etter ei lærerik og inspirerande helg med nye perspektiv på norsk historie.
    (F)