Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 2. september - Frå Paris til Rouen

    Avreise med fly frå Bergen og Oslo om morgonen. På flyplassen i Paris ventar bussen vår på gruppa. På vegen til Rouen fortel reiseleiarane Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde om Normandie generelt og om språket, kulturen og historia til denne regionen med sterke røter til Norge og vikingane. Undervegs stoppar vi for ein god lunsjpause og køyrer vidare gjennom eit flott landskap ved elva Seinen. Om ettermiddagen kjem vi til Rouen, som er hovudstaden i Normandie. Vel framme i byen sjekkar vi inn på hotellet vårt, som ligg midt i sentrum like ved den berømte katedralen. Etter litt avslapping på hotellet tek reiseleiarane med reisegruppa på ein liten gåtur for å sjå og høyre om til den berømte katedralen.

    Kvelden blir avslutta med fellesmiddag på ein restaurant like ved hotellet. Vi kosar oss med god mat og drikke, allsong under leiing av Sylfest og oppfordrar elles deltakarane til å komme med innslag.
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 3. september - Historisk vandring i Rouen

    Vi bruker heile dagen i Rouen og startar etter frukost med ei historisk vandring der vi deler reisegruppa i to. Få byar kan vise til ei så spennande historie som Rouen. For oss nordmenn er det verdt å merke seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuane. Saman med vikingar frå Danmark og Norge grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. Men mange historikarar meiner at Gange-Rolv var son til Ragnvald Mørejarl.

    Under den guida vandreturen ruslar vi rundt om i gamlebyen som er som eit stort utandørs museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorte verdskjend sidan han måla katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av Gange-Rolv eller Rollo.

    Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømt for kjetteri i 1431 og brent levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Vi kikkar på kyrkja før vi går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekke og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen. Lunsj på eiga hand.

    Resten av ettermiddagen til fri disposisjon. Rouen kan elles by på fleire interessante museum, spesielt eit smijernsmuseum som held til i ei kyrkje frå 1400-talet. Vi kan også foreslå Musée des Beaux-Arts, som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. I tillegg kan vi nemne Musée de la Ceramique – keramikkmuseet.

    Middag på eiga hand om kvelden, men dei som ønskjer det, kan gå saman med reiseleiarane til gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 3: Fredag 4. september - Honfleur, Bernay, Liseux og Caen

    Avreise frå hotellet etter frukost. Normandie har eit skiftande og frodig landskap og blir rekna som ein av dei vakraste regionane i Frankrike. Vi køyrer først ut til kysten med besøk i Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by på rundt 8000 innbyggjarar,  og blant anna fødebyen til komponisten Erik Sate og målaren Eugene Boudin. Her deler vi reisegruppa i to, og reiseleiarane viser dei største attraksjonane. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei imponerande trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned. Elles gir vi oss god tid i byen, ruslar rundt i dei idylliske smågatene og et gjerne lunsj på ein av dei mange trivelege restaurantane ved hamna.

    Etter lunsj dreg vi vidare mot byen Caen og undervegs stoppar vi i den vesle byen Bernay der bestemor til Edith Piaf dreiv bordell. Her budde den vesle jenta som liten. Ho miste synet, og nokre av dei prostituerte tok med seg Edith til katedralen i Lisieux. Framfor alteret der bad dei til Gud om at synet til jentungen vart berga, og underet skjedde. Den vesle jenta fekk faktisk synet tilbake. Sylfest vil fortelje om dette og det gripande livet til den store songerinna.

    Til slutt køyrer vi til Caen som var residensbyen til Vilhelm Erobraren. I dag har Caen rundt 120 000 innbyggjarar, og var ein av byane i Frankrike som vart mest bomba og øydelagd under krigen. Caen var eit viktig knytepunkt for dei allierte etter den allierte landgangen på strendene i Normandie 6.juni 1944. Det tyske forsvaret av byen vart langt sterkare enn forventa, og først etter massiv bombing i seks veker, trekte dei tyske styrkane seg ut av byen. Bombinga gjekk hardt utover sivilbefolkninga og få av dei gamle bygningane stod att etter krigen. I sentrum finn vi  framleis tre markante monument frå Vilhelm si tid, nemleg restane av borga hans og dei to flotte katedralen Abbaye aux Hommes og Abbaye aux Dames. Elles er byen nydeleg restaurert med vakker arkitektur og koselege gågater.

    Om kvelden blir det fellesmiddag på ein restaurant like ved hotellet. Her har vi eit eige rom for reisegruppa slik at vi skal kunne underhalde kvarandre med song og gode historier. Sylfest har med gitaren sin og leiar allsongen.
    (F, M)

    Fredag 4. september - Honfleur, Bernay, Liseux og Caen
  • Dag 4: Laurdag 5. september - Guida vandretur i Bayeux og Caen Memorial

    Denne dagen skal vi til Bayeux, ein by med mykje historie. Museet med det berømte Bayeux-teppet er under renovering, og det er diverre ikkje mogleg å få sjå det orginale teppet. Vi har likevel eit bra alternativ då vi har dei menge bileta av teppet på ein PC.  Dei vil vi vise og fortelje om på eit rom på hotellet vårt før vi dreg til Bayeux om morgonen.

    Bayeux er ein idyllisk småby på ca. 15 000 innbyggjarar og var svært sentral i vikingtida. Her snakka dei truleg det felles norrøne språket aller lengst. Son til Gange-Rolv, Vilhelm Langspjut, som Snorre Sturlason kalla han, var fødd her. På vandreturen deler vi reisegruppa i to og startar ved turistinformasjonen. Det er laurdag, og vi går først til den lokale marknaden og kikkar på folkelivet. Etterpå vandrar vi vidare gjennom dei små, koselege gatene til de Gaulle-plassen. Det var nettopp her Charles de Gaulle kom tilbake frå England i juni 1944 og proklamerte det frie Frankrike, då Bayeux var den første byen som vart fri. Like i nærleiken finn vi den storslegne og vakre domkyrkja Notre Dame.  Etter å ha sett og høyrt om katedralen, er det tid for lunsj på eiga hand, og reiseleiarane viser trivelege restaurantar.

    Vi har litt ekstra tid i Bayeux før bussen vår køyrer oss tilbake til Caen.  Her legg opp til eit frivillig besøk på det store krigsmuseet Caen Mémorial for dei som ønskjer det (pris ca. 15 Euro). Dette er eit veldig bra museum om Den andre verdskrig, men også noko om Den første verdskrigen og Den kalde krigen. I tillegg får vi sjå ein film på 25 minutt som handlar om invasjonen i Normandie. Mottoet for museet er: «Aldri meir krig!».

    Det blir tid på eiga hand i Caen for dei som ikkje blir med på museet.

    Om kvelden blir det fellesmiddag på ein restaurant like ved hotellet. Her har vi eit eige rom for reisegruppa slik at vi skal kunne underhalde kvarandre med song og gode historier. Sylfest har med gitaren sin og leiar allsongen.
    (F, M)

  • Dag 5: Søndag 6. september - Minnesmerka frå invasjonen i Normandie

    Heile denne dagen nyttar vi på minnesmerka frå invasjonen i Normandie. Vi startar frå hotellet og køyrer til landgangsstrendene for D-dagen 6. juni 1944. Første stopp er Pegasus Bridge like nord for Caen. Deretter stoppar vi i den vesle byen Hermanville-sur-Meir, der vi finn Orlogsgasten. Denne statuen er eit minnesmerke over nordmenn som fall i Normandie under invasjonen. Derifrå køyrer vi vestover landgangsstranda til Arromanches. Her kan dei som vil, sjå ein 360 graders film frå D-dagen (kostar ca. 5 euro) og elles besøkje Landgangsmuseet. Ein kan også berre rusle rundt i den vesle byen, og tida er inne for lunsj på eiga hand.

    Etterpå dreg vi vidare langs stranda til Omaha, der dei hardaste kampane rasa på D-dagen. Her stoppar vi på den amerikanske krigskyrkjegarden før vi køyrer vidare til Pointe du Hoc der tyskarane hadde sterke kystartilleristillingar. Før vi returnerer til Bayeux, køyrer vi innom den tyske krigskyrkjegarden.

    Om kvelden er det middag på eiga hand i Caen, og reiseleiarane hjelper til med å anbefale gode restaurantar.
    (F)

    Søndag 6. september - Minnesmerka frå invasjonen i Normandie
  • Dag 6: Måndag 7. september - Mont St. Michel

    Etter frukost startar vi på heildagstur til Mont St. Michel. Dette klosterkomplekset med kyrkja og klosteret på toppen av den vesle, pyramideliknande øya må berre opplevast. I Berlitz Store Reiseguider om Frankrike står følgjande: Uansett trosretning bør man en eller annen gang ta en pilegrimsferd til denne kristendommens høyborg.

    Tidlegare kunne ein berre gå tørrskodd til øya ved fjære sjø, men no er det bygd veg. Vi gir oss god tid her. Dei fleste i gruppa vil gjerne få med seg klosteret og kyrkja på toppen av øya (inngangspengar ca. 8 Euro), og midt på dagen er det messe i klosterkyrkja. Andre i gruppa vil kanskje berre rusle rundt på eiga hand. Her er det mange småbutikkar, museum og restaurantar i dei tronge gågatene, og vi tek lunsj på eiga hand. Avreise frå Mont St. Michel til Caen og hotellet utpå ettermiddagen.

    Middag på eiga hand i Caen om kvelden.
    (F)

  • Dag 7: Tysdag 8. september - Caen, Giverny, Claude Monet og Paris

    Etter frukost blir det avreise med kurs for Paris. På bussturen vil reiseleiarane fortelje om fransk mat og vin, historie og politikk.

    Vi får ein god stopp i den vesle, vakre byen Giverny og opplever den verdsberømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Her gir vi oss god tid og besøkjer også heimen hans, der vi kan sjå mange av kunstverka hans. Etterpå kan vi kose oss og ete lunsj på ein av dei trivelege restaurantane. Kanskje får vi også med oss besøk på eitt av kunstgalleria i byen.

    Etter nokre fine timar i Giverny, er det på tide å setje seg i bussen att og køyre mot hotellet i Paris. Her får vi avslutningsmiddag i eige lokale på hotellet. Sylfest underheld med song og gitarspel.
    (F, M)

  • Dag 8: Onsdag 9. september - Heimreise 

    Hotellet ligg på flyplassen, og vi går samla ca. 700 m til gratis transittlinje som tek oss til terminalen. Avreise med fly om formiddagen til Oslo og Bergen. 
    (F) 

  • Viktig informasjon

    Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.