
2. - 9. september 2026.
Er du interessert i å oppleve unik kultur, spennande historie og fransk mat og vin saman med eit triveleg reisefølgje? Då kan ei temareise til frodige og vakre Normandie vere midt i blinken for deg!
På turen besøkjer vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den berømte hagen til målaren Claude Monet i Giverny, den pittoreske småbyen Bayeux, den vakre byen Rouen med den verdskjende katedralen og dei mange nydelege bindingsverkhusa der.
For oss nordmenn er det verdt å merke seg at namnet Normandie tyder «mennene frå nord». Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og om D-dagen under Den andre verdskrig vil du høyre om på denne turen.
Fotefar temareiser er så heldige å ha med den kjende språkmannen, professor Sylfest Lomheim til Normandie. Han kjenner området svært godt sidan han underviste på universitetet i Caen i tre år. Den andre reiseleiaren er historikaren Rasmus Sunde, som har vore med på turar til Normandie mange gonger.










