Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 26. juli - Avreise til Færøyane, Kirkjubøur og Tórshavn

    Fly både frå Bergen, Oslo, Stavanger og Trondheim til Vága flóghavn på Færøyane. Når vi er framme, køyrer bussen oss gjennom eit vakkert landskap, og reiseleiaren fortel om historia og samfunnet til dette fascinerande øysamfunnet. 

    På veg til Tórshavn tek bussen ein kort avstikkar til Kirkjubøur der vi får lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson og servert ein god lunsj. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her voks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus-katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg kongsgarden som har høyrt til den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha komme frå Kaupanger i Sogn. 

    Vi dreg vidare til Tórshavn og sjekkar inn på hotellet vårt.  

    Om kvelden blir det felles middag på hotellet for å bli betre kjende med kvarandre.  
    (L, M)

    Søndag 26. juli - Avreise til Færøyane, Kirkjubøur og Tórshavn
  • Dag 2: Måndag 27. juli - Gjògv og Klaksvik

    Vi startar dagen med ein god frukost. Etter det reiser vi på ein ugløymande guida busstur i eit fantastisk landskap. Dette er ei heildagsutflukt (mogeleg val) som kjem med tillegg i prisen. Turen går først over til Esturoy og til den vesle bygda med den utrulege naturhamna, Gjógv, som har Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. På denne strekninga passerer vi det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er 880 meter høgt. Ute i havet kan vi, om veret tillét det, betrakte dei berømte steinformasjonane Risin og Kellingin.  

    Etter Gjógv går turen i retning øya Borðoy og Klaksvík som er den nest største byen på Færøyane. På vegen passerer vi stader som Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned.  Det blir lunsj i Klaksvik.  

    Etter lunsj køyrer vi sørover att retning Torshavn. I Gøtugjógv med Gøtu Kirkja stoppar vi for å sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.  

    Middag på eiga hand.  
    (F, L) 

  • Dag 3: Tysdag 28. juli - Streymoy, Vestmanna og opninga av Ólavsøka

    Denne morgonen startar vi på ein busstur med spennande opplevingar til eineståande attraksjonar rundt om på Streymoy. Dette er eit mogeleg val på reisa, mot tillegg i prisen. Målet  for denne utflukta er bygda Vestmanna med båttur til dei utrulege fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten fører oss tett opp til dei stupbratte klippene og inn i grotter, og dette trur vi vert eit av høgdepunkta på heile opphaldet. Sjølve båtturen tek to timar, og vi er tilbake i Tórshavn før lunsj-tid. Lunsjen er på eiga hand. 

    Deretter blir vi med på den offisielle opninga av Ólavsøka med skrúðgonga eller prosesjonen. Dette er ikkje berre startskotet til den største feiringa på Færøyane, men også ei rituell handling med lang tradisjon. Først i toget kjem ein mann ridande med Merkið – det færøyske flagget, og deretter følgjer musikkorps, byrådsmedlemmer, idrettsfolk og hestar gjennom hovudgata. Folk samlar seg framfor Lagtinget, og ein utvald person held talen som innleiar den store nasjonale festen. Det er eit yrande liv med fullt av folk i gatene. 

    Denne ettermiddagen samlar tusenvis av folk seg for å sjå på kapproinga ved hamna. Dette er ein av dei aller største attraksjonane under Ólavsøka. Vi seier at nordmenn er fødde med ski på beina, men færøyingane er fødde med årer i hendene. 

    Om kvelden er det middag på eiga hand. Om kvelden står ein fritt til å vere ute på byen, ta del i det folkelivet og den livlege feiringa. Det er berre breie smil og lettliva menneske å sjå, og vi nordmenn har alltid vore populære gjester på Færøyane.  
    (F) 

    Tysdag 28. juli - Streymoy, Vestmanna og opninga av Ólavsøka
  • Dag 4: Onsdag 29. juli - Opninga av Lagtinget og oppleve Ólavsøka

    Om føremiddagen på sjølve nasjonaldagen er opninga av Lagtinget etter sommarferien den viktigaste posten på programmet. Der held lagmannen (statsministaren) ein tale som politikarane har høve til å kommentere i dei etterfølgjande dagane. Før sjølve opninga er det ein seremoni med ein prosesjon frå Lagtinget til gudsteneste i Domkyrkja. Fremst i følgjet finn vi lagmannen og biskopen, og deretter kjem prestar og politikarar på rekke og rad. Ein slik dag er kyrkja stappande full av folk. 

    Etter gudstenesta går dei same folka i prosesjon til Lagtingshuset og møter folkemengda der. Det blir innslag av klassisk musikk og korsong før oppføringa av Ólavsøka Kantate, komponert av Sunnleif Rasmussen. Han byggjer verket sitt på historia til færøysk musikk med folketonar, salmar og heilt moderne musikk. 

    Om ettermiddagen kan ein sjølv velje ut kva ein vil ta del i. Det er mykje å oppleve desse dagane som tivoli, hesteløp, dans, musikktilbod og kunstutstillingar. 29. juli er den største festdagen på Færøyane. Mange stiller i fargerike bunader, og folk dansar dei tradisjonelle ringdansane, som vi også kan ta del i. Ein av dei mest populære er «Ormurin Langi» med åtti vers. Kvadet handlar om «Ormen Lange», langskipet til Olav Tryggvason og slaget ved Svolder. 

    Det er bestilt middag til alle denne dagen, Ólavsøka-buffét, som ein et når ein vil. Vi kan samlast i baren på kvelden for å hygge oss saman og mimre over det vi har opplevd desse dagane. 
    (F, M)

  • Dag 5: Onsdag 30. juli - Heimreise

    Dette er dagen for heimreisa. Bussen vår køyrer oss til flyplassen (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise), for fly tilbake til Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. 
    (F)