Vi startar tidleg morgon frå Sandane, med høve til påstiging undervegs. Turen går gjennom Våtedalen til Skei, Sogndal og over Hemsedalsfjellet til Golsfjellet.
Det blir korte stopp undervegs, og vi skal ete lunsj i Hemsedal.
Framme på Oset sjekkar vi inn på hotellet, og blir ønskt velkomen med kaffi og noko søtt attåt. Om kvelden er det felles middag, og kanskje nokon vil ta seg ein svingom på dansegolvet?
(L, M)
Vi startar dagen med frukost på hotellet, før vi set oss i bussen som køyrer gjennom det vakre fjellandskapet til Beitostølen og Bygdin. På Beitostølen stoppar vi med det vakre Lyskapellet, som vart bygd etter ønske frå Anna og Erling Stordahl og fungerer i dag både som kyrkjestad, meditasjonsrom og kulturarena. Ifølgje fleire kjelder var motivasjonen deira knytt til ønsket om å skape ei økumenisk kyrkje og ein stad for ro, ettertanke og åndeleg nærvær ved Beitostølen, ikkje minst i tilknyting til Beitostølen Helsesportsenter, som dei også stod bak. Dei rakk aldri å oppleve det før det døydde, men kapellet vart bygd av midlar frå testamenta deira.
Det blir felles lunsj denne dagen, før vi går om bord i MS Bitihorn, ein båt som har sommarrute på innsjøen Bygdin, ei av dei mest tradisjonsrike båtrutene i høgfjellet. Båtferda er ei oppleving i seg sjølv: vatnet og dei bratte fjellsider gjer at utsikta stadig skifter. Dette trur vi blir ei roleg, vakker og minneverdig tur, og ein får kjenne på den heilt eigne stemninga som har lokka fjellfolk hit i generasjonar.
Framme ved idylliske Eidsbugarden blir vi henta av bussen vår, som køyrer oss tilbake til Oset gjennom vakkert kulturlandskap, langs fjellvatn og gjennom dalar omkransa av mektige fjell.
Tilbake på Oset blir det felles middag, før vi fortset kvelden med god prat, og kanskje nokon vil ta seg ein svingom på dansegolvet?
(F, L, M)

Denne dagen vender vi blikket mot tradisjon og ekte fjellkultur. Området vi er i no, er blant dei i landet vårt med flest aktive stølar igjen. Vi skal besøkje ein av desse der drifta framleis går føre seg på “gamlemåten”. Her kan vi mimre over og få oppleve eit miljø der folk og dyr framleis følgjer dei gamle rytmane som skaper den heilt særeigne stølsstemninga. Vertskapet tek imot oss, og vi får eit innblikk i korleis stølsdrifta har vore ein berebjelke i fjellandbruket gjennom generasjonar. Det blir tid til både å smake, sjå og lytte.
Vi skal også ha omvising i den stemningsfulle Oset Fjellkyrkje i dag. Ho vart bygd på byrjinga av 80- talet etter at Gudrun og Asle Hesla hadde sett ei tilsvarande kyrkje i Telemark. Dei tok straks kontakt med lokale resurspersonar, og saman med fleire andre fekk dei bygde kyrkja og dekorert ho med vakre utskjeringar.
Som lunsj denne dagen, vil det vere tradisjonsmat som står i fokus, og vi vil elles få tid til å nytte oss av fasilitetane på hotellet. Om kvelden blir det på nytt felles middag og høve til ein svingom på dansegolvet.
(F, L, M)

Etter ein god frukost er det tid for heimreise. Vi skal køyre via Fagernes og Vang til Tyinkrysset og vidare til Årdal. Denne ruta er vi mange som ikkje køyrer så ofte. I Årdal blir det lunsj, og vi skal få høyre litt om Hydro og kor viktig denne fabrikken har vore for lokalsamfunnet her. Som vanleg legg vi opp til nokre små stopp undervegs. Frå Årdal går turen til Fodnes, Sogndal og heim.
(F, L)