Oset Fjellhotell saman med pensjonistlaga i Gloppen

31. august - 3. September 2026.

«Raushet og omsorg siden 1880.» Oset Fjellhotell har røter tilbake til 1880, då Guri og Peder Narum tok imot dei første gjestane på det som då var stølen. Det som starta med nokre få rom, har gjennom generasjonar utvikla seg til dagens hotell. Det er framleis i same familien og vert no drive av femte generasjon, Gudrun og Per Jørgen, der gjestfridom, god mat, kreativitet og løysingsvilje alltid har vore kjenneteikn på drifta. I dag har hotellet 100 rom og moderne fasilitetar som basseng, restaurant, konferanserom, fjellbistro, frisbeegolf, utebadstove og lavvo, men viktigast er framleis den varme servicen og viljen til å finne gode løysingar for kvar gjest.

I tillegg til å vere på Oset, legg vi opp til ein tur med MS Bitihorn, båten som om sommaren går mellom Bygdin og Eidsbugarden. Vi skal også besøkje Lyskapellet på Beitostølen.

I dei vakre fjellområda i Valdres og Hallingdal finn ein enno mykje aktiv stølsdrift, og på turen skal vi innom ein av desse.

Pris frå:
9 505,-
Dagar: 4
  • Busstransport som vist i programmet
  • 3 overnattingar på hotell
  • 3 frukostar
  • 3 middagar
  • 4 lunsjar
  • Program og billettar som skissert turprogram


Ikkje inkludert:
  • Enkeltromstillegg kr 1 200,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips


  • Minimum tal deltakarar: 35 personar


Transporttype: Buss

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 31. august – Sandane til Oset over Hemsedalsfjellet

    Vi startar tidleg morgon frå Sandane, med høve til påstiging undervegs. Turen går gjennom Våtedalen til Skei, Sogndal og over Hemsedalsfjellet til Golsfjellet.

    Det blir korte stopp undervegs, og vi skal ete lunsj i Hemsedal.

    Framme på Oset sjekkar vi inn på hotellet, og blir ønskt velkomen med kaffi og noko søtt attåt. Om kvelden er det felles middag, og kanskje nokon vil ta seg ein svingom på dansegolvet?
    (L, M)

  • Dag 2: Tysdag 1. september – Beitostølen, Bygdin og Eidsbugarden

    Vi startar dagen med frukost på hotellet, før vi set oss i bussen som køyrer gjennom det vakre fjellandskapet til Beitostølen og Bygdin. På Beitostølen stoppar vi med det vakre Lyskapellet, som vart bygd etter ønske frå Anna og Erling Stordahl og fungerer i dag både som kyrkjestad, meditasjonsrom og kulturarena. Ifølgje fleire kjelder var motivasjonen deira knytt til ønsket om å skape ei økumenisk kyrkje og ein stad for ro, ettertanke og åndeleg nærvær ved Beitostølen, ikkje minst i tilknyting til Beitostølen Helsesportsenter, som dei også stod bak. Dei rakk aldri å oppleve det før det døydde, men kapellet vart bygd av midlar frå testamenta deira.

    Det blir felles lunsj denne dagen, før vi går om bord i MS Bitihorn, ein båt som har sommarrute på innsjøen Bygdin, ei av dei mest tradisjonsrike båtrutene i høgfjellet. Båtferda er ei oppleving i seg sjølv: vatnet og dei bratte fjellsider gjer at utsikta stadig skifter. Dette trur vi blir ei roleg, vakker og minneverdig tur, og ein får kjenne på den heilt eigne stemninga som har lokka fjellfolk hit i generasjonar.

    Framme ved idylliske Eidsbugarden blir vi henta av bussen vår, som køyrer oss  tilbake til Oset gjennom vakkert kulturlandskap, langs fjellvatn og gjennom dalar omkransa av mektige fjell.

    Tilbake på Oset blir det felles middag, før vi fortset kvelden med god prat, og kanskje nokon vil ta seg ein svingom på dansegolvet?
    (F, L, M)

    Tysdag 1. september – Beitostølen, Bygdin og Eidsbugarden
  • Dag 3: Onsdag 2. september – Golsfjellet

    Denne dagen vender vi blikket mot tradisjon og ekte fjellkultur. Området vi er i no, er blant dei i landet vårt med flest aktive stølar igjen. Vi skal besøkje ein av desse der drifta framleis går føre seg på “gamlemåten”. Her kan vi mimre over og få oppleve eit miljø der folk og dyr framleis følgjer dei gamle rytmane som skaper den heilt særeigne stølsstemninga. Vertskapet tek imot oss, og vi får eit innblikk i korleis stølsdrifta har vore ein berebjelke i fjellandbruket gjennom generasjonar. Det blir tid til både å smake, sjå og lytte.

    Vi skal også ha omvising i den stemningsfulle Oset Fjellkyrkje i dag. Ho vart bygd på byrjinga av 80- talet etter at Gudrun og Asle Hesla hadde sett ei tilsvarande kyrkje i Telemark. Dei tok straks kontakt med lokale resurspersonar, og saman med fleire andre fekk dei bygde kyrkja og dekorert ho med vakre utskjeringar.  

    Som lunsj denne dagen, vil det vere tradisjonsmat som står i fokus, og vi vil elles få tid til å nytte oss av fasilitetane på hotellet. Om kvelden blir det på nytt felles middag og høve til ein svingom på dansegolvet.   
    (F, L, M)

    Onsdag 2. september – Golsfjellet
  • Dag 4: Torsdag 3. September – Heimreise via Filefjell og Årdal

    Etter ein god frukost er det tid for heimreise. Vi skal køyre via Fagernes og Vang til Tyinkrysset og vidare til Årdal. Denne ruta er vi mange som ikkje køyrer så ofte. I Årdal blir det lunsj, og vi skal få høyre litt om Hydro og kor viktig denne fabrikken har vore for lokalsamfunnet her. Som vanleg legg vi opp til nokre små stopp undervegs. Frå Årdal går turen til Fodnes, Sogndal og heim.
    (F, L)

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
31/8SandaneOset FjellhotellMeir enn 89 505,-BestillMer informasjon