Vi landar i London og tek inn på eit sentralt hotell, slik at vi har byen tett på frå første stund. Etter litt tid til å finne oss til rette, går vi til ein av dei klassiske pubane, intime og historiske The Porterhouse i Covent Garden for fellesmiddag. Etter middag samlar vi gruppa, og Ivar ønskjer velkomen med ei lett og inspirerande innføring i Pink Floyd, London og musikkmiljøet dei vaks fram i. Kvelden handlar om å lande i byen, bli kjent og finne den rette stemninga.
(M)
Denne dagen går turen til Cambridge, byen der Pink Floyd tok sine aller første steg. Vi startar i det vakre området rundt Grantchester Meadows, før vi stoppar utanfor huset til David Gilmour og vandrar vidare mot King’s College, som inspirerte songen Shine On You Crazy Diamond. Ved Mill Pond får vi sjå eit av dei tidlege samlingspunkta til bandet, og undervegs besøker vi nokre av dei historiske musikkstadene og butikkane der medlemmane kjøpte instrument i ungdomsåra.
Etter lunsj held vi fram til skuleområda der både Waters og Barrett gjekk, og til barndomsheimane deira. Vi besøker også huset der Syd Barrett budde i åra etter han forlet Pink Floyd, og ikkje minst staden der omslaget til albumet Ummagumma vart fotografert. Om ettermiddagen reiser vi tilbake til London, der vi får sjå fleire Pink Floyd‑lokasjonar, mellom anna Alexandra Palace, Archway – der bandet hadde tidlege øvingar – og Britannia Row Studios. Her ventar også ei lita overrasking, og Ivar deler historier frå eit liv i musikkens teneste – alltid eit populært og personleg innslag.
(F,L)
Vi startar dagen i St. John’s Wood og tek turen innom området rundt Abbey Road Studios, før vi går vidare til Regent Street Polytechnic, der Pink Floyd spelte nokre av sine tidlege konsertar. På vegen får vi sjå både Advision Studios, det legendariske Speakeasy og den ikoniske UFO Club, som var sentrum for psykedelia i London. Deretter går turen vidare til Denmark Street, Londons berømte gitargate, før vi held fram inn i Soho for å sjå både Syd Barrett sitt tidlegare bustad, stamkaféane, Marquee‑klubben, Trident Studios og Ronnie Scott’s.
Etter lunsj får vi tid til ein av dei verkeleg store godbitane på turen: vinyljakt i Soho og Camden. Her bugnar butikkane av sjeldne pressingar, alternative utgåver og rein nostalgi. Kvelden avsluttar vi i Camden, der vi finn eit breitt utval av pubar og restaurantar med musikkpreg og god stemning.
(F)
Vi startar dagen i Notting Hill, der vi besøker All Saints – staden der Pink Floyd i si tid var husorkester – og dei tidlege managementkontora deira, før vi tek ein tur innom Island Studios. Etter ein roleg lunsj drar vi vidare til Camden, der Roundhouse og det fargerike Camden Market inviterer til både kultur, handel og musikkglede.
Resten av dagen står litt meir ope. Du kan velje mellom meir vinyljakt, ein runde innom dei musikkhistoriske pubane Hawley Arms, Good Mixer og Dublin Castle, eller kombinere Notting Hill og Camden med eit besøk på det lokale bryggeriet Fuller's i Chiswick. På kvelden møtest vi til ein felles avslutningsmiddag på ein av Londons beste gastropubar, The Harwood Arms i Fulham. Ivar tek seg av oppsummering og deler betraktningar.
(F,M)
Vi et ein roleg frukost saman før vi set kursen heimover, med vinyl i bagasjen, musikk i hovudet og Pink Floyd‑stemning i kroppen.
(F)