Vi landar i London og vert frakta med buss til eit sentralt hotel, slik at vi har byen tett på frå første stund. Etter lunsj får vi eit opningsforedrag på hotellet der Ivar vil gje ei inspirerarande innføring i Pink Floyd og kva rolle bandet har spelt i hans liv og virke. På ettermiddagen og kvelden er det duka for middag og pubtur.
Denne dagen går turen til Cambridge, byen der Pink Floyd tok sine aller første steg. Vi startar i det vakre området rundt Grantchester Meadows, før vi stoppar utanfor huset til David Gilmour. Deretter vandrar vi vidare mot King’s College, som inspirerte songen Shine On You Crazy Diamond. Ved Mill Pond får vi sjå eit av dei tidlege samlingspunkta til bandet, og undervegs besøkjer vi nokre av dei historiske musikkstadane og butikkane der medlemmane kjøpte instrument i ungdomsåra.
Etter lunsj på The Anchor, plassen der Syd Barrett ofte drakk og høyrde på jazz, held vi fram til skuleområda der både Waters og Barrett gjekk, og til barndomsheimane deira. Vi besøkjer også huset der Syd Barrett budde i åra etter han forlét Pink Floyd, og ikkje minst staden der omslaget til albumet Ummagumma vart fotografert. Om ettermiddagen reiser vi tilbake til London, der vi forhåpentlegvis køyrer forbi fleire Pink Floyd‑lokasjonar, dersom trafikken tillét det.
Etter at vi er tilbake på hotellet er det duka for det andre foredraget på turen, der Ivar deler historier frå eit liv i musikkens teneste – alltid eit populært og personleg innslag.
(F, L)
Vi startar dagen i St. John’s Wood og tek turen innom området rundt Abbey Road Studios, før vi går vidare til Regent Street Polytechnic, der Pink Floyd spelte nokre av sine tidlege konsertar. På vegen får vi sjå både Advision Studios, det legendariske Speakeasy og den ikoniske UFO Club, som var sentrum for psykedelia i London. Deretter går turen vidare til Denmark Street, Londons berømte gitargate, før vi held fram inn i Soho for å sjå både Syd Barrett sin tidlegare bustad, stamkaféane, Marquee‑klubben, Trident Studios og Ronnie Scott’s.
Etter lunsj får vi tid til ein av dei verkeleg store godbitane på turen: vinyljakt i Soho. Her bugnar butikkane av sjeldne pressingar, alternative utgåver og rein nostalgi. Kvelden avsluttar vi i Soho, der vi finn eit breitt utval av pubar og restaurantar med musikkpreg og god stemning.
(F)
Vi startar dagen i Notting Hill, der vi besøker All Saints – staden der Pink Floyd i si tid var husorkester – og dei tidlege managementkontora deira, før vi tek ein tur innom Island Studios. Vidare går turen til Camden, der Roundhouse og det fargerike Camden Market inviterer til både kultur, handel og musikkglede.
Resten av dagen står litt meir ope. Du kan velje mellom meir vinyljakt og pubrunde, omvisning på Camden Town Brewery (mogleg val, mot tillegg i pris), eller tid på eiga hand. På ettermiddagen er det duka for tredje og siste føredrag der Ivar oppsummerar turen og deler betraktningar. Kvelden vert avslutta med felles avslutningsmiddag.
(F,M)
Vi et ein roleg frukost før vi har fritid fram til avreise. På ettermiddagen set vi kursen mot flyplassen og heimreise, med vinyl i bagasjen, musikk i hovudet og Pink Floyd‑stemning i kroppen.
(F)