Vel framme på hotellet i Leiden vert det eit uformelt foredrag ved Öde Nerdrum og Einar Duenger Bøhn: Hva vil det si å reise for å se kunst – og ikke bare besøke museer?
Me set tonen for turen og førebur oss på det me skal oppleva. Det vert god stemning og noko godt i glaset.
Vi startar der alt begynte: i Leiden, med dei unge, eksperimenterande verka som viser Rembrandts første steg inn i kunsten. Me besøker muset De Lakenhal. Her ser vi The Four Senses , hans tidlegaste kjende måleri og Musical Company (1626) som avslører kor raskt han utvikla seg både teknisk og formmessig.
F
I Mauritshuis møter vi den store historieforteljaren: The Anatomy Lesson of Dr. Nicolaes Tulp (1632) og forteljande, psykologisk sterke verk som Andromeda og Simeon in the Temple.
Her ser vi Rembrandt tre inn i sin tidlege meisterfase, ein kunstnar med kraft, dramatikk og full kontroll på lyset.
Dagen inkluderer også det siste sjølvportrettet (1669), eit av livsverkets høgdepunkt.
Om kvelden samlast gruppa til ei lukka og intim oppleving i den anerkjende øl‑ og vinrestauranten In de Wildeman i Amsterdam. Her får vi servert éin nøye vald klosterøl: Westmalle Tripel, ein autentisk belgisk trappist brygga av munkar etter prinsipp om disiplin, stillheit og langsom modning. Ølet vert akkompagnert av utvalde lagra ostar og handverksbrød, presist valt for kvalitet og samspel i smak. Klosterøltradisjonen deler sentrale verdiar med Rembrandts kunstproduksjon: respekt for handverket, tid framfor tempo, fordjuping framfor effekt og ei tru på at dybde veks fram gjennom tålmodig arbeid over år.
F,M
I Rembrandts hus og på Rijksmuseum møter vi den eldre kunstnaren: meir røff, meir direkte, meir menneskeleg.
Her ser vi m.a. Self‑Portrait as the Apostle Paul (1661), The Jewish Bride (1665–69) og The Syndics (1662).
Den sene stilen er prega av tjukke strøk, varme, sårbarheit og stor kunstnarleg fridom.
Om kvelden er det duka for avslutning. Me får turens sitt siste foredrag ved Öde og Einar som vil fokusere på kvifor desse bilda framleis held stand i møte med vår eiga tid. I tillegg får me ein gjennomført og kuratert middag som speglar den sene Rembrandt; færre verkemiddel, større nærvær. Eksklusiviteten ligg ikkje i overflod, men i presise val og kvalitet i utføringa. Dette er ein kveld for å samle trådane frå dagane bak oss i ein uanstrengt atmosfære.
F,M
Me set snuten mot Noreg att.
F