Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1 - Torsdag 2. september: Framme i Aberdeen

    Vi reiser med fly frå Norge til Aberdeen om ettermiddagen/kvelden denne dagen. På flyplassen der ventar bussen på oss og køyrer til hotellet vårt i sentrum. Fleire vil vere framme i Aberdeen til litt ulike tider, og vi legg derfor ikkje opp til noko felles opplegg denne kvelden. Spør gjerne i resepsjonen eller reiseleiar om du ønsker tips til næraste pub eller restaurantar.

    Framme i Aberdeen
  • Dag 2 - Fredag 3. september: Aberdeen og nattferje til Shetland

    Etter frukost kan ein bruke føremiddagen på eiga hand i Aberdeen, eller ein kan bli med reiseleiar på ein rusletur. Aberdeen er Skottlands tredje største by, og blir ofte kalla granittbyen på grunn av dei grå steinhusa som pregar sentrum.

    Aberdeen har generelt mange tilreisande, både som studentby med dei to universiteta, men også på grunn av olje- og energiverksemda i Nordsjøen. Aberdeen blir av mange kalla «Europas oljehovudstad». Alle dei tilreisande er ein av grunnane til at du i Aberdeen har eit rikt utval av museum. Aberdeen Maritime Museum og Aberdeen Art Gallery er absolutt verdt å anbefale. Ein kan også lese litt om «gratis ting å gjere i Aberdeen» her: https://www.visitscotland.com/things-to-do/attractions/free/aberdeen

    Klokka 12.00 møtest vi for å rusle til lunsj på ein av dei faste plassane som deltakarane på Fotefar-turar brukar å ete fish & chips. Etterpå hentar bussen oss på hotellet og køyrer oss ein runde i byen på veg til hamna, der vi får oppleve det gamle fiskarkvarteret Footdee med dei små husa ved hamneinnløpet.

    Om kvelden går vi om bord på ferja som tek oss til Lerwick på Shetland. Vi får tildelt lugarane våre, og på ferja er det restaurant, kafé og butikk. Både middag om kvelden og frukost neste morgon kan ein få kjøpt om bord.

    (F, L)

  • Dag 3 - Laurdag 4. september: Framme på Shetland, Jarlshof og St. Ninian’s Isle

    Tidleg om morgonen glir ferja inn mot Lerwick, hovudstaden på Shetland. Frå kaia ruslar vi over til hotellet, der vi kan setje ifrå oss bagasjen. Ved hotellet blir vi henta av bussen for ein rundtur på Mainland. Turen går sørover til øya St. Ninian’s Isle, der dei som vil kan vere med å rusle over den lyse sandstranda, ein såkalla tombolo, ut til ruinane av det gamle kapellet på øya. Det var her ein fann den kjende sølvskatten i 1958. Det blir lunsj undervegs.

    Heilt i sør besøker vi Jarlshof. Her vaska stormane vekk sand på slutten av 1800-talet, og spora etter busetnad gjennom fleire tusen år kom til syne. Dei fann restar frå steinalderen og fram til då vikingane slo seg ned og bygde ein gard her. Om ettermiddagen køyrer vi tilbake til Lerwick. Felles middag på hotellet om kvelden.

    (L, M)

  • Dag 4 - Søndag 5. september: Scalloway og Eshaness

    Etter frukost køyrer vi til «den norske byen» Scalloway, som var hovudbasen for Shetlandsgjengen under andre verdskrig. Herifrå segla norske fiskarar i hemmeleg teneste over Nordsjøen med agentar, våpen og flyktningar. Vi besøker Scalloway Museum, som har ei eiga avdeling om Shetlandsfarten, og går til minnesmerket over nordmenn som miste livet i denne trafikken.

    Vidare går turen nordvestover til Eshaness, ein av dei vakraste kyststrekningane på Shetland med høge klipper og imponerande steinformasjonar. Om vêret tillèt det, går vi ein kortare tur langs klippene. På vegen tek vi ein stopp ved den gamle fiskestasjonen Stenness, der fiskarane rodde ut på havfiske i opne båtar. Lunsj undervegs denne dagen.

    Om ettermiddagen køyrer vi tilbake til Lerwick. Middag på eiga hand denne kvelden.

    (F, L)

    Scalloway og Eshaness
  • Dag 5 - Måndag 6. september: Lerwick og ferje til Orknøyane

    Etter frukost sjekkar vi ut og plasserer bagasjen vår på eit bagasjerom, før vi ruslar bort til Shetland Museum and Archives i Lerwick. Det er eit flott museum der historia om Shetland er samla, og det oppsummerer mykje av det vi har høyrt Kirsti snakke om desse dagane. Deretter går vi vidare inn i sentrum for ein rundtur der vi leitar fram hus og plassar frå Shetland-krimserien. Vi passerer også Town Hall, der mange av dei gamle norske kongane er representerte gjennom glasmåleria i dei mange vindauga. Lunsj på eiga hand.

    Seint på ettermiddagen tek vi ferja frå Lerwick til Kirkwall. Ein kan få kjøpt middag om bord på båten om ønskeleg. Seint om kvelden er vi framme på Orknøyane, og bussen køyrer oss til hotellet vårt.

    (F)

  • Dag 6 - Tysdag 7. september: Rundtur på Mainland

    Etter frukost legg vi ut på ein heildags busstur på hovudøya Mainland. Orknøyane har vore busette i over 5000 år og vart erobra av nordmenn på 800-talet. Øyane høyrde til Norge fram til 1468, då dei vart pantsette til Skottland som del av medgifta til kongsdottera Margrete.

    Vi besøker steinalderbygda Skara Brae, der husa har vore så godt verna under sanden og i seinare tid er blitt grave fram igjen. Vi skal også stoppe ved dei gamle steinringane Ring of Brodgar og Stones of Stenness. I tillegg tek vi ein tur innom den vesle hamnebyen Stromness. Det blir lunsj undervegs denne dagen.

    Om ettermiddagen køyrer vi sørover over Churchill-barrierane, som vart bygde under andre verdskrig for å verne hamna i Scapa Flow. På øya Lamb Holm besøker vi det vesle italienske kapellet, Italian Chapel, som italienske krigsfangar bygde av to gamle brakker og det materialet dei kunne finne.

    Middag på eiga hand i Kirkwall.

    (F, L)

    Rundtur på Mainland
  • Dag 7 - Onsdag 8. september: Kirkwall og nattferje til Aberdeen

    Etter frukost sjekkar vi ut og set frå oss bagasjen. Saman med Kirsti MacDonald Jareg går vi ein tur i Kirkwall med dei smale gatene og dei grå steinhusa. Vi besøker den ruvande St. Magnus-katedralen, som Ragnvald jarl byrja å byggje i 1137 til minne om onkelen sin, Magnus jarl. Katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Rett ved katedralen ligg også ruinane av bispegarden, der kong Håkon Håkonsson døydde i 1263. Det vakre jarlepalasset, Earl’s Palace, vart bygd noko seinare.

    Resten av dagen er til eigen disposisjon, eller ein kan bli med for å besøke Highland Park, eitt av dei nordlegaste whiskydestilleria i Skottland (mogleg val mot tillegg i prisen). Vi sender ut informasjon om denne utflukta på eit seinare tidspunkt.

    Vi samlast til felles middag før bussen køyrer oss til hamna, der vi går om bord på nattferja til Aberdeen.

    (F, M)

    Kirkwall og nattferje til Aberdeen
  • Dag 8 - Torsdag 9. september: Aberdeen og heimreise

    Tidleg om morgonen er ferja framme i Aberdeen. Frukost kan kjøpast om bord. Vi legg opp til ein liten stopp sentralt i Aberdeen før bussen tek oss til flyplassen for fly tilbake til Norge.

  • Viktig informasjon