Toscana har med sitt bølgjande landskap, sypresser og gamle byar lokka til seg turistar frå heile verda i generasjonar. Saman med Merete skal vi få oppleve hennar Toscana.
Frå Oslo tek vi fly (med mellomlanding) til Firenze. Her blir vi plukka opp med buss, for ein køyretur i vakkert landskap retning Siena. Som vanleg startar vi med smaking og lunsj på vegen dit, hos ein av Merete sine utvalde produsentar.
Etter besøket her, og gode smaksopplevingar, fortset vi turen til hotellet vårt i Siena.
Siena er ein av mange vakre mellomaldererbyar i Toscana. Med sine tronge gater, historiske bygningar og imponerande katedral, byr Siena på ei reise tilbake i tid. Byen er også kjend for sine gode restaurantar. Vi møtest igjen om kvelden for ein matbit og noko godt i glaset.
(L, kveldsmåltid)
Etter ein typisk italiensk frukost, startar vi dagen med ein kort køyretur til neste produsent.
I tillegg til Chianti, Brunello og Vino Nobile, skal vi også i løpet av desse dagane få smake såkalla Super-toscanarar. Dette er kraftige, internasjonalt retta vinar som viser kor mangfaldig regionen er. I desse vinane blir det gjerne brukt internationale druer som Cabernet Sauvignon, Merlot, Cabernet Franc, Syrah eller Petit Verdot.
Det blir lunsj saman, før ettermiddagen byr på ny produsent.
Denne kvelden kan du velje å ete middag på eiga hand, eller du kan bli med Merete og reiseleiar ut på ein spesielt utvald restaurant, og ho vel sjølvsagt vin til maten. (Denne middagen er ikkje inkludert i turprisen.)
(F, L)
Etter ein god frukost er det tid for å sjekke ut frå hotellet vårt i Siena, og reise vidare. Først skal vi besøke ein av Meretes mange favorittar i dette området. Vi skal også nyte ein felles lunsj med tilhøyrande godt i glaset.
Om ettermiddagen går turen til middelalderbyen San Miniato. Kvar november forvandlar denne byen seg til eit gastronomisk sentrum for kvite trøflar, Tuber magnatum pico – også kalla “kvitt gull”. Festivalen vert halden over dei tre siste helgane i månaden, og dette er den første av årets tre festivalhelgar. San Miniato har faktisk heilt sidan 1954, stått registrert med funnet av verdas største kvite trøffel som vog 2,52 kg. Marknaden finn vi i det historiske sentrumet – spesielt rundt Piazza del Duomo.
Vi brukar resten av ettermiddagen og kvelden på marknaden, der vi vil kunne smake noko av det beste regionen har å by på.
(F, L)
Denne morgonen et vi frukost før vi tek oss tid til endå nokre timar på Trøffelfestivalen. Marknaden har boder spreidd rundt i byens historiske torg og gater, med friske trøflar og lokale delikatessar – ost, salami, olivenolje, vin og mykje meir. Når vi har smakt oss rundt på marknaden, og kanskje handla nokre etande suvenirar, set vi kursen i retning flyplassen. Vi har sjølvsagt også lagt opp til stopp hos ein vinprodusent på vegen dit.
(F, L)
Vi skal vitje minimum 5 produsentar. Meir informasjon vil bli lagt ut her.