Toscana med Merete Bø

13. - 16. November 2025.

Vi held fram med dei opplevingsrike turane saman med vinjournalist og sommelier Merete Bø, og denne gongen til ein stad vi veit mange har ønskt seg, nemleg Toscana. Merete er ein av Norges fremste vinjournalistar, og er ein av to programleiarar i podkasten «Jeg kan ingenting om vin». Merete har også gitt ut ei rekkje bøker om vin, anna drikke og mat. 

På denne turen skal vi smake oss gjennom vinane til nokre av Merete Bø sine utvalde produsentar, både store, kjende namn og meir ukjende. Undervegs får vi lære om smaking, jordsmonn og produksjon, alt dette under god rettleiing av Merete. Vi skal møte menneska bak vinane, skal ut på vinmarkene og inn i vinkjellarane, og vi får smake mat som passar godt til det vi drikk.

Vindistriktet Toscana er eitt av dei mest prestisjefylte vinområda i verda, og ligg i det sentrale Italia. Regionen er kjend for sitt bølgjande landskap, sypresser, gamle steinbyar og ikkje minst – vinen. Klimaet er varmt og solrikt med kjølande vindar frå åsane og kysten, noko som gjev gode forhold for druedyrking. Den mest brukte drua frå området er Sangiovese, og av denne vert det laga kjende vinar som Chianti, Brunello og Vino Nobile. I Toscana møtest det gamle og det nye: tradisjonelle familiegardar og moderne vinprodusentar skapar vinar med karakter og eleganse – og mange av dei kan lagrast lenge.

 

Pris frå:
25 450,-
Dagar: 4
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • 3 overnattingar på hotell
  • 3 frukostar
  • 4 lunsjar
  • 1 kveldsmåltid
  • Vinsmakingar som skissert i programmet
  • Merete Bø med på heile turen
  • Reiseleiar frå Fotefar med på heile turen
Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – Firenze t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 3860,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips
  • Minimum tal deltakarar: 14 personar

Bildegalleri

Viktig informasjon

 

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.
  • Omvising og smakingar - vi skal vitje minimum fem vinprodusentar på turen. Informasjon om desse vil bli publisert når dette er klart. Kjenner vi Merete rett, kan der fort dukke opp ein joker undervegs.
  • Når vi er samla til måltida, vil Merete informere oss om vinane, og plukke spennande vinar til maten, både til dei måltida vi har inkludert i turprisen, men også om vi går ut og et saman utanom programmet.
  • Eit tips frå Merete: Ha med deg eit tomt syltetøyglas med lokk viss du vurderer kjøpe med trøffel om du får sjansen.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 13. november - Toscana, eit klassisk vinlandskap

    Toscana har med sitt bølgjande landskap, sypresser og gamle byar lokka til seg turistar frå heile verda i generasjonar. Saman med Merete skal vi få oppleve hennar Toscana.

    Frå Oslo tek vi fly (med mellomlanding) til Firenze. Her blir vi plukka opp med buss, for ein køyretur i vakkert landskap retning Siena. Som vanleg startar vi med smaking og lunsj på vegen dit, hos ein av Merete sine utvalde produsentar.

    Etter besøket her, og gode smaksopplevingar, fortset vi turen til hotellet vårt i Siena.

    Siena er ein av mange vakre mellomaldererbyar i Toscana. Med sine tronge gater, historiske bygningar og imponerande katedral, byr Siena på ei reise tilbake i tid. Byen er også kjend for sine gode restaurantar. Vi møtest igjen om kvelden for ein matbit og noko godt i glaset. 
    (L, kveldsmåltid)

  • Dag 2: Fredag 14. november - Vinstilar

    Etter ein typisk italiensk frukost, startar vi dagen med ein kort køyretur til neste produsent.

    I tillegg til Chianti, Brunello og Vino Nobile, skal vi også i løpet av desse dagane få smake såkalla Super-toscanarar. Dette er kraftige, internasjonalt retta vinar som viser kor mangfaldig regionen er. I desse vinane blir det gjerne brukt internationale druer som Cabernet Sauvignon, Merlot, Cabernet Franc, Syrah eller Petit Verdot.

    Det blir lunsj saman, før ettermiddagen byr på ny produsent.

    Denne kvelden kan du velje å ete middag på eiga hand, eller du kan bli med Merete og reiseleiar ut på ein spesielt utvald restaurant, og ho vel sjølvsagt vin til maten. (Denne middagen er ikkje inkludert i turprisen.)
    (F, L)

  • Dag 3: Laurdag 15. november - Siena til San Miniato

    Etter ein god frukost er det tid for å sjekke ut frå hotellet vårt i Siena, og reise vidare. Først skal vi besøke ein av Meretes mange favorittar i dette området. Vi skal også nyte ein felles lunsj med tilhøyrande godt i glaset.

    Om ettermiddagen går turen til middelalderbyen San Miniato. Kvar november forvandlar denne byen seg til eit gastronomisk sentrum for kvite trøflar, Tuber magnatum pico – også kalla “kvitt gull”. Festivalen vert halden over dei tre siste helgane i månaden, og dette er den første av årets tre festivalhelgar. San Miniato har faktisk heilt sidan 1954, stått registrert med funnet av verdas største kvite trøffel som vog 2,52 kg. Marknaden finn vi i det historiske sentrumet – spesielt rundt Piazza del Duomo.

    Vi brukar resten av ettermiddagen og kvelden på marknaden, der vi vil kunne smake noko av det beste regionen har å by på.
    (F, L)

  • Dag 4: Søndag 16. november - Heimreise

    Denne morgonen et vi frukost før vi tek oss tid til endå nokre timar på Trøffelfestivalen. Marknaden har boder spreidd rundt i byens historiske torg og gater, med friske trøflar og lokale delikatessar – ost, salami, olivenolje, vin og mykje meir. Når vi har smakt oss rundt på marknaden, og kanskje handla nokre etande suvenirar, set vi kursen i retning flyplassen. Vi har sjølvsagt også lagt opp til stopp hos ein vinprodusent på vegen dit.
    (F, L)

  • Vinprodusentar

    Vi skal vitje minimum 5 produsentar. Meir informasjon vil bli lagt ut her. 

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
13/11OsloToscana829 950,-BestillMer informasjon
13/11Flyplass FirenzeToscana
Utan flyreise
525 450,-BestillMer informasjon