Olav Stedje er songar og låtskrivar. Han har fått seks sølvplater og har delteke i Melodi Grand Prix tre gonger.
Han byrja i dei lokale gruppene «Compact» og «Ole Brums orkester» i Sogndal og debuterte med albumet Ta meg med i 1981. Det gav fleire Norsktopp-plasseringar med songar som Vi vandrar saman og Når ho er hjå meg. I 1982 fekk han Spelemannsprisen i klassen pop for albumet Tredje Stedje.
Sidan har han underhalde i fleire tiår, og songane hans har sett spor over heile landet.
Slik er det å reise med Olav
Olav er med som musikar. Han held minikonsertar undervegs, og på bussturane mellom stadene tek han fram gitaren.
Det er noko eige med å køyre gjennom eit landskap medan nokon syng for deg. Mange seier etterpå at det var akkurat dei stundene dei hugsar best.
Kva slags reiser?
Olav er fagguide på musikkturane våre, til stader der musikkhistoria har røtene sine.


