Skip to main content

Den store musikkturen Nashville, Memphis & New Orleans med Olav Stedje

10. – 19. oktober 2023.

Dette er ein tur vi i Fotefar temareiser alltid gler oss veldig til. Vi får oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz.

I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøkjer vi Elvis sin heim, Graceland og bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele!

Artisten Olav Stedje er med på heile turen og held minikonsertar.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 10. oktober - Avreise til Nashville

    Denne morgonen reiser vi frå Oslo og Bergen. Tilknyting frå andre byar ved førespurnad.                    

    Vi landar i Nashville same kveld, og bussen vår køyrer oss til hotellet vårt i den pulserande musikkbyen. Nashville har nær 690 000 innbyggjarar og er hovudstaden i Tennessee. I tillegg til å vere senteret for countrymusikken, er Nashville kjend som byen der den økonomiske og kulturelle eliten i Tennessee har budd.

    Denne kvelden kan vi vandre frå hotellet vårt, som ligg nær Nissan Stadium, inn til Broadway for å nyte all den fantastiske musikken på musikkbarane.

  • Dag 2: Onsdag 11. oktober - Broadway, Country Music Hall of Fame og Grand Ole Opry

    Etter frukost møtest gruppa, og reiseleiarane orienterer oss om turopplegget og dagsprogrammet. Då får vi også første minikonsert med Olav Stedje.

    Deretter ruslar vi forbi Nissan Stadium, over gangbrua til Broadway og endar opp ved The Country Music Hall of Fame. Dette storslegne museet presenterer historia til countrymusikken på ein eineståande måte og er eit funn for alle musikkinteresserte. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser opptak av verdskjende artistar.

    Dei som vil, et lunsj saman med reiseleiar på museet før dei blir med på shopping. Nashville har fleire store plateforretningar, så her kan ein gjere mange gode kupp. Fleire vil nok også ta turen innom Johnny Cash-museet.

    Om kvelden er dei som har meldt seg på, klare for kveldens store oppleving, konserten på The Grand Ole Opry. Opphavleg var dette eit amerikansk radioprogram med fokus på country, bluegrass og gospel. I 1943 flytte dei innspelingane av programmet til Ryman Auditorium i sentrum av Nashville, før dei endra det igjen i 1974 til Opry House, som ligg utanfor byen. Vi får gode billettar til konserten, og på bussen dit fortel reiseleiaren om historia til den historiske konsertstaden. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen).

    Etter at konserten er ferdig, kan dei som vil høyre meir musikk, ta ein tur på dei mange barane der banda spelar både swing, 60-talsrock, country og bluegrass. Her er det berre å hive seg med i dansen. Det er også mogeleg å få seg ein matbit der, dersom nokon ønskjer det.
    (F)

  • Dag 3: Torsdag 12. oktober - Kjende stader i Nashville og legendariske RCA Studio B

    I dag kan du sjølv velje om du vil vere med på ein aktivitet eller oppdage byen på eiga hand. Mange vel nok ein guida busstur i byen, der vi rundar av med eit besøk på legendariske RCA Studio B. Bussturen tek oss til mange kjende stader i Nashville si musikkhistorie. Her får vi blant anna sjå Riverfront Park, Ryman Auditorium, Schermerhorn Symphony Center, Tennessee State Capitol og Music Row. Ein lokal guide er med på rundturen som tek ca. 2 timar, og vi får også med oss omvising på RCA Studio B. Dette var staden mange musikklegender spelte inn sine største hittar. Vi kan berre sjå for oss Elvis sitje i eit bekmørkt studio for å komme i rett sinnsstemning til å spele inn «Are You Lonesome Tonight». Han hadde over 200 innspelingar her. Albumet «From Elvis in Nashville» vart spelt inn i juni 1970 på berre fem, seks dagar. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen).

    Denne kvelden kan vi gå innom ein av dei mange såkalla honky tonk-klubbane som er kjende for den beste live countrymusikken i verda. Nokre stader startar live-musikken opp alt i 11-tida på føremiddagen. Dei mest kjende klubbane er nok Tootsie’s og Robert’s Western World. Vi går og høyrer musikken og ser på folkelivet på Broadway.
    (F)

  • Dag 4: Fredag 13. oktober – Frå Nashville til Memphis

    Avreise frå Nashville. Bussen køyrer vestover i Tennessee til Memphis. Reiseleiarane fortel om musikken i området vi køyrer gjennom, og Olav underheld oss med song og gitarspel undervegs. 

    På vegen til Memphis stoppar vi på Brook Shaw Old Country Store for ein god buffélunsj i eit rom for oss sjølve. Etter måltidet vil Olav ta fram gitaren og halde den andre minikonserten for reisa. Det blir god stemning og mange vil nok synge med.

    Framme i Memphis sjekkar vi inn på hotellet vårt og tek gjerne ein liten strekk etter bussreisa. Etterpå kan dei som vil, bli med på ei byvandring med reiseleiar. Her vil reiseleiaren peike ut fleire legendariske barar og bluesrestaurantar. Det blir også gode tips til kvar ein finn god mat, drikke og livemusikk. Ein av dei aller best kjende honky-tonkane på utelivsgata Beale Street er Blues City Café. På menyen står ekte Memphis Ribs eller Catfish; eit “must" når ein er i denne byen. Beale Street blir omtala som ei av USA sine mest ikoniske gater med baren til B.B. King som hovudattraksjon. Her blir det mykje spennande å oppdage.
    (F, L)

  • Dag 5: Laurdag 14. oktober - Sun Studio, Graceland og Beale Street

    I dag kan du velje om du vil ha tid på eiga hand i byen, eller vere med på ein full dag med fokus på rockehistoria frå 50- og 60-talet. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen). Dei som melder seg på, startar dagen med ein guida busstur om Memphis si musikkhistorie med lokal musikkguide. Vi stoppar på fleire viktige stader for rockehistoria. På Sun Studio der legender som Elvis, Jonny Cash og Jerry Lee Lewis spelte inn plater, blir det ein lengre stopp. Gruppa vår får omvising, og vi kan lytte til fleire av innspelingane.

    Turen går så til berømte Graceland, Elvis sin heim gjennom mange år. Her får vi omvising (audioguide) i huset til Elvis, slik det var då han budde der. Staden der Elvis og hans næraste er gravlagde, er også spesiell.

    Etter omvisinga går vi rundt om i dei mange bygningane på eigedomen, ser på filmar, konsertopptak og Elvis-effektar. Det er også tid til å sjå bilane, motorsyklane og flya til Elvis og elles vandre rundt i dei mange suvenirbutikkane på området før bussen køyrer oss tilbake til hotellet vårt.

    Kvelden bruker vi på Beale Street og høyrer på fantastisk bluesmusikk. I denne gata ligg bluesklubbane tett i tett, og dei som vil, kan få ei stor musikkoppleving til måltidet på blant anna baren til blueslegenda BB-King eller på velkjende Rum Boogie Café. Vi kan også anbefale Jerry Lee Lewis’s Honky Tonk, der det som oftast er live pianobasert blues og klassisk rock’n roll.
    (F)

  • Dag 6: Søndag 15. oktober - Mississippi-deltaet, New Orleans og Palm Court Cafe

    Avreise frå hotellet etter frukost. Vi forlèt Tennessee og køyrer sørover gjennom det store Mississippi-deltaet der bluesen oppstod. Reiseleiarane fortel om Mississippi-musikken og om dei talrike musikarane derifrå som forma rocken og bluesen. Området er i dag eit av dei fattigaste strøka i USA, og etter mekaniseringa av jordbruket flytta mange herifrå til storbyar som Memphis og Chicago. I byen Jackson i Mississippi stoppar vi for buffélunsj, før vi reiser direkte til jazzens fødeby, New Orleans.

    Hotellet vårt ligg godt plassert i byen, berre eit steinkast unna barar og gater med live musikk. New Orleans er ein by utan sidestykke. Her finn du ei fargerik blanding av europeisk og karibisk kultur, der jazzen blir spelt kvar kveld og byr på levande musikalske opplevingar. Du kan sjå den romantiske arkitekturen i det franske kvarteret eller la deg fortrylle av voodoo, kostymar og fest. Rett utanfor byen finst sumpar med alligatorar og store bomullsplantasjar.

    Utpå kvelden går dei som har meldt seg på, saman til Palm Court Cafe, der vi skal ete ein typisk sørstatsmiddag med 4-retter og nyte tradisjonell New Orleans-jazz. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen.) Her har mange av dei store musikarane spelt, så vi er på historisk grunn. Etter middag er det også mogleg å ta seg ein tur innom Frenchmen Street der vi kan høyre enda meir av den svingande jazzmusikken.
    (F)

  • Dag 7: Måndag 16. oktober - Musikkhistorie i New Orleans

    Vi et ein god frukost på hotellet før vi startar på dagens opplevingar. Denne dagen kan du melde deg på ein guida busstur på 2 ½ time i og rundt New Orleans. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen.) Hovudtema er musikk og musikkhistorie. I tillegg får vi også høyre om New Orleans si spennande historie, og kva som gjer byen så spesiell. Her møtest Sørstatane og impulsar frå Kariben, og Mississippi-elva bind byen saman med Midtvesten. I tillegg er dei spanske og franske røtene enno tydelege. Det vert framleis snakka fransk i delar av Louisiana.

    Om kvelden går vi samla på jazzklubben Preservation Hall. (Aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen). Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen. Der får vi verkeleg oppleve den autentiske New Orleans-musikken.

    Etter konserten som varer i ein knapp time, vil reiseleiarane vise kor vi kan setje oss ned for å lytte til endå meir jazzmusikk og nyte atmosfæren i fødebyen til Louis Armstrong. Ein rusletur på berømte Bourbon Street høyrer sjølvsagt med før vi går tilbake til hotellet.
    (F)

  • Dag 8: Tysdag 17. oktober - Jackson Square og konsert

    Vi startar dagen med ein rusletur saman med turleiarane til Jackson Square og dei mange koselege kaféane i dette området. Her kan ein høyre live jazzmusikk heile døgnet. Om ein vil handle, finst det mange små artige butikkar. Vi vil elles foreslå eit to-timars båtcruise på Mississippi-elva med ein ekte hjuldampar. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen).

    Elles kan du bli med på ein busstur ut av byen. (Denne aktiviteten må bestillast i tillegg i forkant av turen). Vi reiser til ein av dei historiske bomullsplantasjane. Her får vi innblikk i drifta, i tillegg til det harde livet til dei svarte som arbeidde på bomullsmarkane. Etter omvising får vi servert lunsj før vi reiser vidare til sightseeing i sumpen frå luftputebåt. Her blir det både fart og spenning når vi susar gjennom dei smale kanalane i mangroveskogen som utgjer dette mystiske våtområdet. Mellom dei mosekledde trea finst det alligatorar i tusenvis.

    Etter ein vel overstått tur møtest vi siste kvelden til avsluttingsmiddag. Her nyt vi ein klassisk kreolsk middag med dessert. Olav vil halde ein minikonsert, og vi feirar ei triveleg reise saman.
    (F, M)

  • Dag 9: Onsdag 18. oktober – Siste morgon i New Orleans

    Om ettermiddag går flyet frå New Orleans, slik at det er tid til ein siste rusle- eller handletur i byen før bussen køyrer oss til flyplassen.
    (F)

  • Dag 10: Torsdag 19. oktober - Heimreise

    Flyreisa går over natta, og vi er framme i Norge neste dag (19. oktober) på føremiddagen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
10/10BergenNashville, Memphis og New OrleansMeir enn 834 950,-BestillMer informasjon
10/10OsloNashville, Memphis og New OrleansMeir enn 834 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo