Kulturreise til vakre tyske byar med Gunnstein Akselberg

13. - 19. april 2027.

Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for fleire av dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie.

Under denne flotte turen bur vi godt og sentralt i musikkbyen Leipzig, der det er relativt korte avstandar med buss til besøk i dei spennande byane Weimar, Dresden, Halle, Eisenach, Torgau og Wittenberg. Under bussturane og på dei aktuelle attraksjonane vil Gunnstein guide og fortelje. I tillegg vil han halde kåseri på hotellet.

På reisa opplever vi viktige stader i Martin Luthers aktive reformasjonsliv. Vi får høyre om korleis arven etter Luther har påverka Europa kulturelt og politisk fram til i dag. Johan Sebastian Bach var fødd og oppheldt seg det meste av livet sitt i området vårt. I Leipzig, Eisenach og Weimar besøker vi viktige stader knytte til Bachs liv og verksemd. Georg Friedrich Händel trødde barne- og ungdomsskoa sine i Halle, der han var fødd og der han fekk musikalske impulsar som prega han resten av livet. Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller, to av dei store kanonane i europeisk litteratur, hadde begge lengre opphald i Weimar, der dei spela ei viktig rolle i byens kulturliv.

Historikaren Rasmus Sunde er reiseleiar på turen, og på bussturane vil han snakke litt om tysk historie. Vi satsar elles på å få med oss minst ein klassisk konsertar av høg kvalitet. 

Sjå alle våre turar med Gunnstein Akselberg her!

 

 

Pris frå:
19 950,-
Dagar: 7
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • 6 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 6 frukostar
  • 2 middagar
  • 1 lunsj
  • Orgelkonsert med verker av Bach i Thomas kyrkja
  • Omvising og besøk på Peters forlaget
  • Besøk på Bachhaus med demonstrasjon av barokkinstrument
  • Besøk på Gemäldegallerie Alte Meister i Dredsen
  • Inngang Völkesrschlachtdenkmal
  • Kåseri og guiding av Gunnstein Akselberg
  • Rasmus Sunde er guide og reiseleiarar frå Fotefar temareiser


Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo/Bergen – Berlin t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell
  • Busstransport hotell-flyplass

Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 3150,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips


  • Minimum tal deltakarar: 20 personar


Bildegalleri

Viktig informasjon

Informasjon om helsekrav

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 13. april - Frå Bergen og Oslo til Leipzig

    Avreise frå Oslo og Bergen om morgonen. På veg sørover frå flyplassen Berlin Brandenburg fortel Akselberg om Wittenberg, der vi skal ha den første stoppen på turen. Denne byen er rekna som sjølve «reformasjonshovudstaden» då han var eitt av dei viktigaste sentra for tysk politikk, kunst og kultur i det sekstande hundreåret. Reformasjonen starta her i 1517 då Luther etter tradisjonen slo opp dei 95 tesane sine på døra til Slottskyrkja.
    Vel framme i Wittenberg blir det stopp for ein ekte tysk lunsj. Deretter går vi til Slottskyrkja, der vi får sjå døra der Luther skal ha spikra opp tesane. Elles kikkar vi på slottet, bykyrkja og på Lutherhaus, heimen til Martin Luther og familien hans. Lutherhaus blir rekna som verdas første prestegard. Vi får også med oss universitetet der Luther underviste. Gunnstein fortel om dei ulike attraksjonane. På veg sørover køyrer vi gjennom eit vakkert landskap med jordbruksareal.

    Når vi kjem fram til storbyen Leipzig, tek vi inn på eit godt hotell som ligg midt i sentrum like ved Hauptbahnhof. Her skal vi bu under heile turen. Alle reisemåla våre ligg omkring Leipzig i ein avstand frå ein halv til knapt eitt par timar med buss, som gjer at det høver godt å reise ut om morgonen og attende om ettermiddagen/kvelden.

    Felles velkomstmiddag på hotellet om kvelden.
    (L, M)

  • Dag 2: Onsdag 14. april - Leipzig

    Etter ein god frukost møtest vi i konferansesalen på hotellet der reiseleiaren gir informasjon om turopplegget før vi får kåseri av Gunnstein Akselberg. Her vil han gi eit oversyn over korleis tysk kultur har påverka vår eiga kulturhistorie.

    Leipzig har i mange hundreår vore eit kultursentrum, og Johan Sebastian Bach arbeidde her store delar av livet sitt. På vandreturen vår denne dagen får vi den første stoppen i Nikolaikyrkja som vart grunnlagd i 1165. Denne kyrkja er spesielt kjend for at mange av verka til Bach vart uroppførde nettopp her. I nyare tid er kyrkja kjend for dei såkalla måndagsbønnene som starta opp i 1983, og som så gjekk vidare til måndagsdemonstrasjonane i 1989 mot kommunistregimet i DDR og nådde toppen i oktober med 70 000 fredelege demonstrantar.

    På gåturen vil Gunnstein fortelje om det gamle rådhuset på torget, som er eit av dei vakraste tyske eksempla på renessansestilen frå det 16. hundreåret. Vi besøker også Thomaskyrkja, der Johann Sebastian Bach var kantor frå 1723 til han døydde i 1750. Han var også musikalsk leiar og dirigent for det verdskjende Thomanerkoret som har eksistert sidan 1212. I Thomaskyrkja får vi ein liten Bach-konsert berre for gruppa vår. Vi svingar også innom Auerbachs Keller, som er kjend frå Goethe sin tragedie «Faust», der Mephistophles, djevelens utsending, tek Faust med på reisene sine. Så kikkar vi på det verdskjende konsertbygget Gewandthaus og det flotte operahuset.

    Rundturen vert avslutta med eit kort besøk i Hauptbahnhof, som ligg like ved hotellet vårt. Her er det eit myldrande liv med butikkar, kafear og restaurantar og ein grei stad å ta middag på eiga hand.

    Leipzig har eit svært rikt musikkliv og har historisk sett vore knytt til Bach, men også til Mendelsohn, Wagner og Schumann. Om kvelden foreslår vi konsert i Gewandthaus eller tilsvarande konsertstad. Fotefar vil i januar 2026 sende ut informasjon om musikktilboda medan gruppa vår er i byen.

    (F)

    Onsdag 14. april - Leipzig
  • Dag 3: Torsdag 15. april - Mansfeld og Halle

    Denne dagen kan du velje om du vil nytte dagen på eiga hand i Leipzig, eller bli med på ei interessant utflukt til Mansfeld og Halle (mogleg val mot tillegg i pris).

    Vi reiser om morgonen til Mansfeld, byen der Martin Luther voks opp. Familien flytta hit då Luther var barn, og det var her store delar av barne- og ungdomsåra hans vart forma. Vi besøker foreldra sitt hus. I dag er dette eit spennande museum som gir innblikk i dagleglivet til bergmannsfamiliar på 1400-talet.

    I Mansfeld besøker vi også St. Georg-kyrkja, der Luther som skulegut song i kyrkjekoret og fekk si første religiøse opplæring. Kyrkja står framleis som eit viktig minne om tida før reformasjonen og gir eit nært møte med miljøet som prega den unge Luther.

    Turen går deretter vidare til byen Halle ved elva Saale. Her et vi felles lunsj før vi samlast ved Händel-monumentet på torget. Derfrå går vi til Händel-Haus, fødeheimen til Georg Friedrich Händel. Huset er i dag eit framifrå musikkmuseum og samstundes eit arkitektonisk smykke som gir eit fascinerande innblikk i livet og verket til ein av dei største komponistane i barokken. Vi set av god tid til besøket.

    På rundtur i Halle får vi sjå det vakre marknadstorget og det gamle rådhusmiljøet. Undervegs fortel Gunnstein om kardinal Albrecht von Brandenburg og residensslottet Moritzburg. Albrecht spelte ei sentral rolle i tida fram mot reformasjonen, og det var gjennom den omfattande avlatshandelen hans at Luther vart provosert til å formulere dei 95 tesane i 1517, eit oppgjer som skulle få enorme konsekvensar for kyrkja og Europa.

    Etter ei innhaldsrik dagsutflukt returnerer vi til Leipzig ut på ettermiddagen. Kvelden er fri til eigne opplevingar i den musikalske storbyen, kanskje med ein konsert eller ei hyggeleg middag i sentrum.

    (F)

  • Dag 4: Fredag 16. april - Eisenach og Weimar

    Etter ein god frukost på hotellet køyrer bussen oss til Eisenach, fødebyen til Johann Sebastian Bach og hovudstaden i delstaten Thüringen. Her besøker vi Bachhaus, eit flott musikkhistorisk museum der vi også får høyre ein liten konsert spela på historiske instrument. Huset der Bach var fødd, er borte for lengst, men i Bachhaus tek dei vare på Bach-historia i Eisenach. Lunsj på eiga hand i den idylliske byen.

    I Eisenach ligg også det flotte Lutherhaus, der Martin Luther budde frå 1498 til 1501 medan han gjekk på skule i byen. Vi avsluttar opphaldet i Eisenach med å ta turen opp til borga Wartburg. Her sat Luther «fanga» etter riksdagen i Worms i april 1521, av di han vart lyst fredlaus av keisaren og måtte gøymast vekk. Tida på Wartburg nytta han til å omsette Det nye testamentet frå gresk til tysk.

    Dinest køyrer bussen vidare til den historiske kulturbyen Weimar. Namnet er uløyseleg knytt til Weimar-republikken, det tyske forsøket på å skape eit parlamentarisk demokrati i perioden frå 1918 til 1933. I Weimar budde både Johann Wolfgang Goethe og Friedrich Schiller, og vi besøker Goethehaus, Schillerhaus, Nasjonalteateret og Haus der Weimarer Republik.

    Vi tek også ein byvandring gjennom den vakre byen, som i 1999 var europeisk kulturhovudstad i samband med markeringa av 250-årsjubileet for Goethe si fødsel. Undervegs får vi litt tid på eiga hand før vi ut på ettermiddagen reiser tilbake til Leipzig.

    (F)

  • Dag 5: Laurdag 17. april - Dresden

    Etter frukost reiser vi til Dresden, hovudstaden i delstaten Sachsen. Byen vart gjerne omtala som Elbflorenz på grunn av den vakre plasseringa ved Elbe og den imponerande samlinga av kunst, arkitektur og kulturskattar. Kunstnarar og intellektuelle søkte til byen, og blant mange andre oppheldt vår eigen målar J.C. Dahl seg her om vintrane.

    Mot slutten av krigen var Dresden den einaste av dei større byane i Tyskland som ikkje hadde vorte utsett for allierte bombinga. Mange søkte difor til byen då ein meinte at dei allierte ikkje ville bombe byen på grunn av alle kulturskattane. I tidsrommet 13.- 15. februar 1945 vart byen likevel bomba slik at store delar av sentrum vart øydelagd og mellom 20 000 og 25 000 menneske vart drepne av 400 000 brannbomber som jamna Dresden med jorda.

    I dag møter vi eit Dresden som i stor grad er gjenreist, og som på ny står fram som ein av dei vakraste byane i Tyskland. Vi får ei byvandring gjennom den historiske bykjernen og ser mellom anna Brühlsche Terrasse, den såkalla «balkongen mot Elbe», som gir ei flott utsikt over elva og byen.

    Vi besøker også Alte Meister, eitt av dei mest kjende kunstmusea i Europa. Her finn vi ei rik samling av måleri frå renessansen og barokken, med verk av kunstnarar som Rafael, Tizian, Rembrandt og Vermeer.

    Lunsj og middag denne dagen er på eiga hand.

    (F)

    Laurdag 17. april - Dresden
  • Dag 6: Søndag 18. april - Leipzig og Torgau

    Etter ein god frukost startar vi dagen med besøk i noteforlaget Peters. Her blir det ei spesiell orientering berre til gruppa vår om Edvard Grieg og tilhøvet hans til Peters, og vi får sjå rommet der pianostykka hans vart «prøvespelte» i samband med trykkingsprosessen.

    Bussen vår tek oss vidare til utkanten av Leipzig for å sjå på det gigantiske Völkerschlachtdenkmal. Minnesmerket vart reist til minne om folkeslaget ved Leipzig i 1813, då Napoleon leid nederlag mot dei samla styrkane frå Russland, Preussen, Austerrike og Sverige. Slaget var det største som til då hadde vore utkjempa i europeisk historie.

    Bussen køyrer oss så til den vesle og viktige byen Torgau, som ligg naturskjønt til ved Elben, som her flyt stille og sakte forbi i det flate landskapet. Her blir det lunsj på eiga hand.

    Hovudattraksjonen i byen er Schloss Hartenfells, som er eitt av dei vakraste renessanseslotta i Tyskland og var eit politisk sentrum under reformasjonen. Det var også eitt av dei mange slotta til den mektige kurfyrsten Friedrich der Weise. Han var ein viktig vernar og alliert av Luther. Dei to, Friedrich og Martin, møttest forresten aldri, men hadde mellommenn. Dette var eit genialt trekk av Friedrich, for utan medverknaden hans ville vel neppe Luther lukkast. Slottet har elles eit fantastisk flott vindeltrappehus, Wendelstein, som vi skal sjå nærmare på. Vi besøker også grava til Katharina von Bora, kona til Martin Luther.

    Seinare på ettermiddagen returnerer vi til Leipzig. Om kvelden samlast vi til felles avslutningsmiddag i nærleiken av hotellet, der vi kan gå gjennom opplevingane frå ei innhaldsrik reise gjennom tysk historie, kultur og musikk.

    (F, M)

    Søndag 18. april - Leipzig og Torgau
  • Dag 7: Måndag 19. april - Avslutning og heimreise

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut av hotellet og får ein ca. 2 ½ times busstur til flyplassen Berlin Brandenburg. Under turen vil Gunnstein Akselberg summere opp det det vi har sett og opplevd på denne kulturreisa, og Rasmus Sunde vil trekke trådane når det gjeld linjer i tysk historie.

    Fly til Oslo og Bergen der vi er framme utpå ettermiddagen.

    (F)

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
13/4BergenLeipzigMeir enn 823 550,-BestillMer informasjon
13/4OsloLeipzigMeir enn 822 950,-BestillMer informasjon
13/4Utan flyreiseLeipzigMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon