Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 8. februar - Frå Oslo til Gran Canaria

    Avreise med direktefly frå Oslo om morgonen. Ein kan også ordne flyreisa sjølv, og med det få redusert pris.

    Vel framme på flyplassen ved Las Palmas om ettermiddagen møter vi guiden vår Nina. Bussen vår køyrer oss til hotellet vårt, som ligg i nærleiken av den store badestranda Cantaras.

    Dei som ordnar reisa på eiga hand, ordnar transport til hotellet sjølve. Etter innsjekkinga møtest gruppa for eit velkomstmøte og informasjon om turopplegget. Det blir også tid til å kjøpe niste og drikke til vandreturen neste dag. Om kvelden blir det felles velkomstmiddag der vi blir betre kjende med kvarandre.

    (M)

  • Dag 2: Måndag 9. februar - Caldera de Bandama - den unge vulkanen

    Etter ein god frukost startar vi dagen med ein kort busstur (ca. 20 min.) frå hotellet vårt til Bandama. Dette er den yngste vulkanen på øya og vart forma for ca. 2000 år sidan. Vi startar vandreturen på knapt 2 timar i roleg tempo rundt kanten av krateret på ein kupert sti. Her får vi eit utruleg flott utsyn ned i Calderaen (gryta), over Las Palmas og utover landskapet i aust. Dette er ein relativt lett del av turen denne dagen.

    Etter ein god pause går vi ned i det berømte Bandama krateret (Caldera de Bandama), som var den første turistattraksjonen i Gran Canaria på 1800-talet. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studere dette krateret. Guiden vår Nina fortel om bakgrunnshistoria til naturfenomenet og elles om vegetasjonen i området.

    Turen ned og opp att er på knapt 6 km og har ein høgdeskilnad på totalt 500 meter. Enkelte parti er til dels litt bratte, men det er ein god sti. Vi anbefaler deltakarane å ta med stavar. Dette er ein medels tung tur, og om ein vil, treng ein ikkje gå heilt ned. Til slutt går vi innom kafeen og får oss forfriskingar. På veg tilbake til hotellet, stoppar vi i gamlebyen i Las Palmas, og Nina vil guide oss slik at vi vil få med oss viktige attraksjonar. Middag på eiga hand, og vi møtest gjerne på ein restaurant i eit lokale berre for gruppa.

    (F)

  • Dag 3: Tysdag 10. februar - Riscos de Chapin

    Etter frukost køyrer bussen oss frå hotellet til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Turen er på 8 km, er rimeleg lett og tek 4-5 timar med pausar. Det er stigning på 280 meter og 490 meter ned.

    Denne dagen går vi gjennom ei stor vulkangryte ved dei spesielle monolittklippene Nublo og Bentayga  og får eit spektakulært utsyn over det fantastiske landskapet. Det er skildra av den kjende forfattaren Unamuno som «Petrified Storm» eller på norsk “landskap som er stivna etter ein storm”, alt dette på grunn av dei spesielle formene på fjella, kløftene, monolittane og kraterkantane. Vi vandrar på kanten av krateret og tek oss etterkvart ned til den vakre byen Artenara. Her bur dei aller fleste innbyggarane i grottehus, og vi kan kikke på grottekapellet og grottemuseet før vi kan kjøpe ei forfrisking på ein koseleg kafe før bussen køyrer oss tilbake til hotellet (ca. 1 time).

    Om kvelden kan ein ete middag saman med reiseleiarar og dei som vil av deltakarane.

    (F)

    Tysdag 10. februar - Riscos de Chapin
  • Dag 4: Onsdag 11. februar - Siete Fuentes - toppturen

    Etter frukost køyrer bussen frå hotellet til Llanos de la Pez (ca. 1 time). Vandreturen er på ca. 9  km og vi går opp ca. 300 meter opp og ca. 600 meter ned, og vi brukar 4-5 timar med pausar. Denne vandringa er relativt lett, men litt krevjande i byrjinga.

    Vi startar vandringa ved å går oppover gjennom eit flott landskap så høgt ein kan nå til fots på øya, til over 1900 m over havet! Etter ein litt tøff stigning, får vi ei stor påskjøning når vi kjem opp på den høgste toppen på Gran Canaria, nemleg Pico de las Nieves. Her ventar ei magisk utsikt over store delar av øya og like bort til Tenerife om veret er klårt. På nedturen vandrar vi gjennom eit vakkert og levande jordbrukslandskap før vi avsluttar inne i byen med avslapping og forfrisking. Buss tilbake til hotellet tek ca. 50 min.

    Middag på eiga hand om kvelden saman med reiseleiarar og deltakarar.

    (F)

  • Dag 5: Torsdag 12. februar - Fridag i Las Palmas

    Dette blir ein avslappande dag der vi nyt sola og varmen med  vandring langs stranda og bading. Det er også ein dag der ein kan sjå meir av byen Las Palmas.

    (F)

  • Dag 6: Fredag 13. februar – Den tropiske Agaetedalen

    Etter frukost blir det avreise frå hotellet med buss til Fagagesto, som tek ca. ein time. Turen denne dagen er på 5 timar og er på 9 km med ein del bratte parti. Det er 230 meter stigning og 840 meter nedover og er rekna som medels tung. Ein kan også velje ein lettare variant frå Fagagesto til El Hornillo saman med Rasmus.

    Hovedturen startar frå Fagagesto og går ned ein spektakulær, grøn ravine med mange spennande plantar til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkanboble og vandrar opp ein gamal steinlagd sti som endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Her kan vi kjøpe oss kaffi eller noko anna å drikke på eit triveleg, lite hotell. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der bustadene er gravne ut av det vulkanske fjellet, går vi nedover til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av den tropiske Agaete-dalen. Her stoppar vi for ei forfrisking før vi får ein 40 min. busstur tilbake til hotellet.

    Middag på eiga hand om kvelden saman med reiseleiarar og deltakarar.

    (F)

  • Dag 7: Laurdag 14. februar – - Osoriogarden og den kanariske “jungelen”

    Etter frukost køyrer bussen oss i ca. ½ time til Osorio, der vandreturen startar. Dette er ein rimeleg lett tur på 8 km med 270 meter opp og ca. 350 meter ned og vi brukar vel 4 timar.

    Denne dagen skal vi gå gjennom ein vakker og svært spesiell lauvskog som ofte blir kalla jungel. Utruleg nok har denne skogen 18 ulike typar lauvtre.

    Vi startar vandreturen ved den historiske garden Osoria og tek ein tur inni kløfta for deretter å gå opp på den vesle toppen. Deretter vandrar vi ned gjennom eit nydeleg og levande kulturlandskap før vi avsluttar inne i Cueva Grande med avslapping og ei forfrisking. Buss tilbake til hotellet ca. 30 min.

    Avslutningsmiddag om kvelden i eit lokale berre for turgruppa.

    (F, M)

    Laurdag 14. februar – - Osoriogarden og den kanariske “jungelen”
  • Dag 8: Søndag 15. februar - Heimreise

    Etter ein lang og god frukost denne siste dagen, køyrer bussen oss til flyplassen. Fly til Oslo og framme om kvelden.

    (F)