Gjennom desse dagane saman skal vi bli betre kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Shetland består av om lag 100 øyar der 16 av dei i dag har busetnad. Sumburgh ligg vakkert til heilt syd på Mainland, den største av øyane. Området har eit rikt dyre- og fugleliv, og er vi heldige får vi sjå både ulike fuglar og sel under opphaldet vårt. Vi anbefaler å ha med kikkert. Om kveldane legg reiseleiar opp til små kveldsturar i nærområdet rundt hotellet.
Det blir direktefly frå Bergen til Sumburgh på Shetland. På flyplassen blir vi henta og køyrt til hotellet vårt. Her kan vi setje ifrå oss bagasjen, medan vi utforskar nærområdet. Det kan vere lurt å ete lunsj på Flesland eller ta med seg litt snacks i sekken, då det ikkje er lagt opp til noko organisert lunsj denne dagen.
Felles middag på hotellet om kvelden.
(M)
Etter ein god frukost køyrer bussen oss eit par timar nordvestover til Eshaness. Dette er ein av dei vakraste kyststrekningane på Shetland med høge klipper og imponerande steinformasjonar danna av havet som står hardt på her. Turen varer i om lag 2-3 timar med utgangspunkt frå fyret. Etter turen blir det lunsj på ein lokal restaurant. Etterpå legg vi opp til ein liten rusletur til Mavis Grind. Dette er ei lita landstripe der det på eine sida er Atlanterhavet og på den andre sida Nordsjøen.
Tilbake på Sumburgh, kan ein slappe av på hotellet eller ta seg ein rusletur i nærområdet. Om kvelden anbefaler vi å bestille middag på hotellet (ikkje inkludert i turprisen).
(F, L)
Heildagstur til Unst som er den nordlegaste av øyane som utgjer Shetland. For å komme dit skal vi ta to ferjer, så det blir tidleg frukost før vi dreg frå hotellet. Bussen tek oss heilt til nordspissen av Unst, der det blir ein om lag 3 timars vandretur ved Hermaness. Denne dagen er skildra av tidlegare deltakarar som den finaste på heile turen. Vi justerer dagen etter vêret og legg opp til fleire små stopp medan vi er på Unst.
Det er ikkje mange kaféar undervegs, så her må ein ha med seg matpakke (ikkje inkludert i turpris). Reiseleiar vil også informere om andre dagar, der det er nødvendig med matpakke.
Tilbake på Sumburgh kan ein slappe av på hotellet eller ta seg ein rusletur i nærområdet. Om kvelden anbefaler vi å bestille middag på hotellet (ikkje inkludert i turprisen).
(F)
Etter ein god frukost er vi klare for dagens vandretur i området rundt Shetlands høgste punkt, Ronas Hill. Fjellet (eller åsen for oss nordmenn) ligg 450 m over havet og er plassert litt nord for der vi bur, på Northmavine. Om det ikkje er tåke denne dagen, vil vi kunne gå heile vegen opp til fjelltoppen. På denne delen av Shetland er landskapet prega av raud granitt eller batholitt. Området er også rikt på arktiske og alpine plantar. Desse har truleg overlevd her frå før siste istid (om lag 10 000 år sidan). På Ronas Hill har vi med oss ein lokal guide som vil dele av kjennskapen sin om lokale plantar og landskapet.
Buss tilbake til Sumburgh om ettermiddagen og felles middag på hotellet om kvelden.
(F, M)
Etter frukost køyrer bussen oss til Scalloway som var hovudbasen for Shetlandsgjengen under 2. verdskrig. Vi køyrer via dalføret Tingwall på vegen over til Scalloway og legg opp til ein vandretur også denne dagen.
Vi gir oss god tid i Scalloway og stoppar ved monumentet som er sett opp til minne over nordmenn som miste livet på Shetlandsfarten. I tillegg får vi med oss Scalloway museum som har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg. Ved museet ligg også Scalloway Castle frå 1600-talet.
Etter besøket i Scalloway køyrer vi til Lerwick, der vi bruker resten av dagen som vi vil. Dei som ønskjer det, kan bli med reiseleiar på ein rusletur i byen. Her er mange koselege kaféar og nisjebutikkar. Det er triveleg å vandre langs gatene og i hamneområdet, og her kan ein også finne stader der scener frå krimserien «Shetland» vart spelte inn.
Om ettermiddagen går turen tilbake til Sumburgh. Lunsj og middag på eiga hand denne dagen.
(F, L)
Denne dagen er det utflukt til øya Mousa (mogleg val mot tillegg i pris). Etter frukost køyrer bussen oss til Leebitton i Sandwick, og derifrå tek vi ferja til øya Mousa, der det er ingen som bur i dag.
Mousa (Mosøy) og Mousa Broch (Mosøyborga) er nemnde både i Egilssoga og Orknøyingsoga. I Egilssoga står det om Bjørn Brynjolvsson frå Aurland som ville gifte seg med Tora Ladhand, systera til Tore Roaldsson i Fjordane. Korkje bror hennar eller far til Bjørn ville la han gifte seg med henne, og han tok henne difor med seg og rømde frå Norge. Dei kom ut for uroleg sjø og fekk skipet skadd ved øya Mousa, men fekk berga skipet i land. Der flytte dei inn i borga (Mousa Broch), og om hausten kom det eit skip frå Orknøyane. Folka på skipet fortalde at kong Harald hadde sendt bod om at Bjørn skulle drepast. Bjørn og Tora gifta seg på Shetland og overvintra i Mousa Broch. Så snart våren kom og det var råd å segle, drog dei nordover. Dei kom til Island og gjekk i land i Borgarfjord, der dei fekk bu på garden til Skallagrim. Med tida vart det forlik mellom Bjørn og Tore, og Bjørn og huslyden hans kunne dra tilbake til Sogn.
Vi skal vere på øya i 2-3 timar, så vi får tid til å vandre rundt og sjå oss om. Tårnet der Bjørn og Tora overnatta står enno. Tilbake i Sandwick køyrer bussen oss til Sumburgh.
Dei som ikkje blir med på denne utflukta, kan velje å slappe av på hotellet, eller til dømes reise inn til Lerwick, ta ein rusletur i byen eller gå på museum. Det går lokalbussar frå Sumburgh inn til hovudstaden. Spør resepsjonen eller reiseleiar om tips.
(F)
Etter frukost køyrer bussen oss til St. Ninian’s Isle, ei lita øy som er knytt til Mainland med ein sandbanke, ein såkalla tombolo. Øya er spesielt kjend for sølvskatten som vart funnen her i 1958. Vi går ein rundtur på ca. 2-3 timar i eit ope, grønt landskap langs vakre sandstrender. Buss tilbake til hotellet.
Om ettermiddagen satsar vi på ein rusletur opp til fyrtårnet Sumburgh Head, som ligg på ei klippe heilt i sør. Dette er ein fin tur frå hotellet.
Om kvelden er det felles avslutningsmiddag.
(F, M)
Dagen for heimreisa. Etter ein tidleg frukost, tek bussen oss til flyplassen. Direktefly til Bergen.
(F)