
14.-21. August 2027.
Velkomen med på vandretur i vikingane sine fotefar. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi skal bu i historiske omgjevnader på Sumburgh Hotel, eit hotell som er kjent for den historiske og sjarmerande atmosfæren. Området her er berømt for mange historiske utgravingar, blant anna Jarlshof. I 1897 vaska ei rekke harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste daterer seg heilt tilbake til steinalderen for over 4000 år sidan. Då vikingane kom hit og busette seg, sette dei også sitt preg på Jarlshof.
Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi legg opp til vandreturar på om lag 2-5 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Dei kan klassifiserast som relativt lette, men nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng. Det blir ein dag med ein noko lengre vandretur.












